Anna Akhmatova
(
23. juni
1889
–
5. mars
1966
) var
psevdonym
for
Anna Andrejevna Gorenko
, ein
russisk
lyrikar, omsetjar og litteraturvitar som vart kjend for sin melankolske og politiske lyrikk i ara før
oktoberrevolusjonen
i 1917.
Akhmatova er rekna som ein av dei viktigaste personane i
russisk litteratur
pa 1900-talet. I 1965 var ho nominert til
Nobelprisen i litteratur
. Ho vann
Taormina-prisen
i 1964 og vart
æresdoktor
ved
universitetet i Oxford
i 1965.
[1]
Anna Akhmatova hadde sjølv eit vanskeleg liv. Ho gjennomlevde
den russiske revolusjonen
og under andre verdskrigen
kringsetjinga av Leningrad
. Den første ektemannen hennar, Nikolaj Gumiljov, vart avretta i 1921; den tredje ektemannen, Nikolaj Punin, vart arrestert fleire gonger og døydde i ein fangeleir i 1953, og den einaste sonen hennar, Lev Gumiljov, hadde ei rekkje fengselsopphald fra 1930- til 1950-talet. Akhmatova uttrykte sorga som hustru og mor i eit av dei viktigaste dikta sine ?
Rekviem
. Sjølv vart ho overvaka og sensurert. Mange av verka hennar vart ikkje gjevne ut i Sovjetunionen medan ho levde, men først over tjue ar etter at ho døydde.
Anna Gorenko var fødd pa kurstaden Bolsjoj Fontan nær
Odessa
i dagens
Ukraina
, da ein del av
Tsar-Russland
.
Ho var det tredje barnet i ein syskenflokk pa fire døtrer og to søner. Far hennar, Andrej Antonovitsj Gorenko (1848?1915), var adelsmann,
[2]
maskiningeniør ved flaten og seinare kollegieassessor da familien flytta til hovudstaden Sankt Petersburg. Mor hennar, Inna Erazmovna Stogova (1856?1930), var i fjern slekt med diktaren og omsetjaren
Anna Bunina
(1774?1829).
Barndoms- og ungdomsara vart prega av skilsmalet til foreldra i 1905, og av faren sin motstand mot den poetiske verksemda til dottera. Da ho byrja gje ut dikt tok ho det
tatariske
etternamnet Akhmatova etter oldemora, for ikkje a krenke familienamnet.
[3]
Akhmatova byrja studere pa
universitetet i Kiev
, men flytta til
St. Petersburg
for a studere litteratur. Her vart ho mellom andre undervist av poeten, dramatikaren og essayisten
Innokentij Annenskij
, og vart mykje inspirert. Da Akhmatova var 21 ar gammal vart ho medlem av
akmeistane
, ei av Russlands leiande litteraturgrupper. ≪Det vakre, klare≫ i poesien skulle dyrkast i samklang med det enkle, hevda medlemene. Leiaren av gruppa, poeten og litteraturkritikaren
Nikolaj Gumiljov
, gifta seg i april 1910 med Akhmatova. Dei hadde bryllaupsreise til Paris, og Akhmatova møtte og vart venn med kunstnaren
Amedeo Modigliani
.
[4]
Kort tid etter bryllaupet la Gumiljov ut pa reise til
Afrika
og løvejakt. I tida 1910-1912 var Akhmatova sjølv i Paris to gonger og reiste rundt i Italia. Inntrykk fra desse reisene og vennskapen med Modigliani fekk stor paverknad pa forfattarskapen hennar.
≪
|
Eg merkar meg alt som nytt.
Poplane luktar vatt.
Eg teier. Teier, bur meg pa
a bli deg, jord, for godt.
|
≫
|
?24 (23. februar 1911,
Tsarskoje Selo
)
[5]
|
Under Gumiljovs fravære skreiv Akhmatova mange av dei dikta som seinare vart trykt i diktsamlinga
Aften
. Samlinga vart utgjeven i 1912, same aret som sonen Lev kom til verda, og viste forfattarens enkle men detaljerte stil. Dikta synleggjorde hennar poetiske genialitet og gav henne kultstatus i den russiske
intelligentsiaen
. I 1914 kom
Rosenkransen
ut, eit verk som skildra intimsfæren mellom mann og kvinne, og som pa mange matar bidrog til auka interesse mellom kvinner for poesi.
Det sterke bandet mellom mann og kvinne fanst ikkje i Akhmatovas privatliv. I 1919 skilde ho seg fra Gumiljov, som i mellomtida hadde meld seg til krigsteneste under
tsaren
sine faner. I staden gifta Akhmatova seg med assyriologen og diktaren Vladimir Sjileiko. Heller ikkje dette ekteskapet varte lenge. Paret vart separert i 1920 og skild i 1928. Gjennom livet hadde ho fleire forhold eller nære vennskap til kjente figurar som
Osip Mandelstam
,
[6]
Boris Pasternak
og
Aleksandr Blok
.
[7]
[8]
I 1921 vart Nikolaj Gumiljov avretta av
tsjekaen
(det hemmelege politiet) for antirevolusjonær verksemd. Kort tid etter avrettinga skreiv Akhmatova:
≪
|
Terror fingers all things in the dark,
Leads moonlight to the axe.
There's an ominous knock behind the wall:
A ghost, a thief or a rat...
