Russisk litteratur
er
litteratur
forfatta pa
russisk
i
Russland
eller av russisk-talande folk utanfor landet.
Russisk
litteraturhistorie
kan delast inn i fire avgrensa hovudperiodar ? den gammalrussiske (før
Peter den store
), litteratur fra tsartida, etter-revolusjonær litteratur og post-sovjetisk litteratur.
[1]
Den innverknadsrike litteraturkritikaren
Vissarion Belinskij
, fastsette aret
1739
som byrjinga pa den russiske litteraturen.
[1]
Den russiske revolusjonen
i 1917 med
statskuppet til bolsjevikane
gjorde i eitt slag ≪offisiell≫ russisksprakleg litteratur til eit propagandainstrument for
Sovjetunionen
.
[1]
Med maktovertakinga til
Gorbatsjov
i 1985 og samanbrotet til Sovjetunionen i 1991 blei det litterære klimaet igjen radikalt endra.
[1]
Det var fyrst pa 1800-talet at russisk litteratur kom i dialog med Vesten ? ikkje minst Frankrike ? og blei ein del av verdslitteraturen.
[2]
Her høyrer blant anna den russiske nasjonalskalden
Aleksandr Pusjkin
, dramatikaren
Anton Tsjekhov
og prosaforfattarane
Nikolaj Gogol
,
Ivan Turgenjev
,
Ivan Gontsjarov
,
Fjodor Dostojevskij
og
Lev Tolstoj
til. Blant 1900-talsforfattarane kan ein merka seg
Anna Akhmatova
,
Marina Tsvetajeva
,
Osip Mandelstam
,
Vladimir Majakovskij
,
Maksim Gorkij
,
Andrej Belyj
,
Jevgenij Zamjatin
,
Andrej Platonov
,
Mikhail Bulgakov
,
Vladimir Nabokov
(som seinare skreiv pa engelsk), og nobelprisvinnarane
Ivan Bunin
,
Boris Pasternak
(som blei tvinga til a avsla),
Mikhail Sjolokhov
,
Aleksandr Solzjenitsyn
(som kunne motta prisen etter a ha blitt tvinga i eksil) og
Joseph Brodsky
(som seinare blei amerikansk statsborgar og skreiv essay pa engelsk). I 2015 fekk den kviterussiske forfattaren
Svetlana Aleksijevitsj
, som skriv pa russisk, Nobelprisen for sine dokumentarromanar.
Den russiske litteraturen kan førast tilbake til innføringa av kristendommen i 988. Han bestod av omsetjingar av bysantinske helgenlegender, liturgiske bøker og evangelia (som
Ostromir-evangeliet
fra 1057) til
kyrkjeslavisk
. Fra 1000-talet blei det skrive originale verk i
Kievriket
. Nokre av dei viktigaste verka er legenda om
Boris og Gleb
, St. Theodosius-vitaet skrive av munken
Nestor
,
Nestorkrønika
(ca. 1113) og det kjende
Igorkvadet
(ca. 1187).
[3]
Tatarveldet
fra midten av 1200-talet gjorde det russiske omradet meir isolert fra Europa, slik at renessanseideane aldri kom dit.
[2]
Moskva
blei etter kvart det statsdannande senteret pa 1400-talet, og litteraturen blei sterkare knytt til staten og kyrkja.
[2]
Russarane overvann tatarane pa midten av 1500-talet under
Ivan IV
(den grusame). Med fallet til Konstantinopel for osmanarane og den auka makta i Moskva blei eit viktig tema i litteraturen korleis den austromerske andelege og verdseige makta blei overteken av Moskva. Munken
Philoteus
skreiv mellom 1514 og 1521 ein
epistel
till
Vasilij III
der han erklærte Moskva som eit tredje
Roma
etter Konstantinopel.
[1]
Moskvamakta bestilte ei rad omfattande oppslagsverk og kodifiseringar av lovar. Til desse høyrer
Velikije Minej-tsjeti
, eit enormt oppslagsverk over martyrar, og
Ulozjenije
('Lovboka').
[1]
Pa denna tida bløma og folkelitteraturen i form av
bylinaer
, episke heltesoger.
