The Smiths

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
The Smiths

Opphav England
Periode 1982 - 1987
Aktiv 1982–1987
Sjanger Rock
Plateselskap Rough Trade , EMI , Warner Records
Medlemmer Morrissey
Johnny Marr
Andy Rourke
Mike Joyce

The Smiths var ei engelsk rockegruppe som var aktiv fra 1982 til 1987 . Gruppa baserte seg pa latskrivarduoen Morrissey og Johnny Marr , og skreiv plateavtale med det uavhengige plateselskapet Rough Trade Records . Mange reknar The Smiths som det viktigaste alternativrock-bandet som oppstod pa den britiske indie -scena pa 1980-talet, og gruppa har hatt stor paverknadskraft pa seinare alternativ musikk; døme er Britpop -rørsla og grupper som The Stone Roses , Gene , Radiohead , Blur , Suede , Oasis , The Libertines og Doves . I byrjinga var gruppa særleg kjend for to ting: Dei uvanlege, morosame og kontroversielle lattekstane til Morrissey, og Marrs melodiar, som hjelpte gitarbasert musikk a koma pa føtene att etter at han hadde vore upopulær pa hitlistene i Storbritannia lenge. Gruppa sleppte i alt fire studioplater og og fleire samleplater pa mindre enn fem ar, sa vel som mange singlar.

Sjølv om gruppa ikkje naut kommersiell suksess utanfor Storbritannia medan dei framleis spela i lag, vann The Smiths ein veksande tilhøyrarskare bade i heimlandet og ute mot slutten av førre hundrear, og i dag er dei framleis kultheltar og kommersielle favorittar.

Soge [ endre | endre wikiteksten ]

Gruppa vart grunnlagd tidleg i 1982 av to Manchester -borgarar. Morrissey (Steven Patrick Morrissey, sjølv om han ikkje nyttar førenamna sine) var ein arbeidslaus skribent som var storfan av New York Dolls og leidde pønkbandet The Nosebleeds i ein kort periode. Johnny Marr (opphavleg Johnny Maher, han bytte namn for a unnga forvirring med trommeslagaren i Buzzcocks ) var allereie ein veldig gaverik gitarist med eit latskrivartalent, og han skreiv melodiane til Morrisseys tekstar gjennom heile tida gruppa spela i lag. Mike Joyce vart teken opp som trommeslagar etter ei kort prøvespeling. Dale Hibbert spela bassgittar i byrjinga, og sytte for demo-innspelingsutstyr ved studioet han arbeidde ved som ljodingeniør. Likevel vart han bytt ut med Marrs ven Andy Rourke etter to konsertar. Marr og Rourke hadde arbeidd i lag tidlegare i The Paris Valentinos saman med Kevin Kennedy, som seinare vart eit kjent namn i Storbritannia som Curly Watts i fjernsynsserien Coronation Street .

Namnet The Smiths [ endre | endre wikiteksten ]

Det nøyaktige opphavet til namnet pa gruppa er ukjent, sjølv om dei pastod at det var ein reaksjon mot namn dei rekna som overdrivne og pompøse, slik som til dømes Orchestral Manoeuvres in the Dark . Ein annan teori om bandnamnet er at det var ein slags ironisk vits at bandet hadde eit sa sær-engelsk namn nar alle medlemene var av irsk avstamming. Litt motstridande er det at Morrissey sa dette: ≪Eg avgjorde [at me skulle kalla oss ”The Smiths”] fordi det var slik eit vanleg namn, og eg tykkjer det er pa tide at dei vanlege folka i verda byrjar a visa seg.≫ Gruppa vurderte og namn som ≪Smiths Family≫ og ≪Smithdom≫ før dei slo seg til ro med ≪The Smiths≫.

