한국   대만   중국   일본 
Skule ? Wikipedia Hopp til innhald

Skule

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Elevar ved arbeidspultane i eit klasserom ved elitegymnaset Menntaskolinn Hraðbraut pa Island .

Ein skule eller skole er ein offentleg eller privat institusjon , eventuelt ein lærestad, der det blir undervist i fleire ulike fag , som regel for a gi born og unge kompetanse for eit yrkesliv som vaksne. Undervisinga gar føre seg gjennom eit samvirke mellom ein eller fleire lærarar som gjev undervising og ei gruppe eller klasse elevar eller studentar som far undervising. Ordet skule blir og nytta om sjølve bygningen der undervisinga gar føre seg. Skule kan og tyde stil- eller læredannande retning innan eit fag, og i vid forstand danning eller oppdraging .

I dei fleste landa er ein viss skulegang pakravd i løpet av oppveksten. Skuleplikta byrjar som regel nar barnet er seks eller sju ar og varer ofte til fylte 15 eller 16 ar. Slik er det ogsa i Noreg , og denne typen pliktig skulegang blir kalla grunnskule . I dag har alle rett til tre ars vidaregaande skule i tillegg til den tiarige grunnskulen.

Ordsoge [ endre | endre wikiteksten ]

Ordet skule eller skole fanst i to former allereie i norrønt , som skuli eller skoli . Ordet kan ha komme til norsk bade gjennom lagtysk schole , gammalengelsk scol eller eldre nederlandsk scoele - som u-en i nynorsk 'skule' kanskje kjem fra. Ordet kjem opphavleg fra gresk skhole 'fritid, kvild fra kroppsarbeid; sysselsetjing med lærdomsøvingar'. [1]

Shul er eit jiddisk ord som tyder 'skole' og som viser til ein synagoge .

Bilete [ endre | endre wikiteksten ]

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]