[2]
I heile denne perioden følgde litteraturen gamle mønster. Den rike folkediktinga som voks fram gjennom hundreara er av høg kunstnerisk verdi, men byrja først bli skriven ned pa 1600-talet. Det sjølvbiografiske vitaet til presten Avvakums er eit viktig litterært verk fra 1600-talet som etter at det blei gjeve ut i 1861 innleia ei rekkje av martyrforteljingar skrivne av dissidentar forviste til Sibir, i tsartida sa vel som under sovjetregimet.
[3]
Peter den store
sine reformer førte til snøgge endringar i
det russiske samfunnet
, med eit kulturelt skilje sa skarpt at det lenge var vanleg a hevda at russisk litteratur først hadde oppstatt pa 1700-talet.
[1]
Reformene fekk stor tyding for livet til overklassen, bade nar det galdt klede, vaner, sosialt liv og utdanning. Russarar blei sende til Vest-Europa for a studera og ein lærte seg i større grad framande sprak.
[1]
Som eit resultat av dette nye levesettet oppstod det ei enorm kulturell kløft mellom
adelen
og
allmugen
, noko som blei eit sentralt tema i russisk litteratur.
[1]
Fra midten av 1600-talet og utover pa 1700-talet blei dei bysantinske førebilda fortrengde av vesteuropeiske sjangrar og stilartar. Innverknaden kom først via Polen (polsk-jesuittisk skulebarokk). Det blei ogsa utvikla eit russisk litterært sprak etterkvart som kyrkjeslavisk viste seg a vera utilstrekkeleg for vyene til forfattarane.
[1]
Etter ei tid med sprakleg kaos følgde ei standardisering av det russiske litterære spraket.
[1]
Gjennom verk som 'Reglar for russisk versifikasjon' (1739), 'Kort rettleiing i veltale' (1748) og 'Russisk grammatikk' (1757) hjelpte
Mikhail Lomonosov
til med a grunnleggja det russiske
litteraturspraket
.
[4]
Store mengder
klassisk
og vestleg litteratur blei omsett til russisk.
[1]
Mikhail Lomonosov la grunnlaget for ein litteratur etter mønster av tysk barokk og fransk klassisisme, som etter kvart blei den herskande retninga pa 1700-talet.
Antiokh Kantemir
skreiv satirar og
Ivan Khemnitser
skreiv fablar, ein sjanger som blei perfeksjonert av
Ivan Krylov
. Den fremste tragedieforfattaren var
Aleksandr Sumarokov
, medan den satiriske komedien blei representert av
Denis Fonvizin
. Odediktaren
Gavrila Derzjavin
peika seg ut dette hundrearet.
[3]
Dei radikale ideane til dei franske opplysningsfilosofane blei kombinerte med danningsideala til frimurarane hja
Aleksandr Radisjtsjev
og
Nikolaj Novikov
. Ved slutten av 1700-talet innførte
Nikolaj Karamzin
den europeiske sentimentalismen, som i byrjinga av 1800-talet gjekk over i førromantikken, representert ved
Vasilij Zjukovskij
og
Konstantin Batjusjkov
.
[3]
1800-talet og tida fram til revolusjonen
[
endre
|
endre wikiteksten
]
Diplomaten
Aleksandr Gribojedov
skreiv ein satirisk komedie,
Den ulykke a ha forstand
(1822?23), som kombinerer nærmiljøskildring og konvensjonell klassisisme. Komedien gjorde lukke i manuskriptform, men sensuren hindra han fra a bli trykt eller oppført.
[5]
Aleksandr Pusjkin
førte saman straumdraga i tida i ein en syntese som oppheva ogsa dei klassisistiske stil- og sjangerkonvensjonane. Til krinsen kring han høyrde blant anna lyrikarane
Jevgenij Baratynskij
,
Denis Davydov
,
Anton Delvig
og
Nikolaj Jazykov
, som alle opptok klassisistiske og romantiske trekk i si dikting. Meir reindyrka romantikarar var
Dimitrij Venevitinov
og
Vladimir Odojevskij
, som begge var paverka av tysk romantisk filosofi, og den
Byron
-paverka
Mikhail Lermontov
. Representantar for den romantiske romanen var
Aleksandr Bestuzjev-Marlinskij
og
Mikhail Zagoskin
. Begge var lenge gløymde, men deira romantiske skildringar av russisk krigføring i
Kaukasus
har i nyare tid blitt teke opp att i postkolonial litteraturforsking.