Karriere [ endre | endre wikiteksten ]

Etter dei hadde skrive plateavtale med Rough Trade Records, sleppte dei fyrstesingelen “Hand in Glove≫ den 13. mai 1983. Denne utgjevinga ? slik alle dei seinare singlane ? vart promotert av DJ-en John Peel , men kom ikkje pa listene. Oppfylgjarane ≪This Charming Man≫ og ≪What Difference Does It Make?≫ greidde seg derimot betre. Hjelpt av mange lovord fra musikkpressa og ei rekkje studioinnspelingar for Peel og David Jensen ved BBC Radio 1 , byrja The Smiths a byggja seg opp ein trufast tilhøyrarskare ? noko som, særleg i Morrisseys tilfelle, framleis i dag ber kultpreg. Tekstane til Morrissey, sjølv om dei stundom kunne verka nedtrykkjande, var ofte breiddfulle av sardonisk humor , (The Smiths var ≪ei av fa grupper som kan fa meg til a le høgt≫, sa Peel) og dei triste songane om ulukkeleg kjærleik og framandgjering fann eit publikum mellom misnøgde ungdomar som var leie av dei allestadsnærverande synthgruppene som dominerte hitlistene pa den tida. Morrissey skreiv om daglegdagse ting; songar om sosiale tilhøve, og alt fra fortviling, det a verta avvist, og dauden , til vegetarianisme og engelsk musikkmiljø.

Gruppa hadde og ein veldig særeigen visuell stil. Album- og singel-omslaga hadde mangeleta bilete av film- og pop-stjerner, oftast i totonefargar, utforma av Morrissey og kunstkoordinatoren i Rough Trade, Jo Slee. Singelomslaga hadde sjeldan annan tekst enn namnet pa gruppa, og bilete av gruppa sjølv vart ikkje trykte pa nokon av omslaga pa utgjevingar i Storbritannia. (Morrissey dukka likevel opp pa eit alternativt omslag pa ≪What Difference Does It Make?≫, der han etterlikna posituren til personen pa det opphavlege biletet, Terence Stamp, etter at sistnemnde hadde protestert pa at eit bilete av han vart nytta.) Personane pa omslaga var eit uttrykk for Morrissey sine eigne interesser ? obskure stjerner eller stjerner fra kultfilmar (Stamp, Jean Marais, Joe Dallesandro, James Dean ), figurar fra britisk kultur pa 1960-talet (Viv Nicholson, Pat Phoenix, Yootha Joyce, Shelagh Delaney), eller bilete av ukjende modellar tekne fra gamle film- eller biletmagasin. I motsetnad til den eksotiske moten som var populær pa 1980-talet, slik han vart brukt av artistar som Spandau Ballet og Duran Duran , og framstilt i blad som The Face og j-D , kledde gruppa seg stort sett i vanlege klede ? dongeribukser og daglegdagse skjorter ? som spegla musikken, som søkte a ≪venda attende til røtene≫. Fra tid til annan nytta Morrissey effektar som til dømes eit (falskt) høyreapparat (for a stø ein kvinneleg fan som skjemdest over a bruka eit; sja Morrissey & Marr: The Severed Alliance av Johnny Rogan for meir om dette), briller med tjukke kantar, og han var kanskje best kjend for blomebukettane han hadde (som ofte lag tilfeldig plasserte i baklommene pa buksene hans).

Meat Is Murder [ endre | endre wikiteksten ]

Tidleg i 1985 sleppte The Smiths det andre albumet sitt, Meat Is Murder , som var meir aggressivt og politisk ladd enn det førre hadde vore; mellom anna i kraft av vegeterianisme -forkynninga tittelsporet innebar (Morrissey nekta resten av gruppa a verta fotograferte i situasjonar der dei at kjøt). Andre latar i denne leia inkluderte den anti-rojalistiske ≪Nowhere Fast≫ og ≪The Headmaster Ritual≫ og ≪Barbarism Begins at Home≫, som gjekk ut mot fysisk avstraffing av born . Musikalsk sett var bandet og vorte meir eventyrlyste, med rockabilly-riffa pa ≪Rusholme Ruffians≫ og bass-soloen til Rourke pa ≪Barbarism Begins at Home≫. Før albumet vart gjeve ut, kom B-sida ≪How Soon Is Now?≫ ut att pa nytt som singel, og sjølv om denne ikkje var med pa original-LP-en, vart laten teken med pa seinare nyutgjevingar. Meat Is Murder var det einaste av albuma til The Smiths (sett bort ifra samleutgjevingane) som nadde fyrsteplass pa britiske salslister.

I tillegg til at albumet var meir politisk enn det førre, vart Morrissey og meir politisk i intervjua som vart gjorde med han. Dette førte til enda meir kontrovers. Nokre av dei han ataka var Thatcher -regjeringa, det britiske monarkiet og Band Aid . Morrissey kom i rampeljoset da han uttalte at ≪ein kan ha all verdas omsut for folket i Etiopia , men det er ei heilt anna sak a syrgja for at det engelske folket lir kvar dag.≫

Den pafylgjande singelen ≪Shakespeare's Sister≫ (som ikkje vart teken fra albumet) var ingen suksess pa salslistene. Dette var heller ikkje den einaste singelen fra plata, ≪That Joke Isn't Funny Anymore≫. Mange rekna dette for a vera eit underleg singelval, med baklengsgitarane og mangelen pa noko som fekk lyttarane til a festa seg ved laten. Salslistene spegla dette; laten nadde so vidt over 50. plass. Men ≪The Boy With the Thorn In His Side≫ fra september 1985 synte at det fanst større ting i vente.

The Queen Is Dead [ endre | endre wikiteksten ]

I laupet av 1985 fullførte gruppa omfattande turnear i Storbritannia og USA, samstundes som dei spela inn det neste studioalbumet, The Queen Is Dead . Albumet vart sleppt i juni 1986, kort tid etter singelen "Bigmouth Strikes Again". Ei typisk blanding av det dystre (til dømes "Never Had No One Ever", som pa mange vis oppsummerte stereotypane om bandet), det tørrhumoristiske (til dømes "Frankly Mr. Shankly", som mange pastar a vera ei melding til Rough Trade-sjefen Geoff Travis forkledd som eit avskilsbrev fra ein tilsett til sin overordna) og mange latar som samanfatta desse to sidene (slik som "There Is A Light That Never Goes Out" og "Cemetry Gates"). Plata nadde andre plassen pa den britiske albumlista, og vert no som oftast sedd pa som den beste utgjevinga deira. I 1989 kara SPIN magazine The Queen Is Dead til "den beste plata nokonsinne" pa ei rangering. Etter dette har mange musikktidsskrift plassert albumet pa topp eller mellom topp ti i liknande rangeringar, til dømes NME og Melody Maker . I juni 2006 dedikerte NME eit heilt nummer til tjuearsjubileet for utgjevinga av plata.

Likevel var ikkje alt slik det skulle vera i gruppa. Rettsleg strid med Rough Trade forseinka albumet med nesten sju manader (det var klart allereie i november 1985), og Marr byrja kjenna pakjenningane av dei utmattande turneane. Seinare sa han dette til NME : "Pa felgen dekkjer ikkje helvta; eg var veldig sjuk. Da turneen var slutt, var alt pa veg til a verta litt... farleg. Eg drakk meir enn eg kunne takla." I mellomtida vart Rourke kasta ut or gruppa tidleg i 1986 pa grunn av vedvarande problem med heroin . Han fekk vita dette gjennom ein Post-it -lapp fest til frontruta pa bilen sin. Der stod dette: "Andy - du har slutta i The Smiths. Farvel og lukke til, Morrissey." Rourke vart mellombels bytt ut med Craig Gannon pa bass, men etter berre to veker kom han attende. Gannon heldt fram som rytmegitarist. Denne fem-manns-gruppa spela inn singlane "Panic" og "Ask" (med Kirsty MacColl pa bakgrunnsvokal) og turnerte Storbritannia; etter at turneen var slutt i oktober 1986, vart Gannon og sparka.