[3]
Fra 1840-ara dominerte
realismen
. Denne blei innleidd av mellom anna Pusjkin sin prosa og Lermontov sin roman
Var tids helt
, men det var dei groteske satirane til
Nikolaj Gogol
som blei utgangspunkt for denne sterkt samfunnskritiske retninga. I dei følgjande tiara utvikla den realistiske romanen seg raskt og blei med
Fjodor Dostojevskij
,
Lev Tolstoj
og
Ivan Turgenjev
Russland sitt fremste bidrag til verdslitteraturen. Andre store namn er
Ivan Gontsjarov
,
Sergej Aksakov
,
Mikhail Saltykov-Sjtsjedrin
og
Nikolaj Leskov
. Den fremste dramatikaren i perioden var
Aleksandr Ostrovskij
.
[3]
Fra ≪populistane≫ (
narodniki
) kom det fra 1870-ara fleire skildrarar av liva til smafolk og bønder, mellom anna
Nikolaj Zlatovratskij
,
Gleb Uspenskij
og
Vladimir Korolenko
.
Utover i 1880- og 1890-ara fekk litteraturen ein pessimistisk grunntone som er avspegla i lyrikken til
Semjon Nadson
, novellene til
Vsevolod Garsjin
og forteljingane og skodespela til
Anton Tsjekhov
. Symbolisten
Andrej Belyj
fornya prosaen. Pa byrjinga av 1900-talet blei pessismismen nesten patologisk hja
Leonid Andrejev
, medan verka til
Maksim Gorkij
var prega av sosial tendens og romantisk tru pa mennesket. I hans krins fann ein mellom anna
Aleksandr Kuprin
og
Ivan Bunin
. Futuristen
Vladimir Majakovskij
stod fram som ein av leiarane for den russiske
modernismen
.
[3]
I lyrikken var
Nikolaj Nekrasov
representant for den samfunnskritiske diktinga, medan
Afanasij Fet
,
Apollon Majkov
,
Jakov Polonskij
,
Fjodor Tjuttsjev
og
Aleksej K. Tolstoj
heldt fram med tanke-, natur- og kjærleikslyrikken. I 1890-ara blei lyrikken fornya gjennom paverknad fra europeiske modernistiske retningar av ≪dekadentene≫
Konstantin Balmont
og
Fjodor Sologub
og symbolistane
Valerij Brjusov
,
Vjatsjeslav Ivanov
og
Aleksandr Blok
.
[3]
Den russiske revolusjonen
og borgarkrigen fra 1918 til 1921 og innføringa av
Sovjetunionen
markerer eit skilje i russisk litteratur. Mange forfattarar flykta fra landet, anten som følgje av den kaotiske tilstanden eller i opposisjon til det nye regimet.
Diktaren
Anna Akhmatova
fekk hemmeleg publiseringsforbod i 1925, medan
Marina Tsvetajeva
drog i eksil. 1920-ara hadde likevel rik variasjon og mange litterære grupperingar.
[3]
For ein generasjon unge forfattarar blei revolusjonen eit startskot for ein ny litteratur.
[6]
Som i litteraturen fra tsartida hadde sovjetlitteraturen eit eksperimentelt sprak og fokus pa tunge filosofiska spørsmal.
[1]
To forfattarar som hadde ei relativt fri haldning til sovjetregimet var
Ilja Ehrenburg
og
Isaac Babel
. Ehrenburg ironiserte over Sovjetunionen og var eit irritasjonselement for regimet pa 1920-talet. Seinare kom han til a endra retning og skriva litteratur som var meir i stil med det offisielle kulturprogrammet.
[7]
Isaac Babel skildra borgarkrigen og tok til ordet for viktigheita av litterær kvalitet i sovjetstaten. Han kom senare til a fengslast som pastatt spion og terrorist, og avrettast i 1940.