Strangeways, Here We Come [ endre | endre wikiteksten ]

1987 byrja lovande for gruppa. Singelen "Shoplifters of the World Unite" (ein av yndlings-Smiths-songane til Morrissey) vart sleppt tidleg det aret, til stor suksess pa listene -- so vel som mild kontrovers fra foreldre som var redde songen ville fa borna deira til a stela. Denne fylgdest av ei andre samleplate, The World Won't Listen (tittelen var Morrisseys frustrerte kommentar til det at gruppa ikkje møtte stor generell popularitet, sjølv om plata ironisk nok nadde andreplass pa albumlista), og singelen "Sheila Take a Bow", den andre (og siste medan gruppa framleis spela i lag) topp-ti-laten dei fekk i Storbritannia. Ei anna samleplate, Louder Than Bombs , var meint for utanlandske publikum og dekte mykje av det same materialet som The World Won't Listen , men med "Sheila Take a Bow" og material fra Hatful of Hollow lagt til, med di sistnemnde enno ikkje var utgjeven i USA.

Sjølv om gruppa opplevde suksess, skulle personlege stridar i gruppa - som til dømes det stendig meir spente tilhøvet mellom Morrissey og Marr - føra dei til randa av oppløysing. I august 1987 vart det kunngjort at Marr hadde forlate gruppa. Leiting etter ein innbytar for Marr - Roddy Frame vart sett opp til a slutta seg til bandet pa eit tidspunkt - skulle visa seg a vera nyttelause, og da Strangeways, Here We Come (oppkalla etter Strangeways Prison i Manchester ) kom ut i september, var ikkje gruppa meir. Ansvaret for samanbrotet i tilhøvet dei imellom har i stor grad vorte lagt pa Morrissey, som irriterte seg over samarbeidsprosjekta Marr hadde med andre artistar, og pa grunn av at Marr irriterte seg over Morrisseys mangel pa musikalsk fleksibilitet. Særleg hata Marr det at Morrissey pa daud og liv skulle gjera nyinnspelingar av latar at sekstitalsartistar som Twinkle og Cilla Black . Marr refererte til dei siste latane gruppa hadde spela inn i lag (B-sider til "Girlfriend in a Coma"-singelen, som kom ut før albumet) da han sa at "Eg skreiv "I Keep Mine Hidden," men "Work Is a Four Letter Word" hata eg. Det var verkeleg den siste dropen. Eg skipa ikkje ei gruppe for a framføra Cilla Black-songar."

Strangeways nadde andreplassen i Storbritannia, men vart berre ein mindre slager i USA. Sporet "Paint a Vulgar Picture" skulle syna seg a verta "sannspadd" i det at songane at gruppa kom til a verta "utgjevne og pakka pa nytt" i noko som verka som tallause samlealbum. Den rykteomspunne, 30 sekund-lange, videoen til "Girlfriend in a Coma" oppnadde a verta spela mykje pa MTV i USA. Albumet møtte lunka respons fra kritikarar, men alle dei fire gruppemedlemene oppgjev det som favorittplata si av dei dei laga. Eit par singlar til fra plata vart sleppte med tidlegare konsert-, studio- og demospor som B-sider. I 1988 kom konsertalbumet Rank (som vart spela inn i 1986, medan Gannon framleis var med i gruppa), som møte same suksess pa listene som dei tidlegare albuma.

Etter The Smiths [ endre | endre wikiteksten ]

Etter at gruppa var oppløyst, byrja Morrissey straks a arbeida med solo-materialet sitt saman med Strangeways... -produsenten Stephen Street og Vini Reilly , som og kom fra Manchester og spela gitar i The Durutti Column . Albumet dette resulterte i, Viva Hate (ein referanse til enden pa The Smiths), vart utgjeve seks manader seinare, og nadde fyrsteplassen pa britiske albumlister. Morrissey produserer og framfører framleis musikk pa eiga hand.

Johnny Marr vende attende til musikken i 1989 i lag med Bernard Sumner fra New Order og Neil Tennant fra Pet Shop Boys med "supergruppa" Electronic . Electronic sleppte tre album i laupet av det neste tiaret. Marr var og medlem av The The , som han spela inn to album med mellom 1989 og 1993. Marr har og jobba som studiomusikar og tekstforfattar for artistar som The Pretenders , Pet Shop Boys, Billy Bragg , Black Grape og Beck . I 2000 skipa han eit nytt band, Johnny Marr and the Healers , med ein moderat grad av suksess, og kom seinare til a arbeida som gjesteartist pa Oasis ' Heathen Chemistry . I tillegg til arbeidet hans som studioartist, har han og arbeidd som plateprodusent. I det siste har Marr arbeidd med Modest Mouses nyaste plate, der han til og med har hjelpt Isaac Brock a skriva nokre latar. Det har vorte kunngjort at Marr no reknast som eit fullfløgt medlem av gruppa og planlegg a reisa pa turne med dei. Marr har og spela inn musikk med Liam Gallagher fra Oasis.

Andy Rourke og Mike Joyce har heldt fram med a spela i lag; dette inkluderer studioarbeid med Morrissey (1988-1989) og Sinead O'Connor , i tillegg til a jobba kvar for seg. Rourke har spela inn og turnert med Proud Mary og formar for tida ei supergruppe med bassist Peter Hook (fra New Order og Joy Division ) og bassist Mani (fra The Stone Roses og Primal Scream ). Den nye gruppa skal heita Freebass . Han har nyleg byrja ein radiokarriere; han leier eit program pa XFM Manchester om laurdagskvelden.

Uavgjorde saker [ endre | endre wikiteksten ]

The Smiths møtte kvarandre att i retten i 1996 for a avgjera eit krav pa royalty fra Joyce mot Morrissey og Marr, som hadde teke mesteparten av fortenestene fra konsertar og innspelingar og berre hadde gjeve Joyce og Rourke ti prosent kvar (songrettar var ikkje eit tema, i og med at Rourke og Joyce aldri hadde vorte krediterte som komponistar og/eller latskrivarar for gruppa). Morrissey og Marr pastod at dei to andre medlemene av gruppa alltid hadde gatt med pa den fordelinga av inntektene, men retten samtykte med Joyce, og slo fast at han skulle fa 1 million britiske pund og fra no av fa tjuefem prosent. I og med at inntektene fra Smiths-tidene hadde vore frosne i to ar, tok Rourke - som var i pengenaud - til takke med ein mindre sum for a klara a betala ned gjeld, og heldt fram med a motta ti prosent. Domarane skildra Morrissey som "slu, aggressiv i sitt forsvar og upaliteleg." Vokalisten sa seinare at "[...] rettssaka synte soga om The Smiths i eit nøteskal: Mike, som pratar heile tida utan a fortelja noko; Andy, som er ute av stand til a hugsa sitt eige namn; Johnny, som freistar blidgjera alle utan a blidgjera nokon. Og Morrissey under avhøyr, med brennande søkjeljos vendt mot seg: 'Korleis vagar du ha suksess?' 'Korleis vagar du ga vidare?' For meg var The Smiths ei fin greie og det var Johnny som stakk, og Mike har øydelagt henne." Morrisseys soloalbum Maladjusted (1997) inkluderte ei lat kalla "Sorrow Will Come in the End" som kommenterte saka, og som vart fjerna fra den britiske utgava i otte for a verta møtt med klager om ærekrenking. Morrissey (men ikkje Marr) anka domen, men nadde ikkje fram.