[7]
Det gjekk eit hovudskilje mellom dei kommunistiske proletarforfattarane og dei sakalla ≪medløparane≫ (poputsjiki), som ikkje ville engasjera seg politisk. Blant dei fremste proletarforfattarane var prosaistane
Aleksandr Fadejev
,
Dmitrij Furmanov
,
Fjodor Gladkov
og
Mikhail Sjolokhov
, dramatikarane
Konstantin Trenjov
og
Vsevolod Visjnjevskij
og lyrikarane
Demjan Bednyj
og
Aleksandr Bezymenskij
. Til ≪medløparane≫ høyrde prosaistane
Konstantin Fedin
,
Vsevolod Ivanov
,
Venjamin Kaverin
og
Leonid Leonov
, og lyrikaren
Nikolaj Tikhonov
. Medan proletarforfattarane stort sett følgde den realistiske tradisjonen fra 1800-talet, gjekk desse i høg grad inn for stilmessig fornying bade i poesi og prosa.
[3]
Proletarforfattarane tematiserte industrireisinga i landet. Særleg kjend blei
Fjodor Gladkov
sin roman
Sement
(1925), mønsteret for alle produksjonsromanar under
femarsplanane
fra 1928.
Under den første femarsplanen blei ogsa forfattarane mobiliserte ved at partiet i 1932 oppløyste alle forfattargruppene og samla dei i eit sameint forfattarforbund, som pa sin første kongress i 1934 under leiing av Maksim Gorkij proklamerte den sakalla
sosialistiske realismen
som forpliktande metode for alle sovjetforfattarar. Mange av ≪medløparane≫ slutta a skriva under den aukande einsrettinga, medan andre gjekk inn for det nye programmet. Blant dei beste skildrarane av femarsplanar og
kollektivisering
er
Leonid Leonov
,
Mikhail Sjolokhov
,
Valentin Katajev
og
Fjodor Panfjorov
. Den veksande sovjetpatriotismen og stalinkulten medførte fornying av den historiske romanen, med
Aleksej N. Tolstoj
som fremste representant.
[3]
Den andre verdskrigen førte med seg ein rik krigslitteratur, med namn som
Konstantin Simonov
,
Boris Gorbatov
,
Vasilij Grossman
,
Ilja Erenburg
,
Aleksandr Fadejev
,
Vera Inber
,
Nikolaj Tikhonov
og
Aleksandr Tvardovskij
, men utover i 1940-ara spelte gjenreising og nyreising størst rolle. Ved ein skarp resolusjon i 1946 mot ≪antifolkelege≫ tendensar i litteraturen, retta mot mellom andre Anna Akhmatova og
Mikhail Zosjtsjenko
, strama partiet igjen kontrollen. Etter at Stalin døydde i 1953 byrja nye diskusjonar om litteraturen si ≪skjønmaling≫ av røyndommen, men pa den andre kongressen til forfattarforbundet i 1954 blei den sosialistiske realismen gjort framleis forpliktande.
[3]
≪Avstaliniseringa≫ som tok til etter den 20. partikongressen i februar 1956 gav litteraturen friare kar. Fleire tidlegare fordømte forfattarar blei ≪rehabiliterte≫, og det blei gjeve ut mange sterkt kritiske verk, som
Ikke av brød alene
(1956) av
Vladimir Dudintsev
og
En dag i Ivan Denisovitsj' liv
(1962) av
Aleksandr Solzjenitsyn
. Eit friare emneval førte ogsa med seg ei stilistisk og formell fornying, mest utprega hja den unge diktargenerasjonen, med lyrikarar som
Bella Akhmadulina
,
Jevgenij Jevtusjenko
,
Robert Rozjdestvenskij
,
Jevgenij Vinokurov
og
Andrej Voznesenskij
, og prosadiktarar som
Vasilij Aksionov
,
Jurij Kazakov
,
Anatolij Kuznetsov
,
Jurij Nagibin
og
Vladimir Tendrjakov
.
[3]
Denne utviklinga fekk likevel tilbakeslag.
Boris Pasternak
blei tvinga til a seia fra seg Nobelprisen i 1958 etter valdsam hets, og matte gje ut romanen
Dr. Zjivago
i Vesten.