Ting vermdest opp att pa nytt seint i november 2005. I ei BBC-radiosending hevda Mike Joyce at han hadde pengeproblem, og kunngjorde at han hadde byrja selja sjeldne opptak av gruppa pa eBay. Eit par minutt av ein instrumental kjend som "The Click Track" vart spela i programmet. Morrissey slo tilbake kort tid etterpa pa vevsida www.true-to-you.net. Tilhøva mellom Joyce og Rourke kjølna nemneverdig som resultat av uttalingane til Morrissey. I desse gjorde han det klart at Joyce hadde villeidd retten ved a ikkje fortelja at Rourke mellom anna var sikra pengar Joyces advokatar hadde fatt retten til fra Morrissey. Rourke hadde vorte snytt for royalty-utbetalingar fra Morrissey sidan dei allereie i skjul var overdregne til Joyce, som eigentleg var plikta a meddela dei andre (Rourke, Lillywhite og Street) at dei hadde rett pa desse pengane.

The Smiths' framtid [ endre | endre wikiteksten ]

Som fylgjer av rettssaka verka det ikkje som om ei atteining av The Smiths nokon gong kom til a henda, til trass for den tilsynelatande opptininga av tilhøvet mellom Morrissey og Marr som har funne stad dei seinare ara. Bade Johnny Marr og Morrissey har gjentekne gonger uttalt i intervju at det ikkje finst nokon sjanse for at ei atteining nokon gong kjem til a skje. I 2005 freista VH1 a fa gruppa saman att i Bands Reunited-programmet sitt. Programmet matte likevel gje opp dette forsøket da programverten Aamer Haleem ikkje lukkast i a fa tak i Morrissey før ein konsert.

I desember 2005 vart det kunngjort at Johnny Marr and the Healers ville spela pa Manchester v Cancer , eit velgjerande arrangement til fordel for kreftforsking . Dette vart arrangert av Andy Rourke og produksjonsselskapet hans Great Northern Productions . Rykta ville ha det til at The Smiths kom til a gjenoppsta pa denne konserten, men dei vart avkrefta pa Johnny Marrs vevside . Det som hende, var at Rourke og Marr gjekk pa scena saman ? for fyrste gong sidan The Smiths vart oppløyst ? og spela ”How Soon Is Now?”

Morrissey nektar a gjenforeinast med dei gamle bandkameratane sine, og gar so langt at han har uttala at han ”heller ville eta [sine] eigne testiklar enn a vera med pa ei gjenforeining av The Smiths - og det seier litt nar det kjem fra ein vegetarianar.” I mars 2006 avslørte Morrissey at The Smiths vart tilbydd fem millionar amerikanske dollar for a gjenforeinast for ein konsert ved Coachella Valley Music and Arts Festival, som han takka nei til. Han sa vidare dette: ”Nei, fordi pengar ikkje spelar noka rolle i denne samanhengen.” Han forklarte vidare at ”[det] var ei fantastisk reise. Og so enda ho. Eg ville ikkje at ho skulle ta slutt. Eg ville halda fram. [Marr] ville enda henne. Og det var det.” Da han vart spurd kvifor han ikkje ville at The Smiths skulle gjenforeinast, svara Morrissey at ”[eg] føler at eg har arbeidd veldig hardt etter The Smiths vart oppløyst og at dei andre ikkje har det, so kvifor gje dei merksemd dei ikkje har fortent? Me er ikkje vener; me treffer ikkje kvarandre. Kvifor i all verda skulle me vera pa ei scene saman?”

Tidsline 1982-1987 [ endre | endre wikiteksten ]

Diskografi [ endre | endre wikiteksten ]

Album [ endre | endre wikiteksten ]

1984 The Smiths
1984 Hatful of Hollow
1985 Meat is Murder
1986 The Queen is Dead
1987 The World Won't Listen
1987 Louder Than Bombs
1987 Strangeways, Here We Come
1988 Rank
The Smiths
Morrissey - Johnny Marr - Andy Rourke - Mike Joyce
Craig Gannon - Dale Hibbert
Diskografi
Albums: The Smiths | Meat Is Murder | The Queen Is Dead | Strangeways, Here We Come | Rank (konsert)
Samleplater gjeve ut av bandet: Hatful of Hollow | The World Won't Listen | Louder Than Bombs
Andre samleplater: Stop Me | Best...I | ...Best II | Singles | The Very Best of The Smiths
Plateselskap
Rough Trade Records