I 1960-ara følgde ei rekkje prosessar mot forfattarar og intellektuelle, som blei dømde for a ha gjeve ut antisovjetiske verk i utlandet (saka mot
Julij Daniel
og
Andrej Sinjavskij
i 1966), for a ha gjeve ut ulovlege verk og hatt samband med utanlandske antisovjetiske organisasjonar (saka mot
Jurij Galanskov
,
Aleksandr Ginzburg
og andre i 1968), for a ha teke del i protestdemonstrasjonar og for bakvasking av Sovjetunionen (prosessar i 1967?78 mot mellom anna
Vladimir Bukovskij
,
Vadim Delone
,
Pavel Litvinov
og
Aleksandr Jesenin-Volpin
). Straffene var tvangsarbeid, fengsel, forvising og innesperring i psykiatriske klinikkar. Mange andre forfattarar blei sende i
eksil
eller hoppa sjølv av.
[3]
Ein del forfattarar gav opp den tidlegare forfattarskapen sin for tryggare felt som barnebokproduksjon eller omsetjing. Andre, som
Valentin Katajev
,
Nikolaj Ostrovskij
og
Aleksej Tolstoj
, skreiv offisielt godkjend sovjetisk litteratur.
[1]
Fra 1960-ara og fram til
perestrojkatida
i 1980-ara fanst det ein relativt vidt utbreidd ikkje-offisiell, halvt illegal publiseringsmate i form av stensilerte trykk, sakalla
samizdat
('sjølvforlag'), som gav ut verk som ikkje blei gjevne ut av statsforlaga. I tillegg kom
tamizdat
('derforlag'), utgjeving pa vestlege forlag, det vil seia ein sovjetisk diaspora-litteratur, som i tillegg til emigrantlitteraturen ogsa omfatta verk smugla ut av landet. Fra midten av 1980-ara blei ei lang rekkje forbodne verk av mellom anna Akhmatova, Bulgakov, Platonov, Pasternak og Zamjatin offentleggjorde i Sovjetunionen.
[3]
Medan litteraturen i 1960-ara var moskvasentrert og dominert av lyrikk-avantgarden, med blant andre Jevtusjenko, Voznesenskij og Akhmadulina, ko det ved overgangen til 1970-ara ei forskyving i retning av prosaen, samtidig som provinsforfattarar gjorde seg stadig sterkare gjeldande:
Valentin Rasputin
fra Sibir, kirgisaren
Tsjingis Ajtmatov
, kviterussaren
Vasil Belov
og andre. Saman med dei sentralrussiske landsbyforfattarane, blant andre
Fjodor Abramov
og
Boris Mozjajev
, prega dei russisk litteratur fram til midten av 1980-ara. I motsetnad til bade den tradisjonelle sovjetlitteraturen og avantgardelyrikken konsentrerte dei seg om dagleglivet, om sorger og bekymringar til vanlege folk, samtidig som dei tok opp tema som framleis var heilt eller delvis tabu, som tvangskollektiviseringa, hungersnauda og konsentrasjonsleirane.
[3]
Slutten av 1900-talet var ei endringstid for russisk litteratur. Verk som hadde vore forbodne blei tilgjengeleg, og forfattarar som var blitt fratekne statsborgarskap kunne venda tilbake. Skiljet mellom litteratur fra innland og utland blei utviska. Pa denne tida oppstod ein eigen russisk
postmodernisme
som var rik pa radikal eksperimentering, sitat og
pastisj
.
[1]
Sjølv om skribentar stod friare til a uttrykka seg da sensuren forsvann med Sovjetunionen, paverka det politiske og økonomiske kaoset i 1990-ara bokmarknaden og litteraturen kraftig. Forlagsindustrien gjekk inn i ei krise, talet pa trykka bøker gjekk tilbake mange gonger i høve til kva det hadde vore under sovjettida, og det tok rundt eit tiar for industrien a reisa seg att.
Nokre av dei mest omtalte forfattarane fra denne perioden er
Viktor Pelevin
, som først blei populær med noveller og seinare med romanar, romanforfattaren og dramatikaren
Vladimir Sorokin
og diktaren
Dmitrij Prigov
. Kvinnelege forfattarar som novelleforfattarane
Tatjana Tolstaja
og
Ljudmila Petrusjevskaja
og romanforfattarane
Ljudmila Ulitskaja
og
Dina Rubina
har fatt større merksemd. Den klasisske russiske romantradisjonen har halde fram med forfattarar som
Mikhail Sjisjkin
og
Vasilij Aksyonov
.
Krimromanar er blitt ein populær sjanger i ny russisk litteratur. Pa 1990-talet blei krimseriar av
Aleksandra Marinina
,
Polina Dasjkova
og
Darja Dontsova
utgjevne i millionar av eksemplar. Det neste tiaret skreiv
Boris Akunin
sofistikert populærlitteratur, som ein serie om detektiven
Erast Fandorin
pa 1800-talet.
Science fiction og
fantasy
fekk eit oppsving seint pa 1990-talet med forfattarar som
Sergej Lukjanenko
,
Nick Perumov
,
Marija Semjonova
,
Vera Kamsja
,
Aleksej Pekhov
,
Anton Vilgotskij
og
Vadim Panov
. Ein god del moderne russisk science fiction og fantasy er blitt skriven i Ukraina, med
Kharkiv
i Aust-Ukraina som eit sentrum.
[8]
Pa 2000-talet tredde ein ny generasjon russiske forfattarar fram med verk som skilde seg fra den postmodernistiske russiske prosaen fra slutten av 1900-talet. Kritikarar omtalte stilen deira som ≪ny realisme≫.
[9]
Desse ≪nye realistane≫ hadde vakse opp etter at Sovjetunionen fall, og skreiv om kvardagsliv utan a bruka mystiske og surrealistiske element slik føregangarane deira hadde gjort. Viktige namn innan denne gruppa er Ilja Stogoff,
Zakhar Prilepin
,
Aleksandr Karasjov
,
Arkadij Babstjenko
, Vladimir Lortsjenkov og Aleksandr Snegirjov.
[10]
I nyare litteratur finn ein ogsa historiske romanar, til dømes av
Aleksej Ivanov
, samfunnsengasjert litteratur av til dømes
Sergej Sjargunov
og ulike hybridformer som nytta sjangertrekk fra (sjølv)
biografi
, dokumentar og skjønnlitteratur. Ein finn ogsa nasjonalpatriotisk litteratur hja til dømes
Aleksandr Prokhanov
og glamourlitteratur hja
Oksana Robski
.
[11]
- ↑
1,00
1,01
1,02
1,03
1,04
1,05
1,06
1,07
1,08
1,09
1,10
1,11
1,12
1,13
1,14
≪Russian literature≫
,
Encyclopedia Britannica
(pa engelsk)
, henta 18. januar 2019
- ↑
2,0
2,1
2,2
2,3
Nationalencyklopedin
,
pa internet
, 26. juni 2008, uppslagsord:
Ryska federationen
- ↑
3,00
3,01
3,02
3,03
3,04
3,05
3,06
3,07
3,08
3,09
3,10
3,11
3,12
3,13
3,14
3,15
Børtnes, Jostein; Lunde, Ingunn (10. april 2018).
≪Russlands litteratur≫
.
Store norske leksikon
(pa norsk).
(fri artikkel)
- ↑
Nationalencyklopedin
,
pa internet
, 27 juni 2008, uppslagsord:
Lomonosov, Michail
- ↑
Børtnes, Jostein (29. oktober 2018).
≪Aleksandr Gribojedov≫
.
Store norske leksikon
(pa norsk).
- ↑
Bernt Olsson & Ingemar Algulin:
Litteraturens historia i varlden
,
Norstedts Forlag
, Stockholm 2005, Fjarde upplagan, s. 540.
ISBN
91-7227-434-4
.
- ↑
7,0
7,1
Bernt Olsson
&
Ingemar Algulin
:
Litteraturens historia i varlden
,
Norstedts Forlag
,
Stockholm
2005, Fjarde upplagan, s. 541.
ISBN
91-7227-434-4
.
- ↑
≪Kharkov Ukraine≫
.
Ukrainetravel.com
. Henta 16. desember 2017
.
- ↑
≪Аристов, Денис (Aristov, Denis) “О природе реализма в современной русской прозе о войне (2000-е годы)≫
(PDF)
.
Journal Perm State Pedagogical University
. 2011
. Henta 24. april 2013
.
- ↑
Yevgeni Popov (21. april 2009).
≪Who can follow Gogol’s footsteps≫
(PDF)
.
Matec.ru
. Henta 22. april 2013
.
- ↑
Børtnes, Jostein; Lunde, Ingunn (3. januar 2020).
≪Russlands litteratur≫
.
Store norske leksikon
(pa norsk bokmal).
(fri artikkel)