[9]
|
≫
|
Avrettinga av Gumiljov og ei rekkje andre hadde ein sterk verknad pa russiske intellektuelle. Akmeismegruppa blei oppløyst, og Anna Akhmatova og sonen Lev blei merka som statlege fiendar. Lev blei seinare arrestert under utreinskingane pa 1930-talet pa grunn av kven faren var.
[10]
Trass i at ho var skild fra Gumiljov, sag Akhmatova seg tvinga til litterær togn etter utgjevinga av
Anno Domini MCMXXI
i 1922. Togna kan ogsa delvis forklarast med hennar nye ektemann, Nikolaj Punin, som seinare døydde i
Stalin
sine
gulagleirar
.
Verka til Akhmatova vart ofte nemnde i 1920-talets litterære disputtar, men ho var underlagt eit uoffisielt publiseringsforbod fra 1925 til 1940. Fra 1925 til 1939 og fra 1946 til 1955 vart det ikkje trykt nokon fullstendige utgaver av poesien hennar, bortsett fra dikta i diktsyklusen
Leve freden!
(1950).
[11]
Aktiviteten hennar gjekk av den grunn meir i retning litteraturkritikk og omsetjingsarbeid. Ho laga lovpriste omsetjingar av
Victor Hugo
,
Rabindranath Tagore
og
Giacomo Leopardi
og tok for seg verka til
Pusjkin
og
Dostojevskij
. Mange av Akhmatova sine forfattar- og kunstnarvener forlet Sovjetunionen i tida 1921?1953, av frykt for fengsling eller død. Fram til 1964 var ho sjølv underlagt eit utreiseforbod. Mange utanlandske sovjetkjennarar trudde ho hadde døydd.
[12]
[9]
I det ho sjølv kalla ≪dei vegetariske ara≫ hadde Akhmatova lite mat og nesten ingen pengar. Sonen blei utestengd fra akademiske studiar pa grunn av foreldra sine pastatte antistatlege aktivitetar.
[9]
Den statlege undertrykkinga hadde ein stor innverknad pa vennene hennar i St. Petersburg.
Mandelstam
vart deportert til ein gulagleir der han døydde i 1938. Akhmatova sjølv slapp savidt unna arrestasjon, men sonen Lev blei fengsla talrike gonger, skulda for antirevolutsjonær aktivitet.
[13]
Akhmatova stod ofte i kø i timevis for a gje han matsendingar og be for han. Ho skildra ei hending utanfor eit fengsel:
I dei grufulle ara da Jezjov var sjef for tryggingspolitiet, stod eg 17 manader, dagleg, i fengselskø i Leningrad. Alle kviskra der. Ein dag kviskra kvinna som stod bak meg inn i øret mitt med blafrosne lepper:
? Kan De skrive om dette?
Og eg sa:
? Det kan eg.
Da gleid noko som likna ein smil over det som ein gong hadde vore andletet hennar.
[14]
Akhmatova skreiv at i 1935 var det blitt slik at kvar gong ho var med nokon til jarnbanestasjonen for a ta farvel før dei drog i eksil, ville ho møta andre vener kvart steg av vegen som skulle dra med det same toget.
[15]
I diktarkrinsen hennar tok
Majakovskij
og
Jesenin
liva sine;
Marina Tsvetajeva
følgde i 1941 etter at ho kom tilbake fra eksil.
[9]
Mot slutten av 1930-ara byrja Akhmatova a skrive diktet
Rekviem
, eitt av hennar mest kjende verk. Diktet er vigd minnet om alle som vart offer for Stalins terror, men vart utgjeve fyrst etter Akhmatova var død. I 1939 gav Stalin løyve til a gje ut ei diktsamling, men samlinga vart trekt tilbake og destruert etter berre nokre manader.
[16]
I 1993, vart det kjend at styresmaktene hadde avlytta og overvaka henne konstant.
[17]
Sjølv om ho verket til Akhmatova var forbode offisielt, fortsette det a sirkulera i løynd.
[6]
[18]
Ein nær venn av Akhmatova,
Lydia Tsjukovskaja
, har skildra korleis forfattarar heldt poesi i live ved hjelp av ulike teknikkar, til dømes ved a læra verka til kvarandre utanboks og berre dela dei munnleg. Ho har fortald korleis Akhmatova kunne skriva ned eit av dikta sine for ein besøkande pa ein papirbit; etter at det var lese vart det brend i omnen hennar. Dikta hennar kunne spreiast i løynd pa denne maten, men mange er truleg gatt tapt.
[19]
[20]
Under
andre verdskrigen
var Akhmatova evakuert fra Leningrad (St. Petersburg). Ho byrja skriva 'Dikt utan ein helt', som ho gjorde ferdig eit utkast av i
Tasjkent
, men fortsette a arbeida pa i tjue ar. Diktet var dedikert til vennane hennar og borgarane i Leningrad som døydde under den 900 dagar lange omleiringa.
[21]
Ho vart evakuert til
Tsjistopol
varen 1942 og deretter til Tasjkent i Usbekistan, som var grønare og tryggare, saman med andre kunstnarar, som
Sjostakovitsj
.
[22]
[23]
Ho kom tilbake til Leningrad i mai 1944.
Akhmatova matte atter bøye seg for den politiske overmakta i 1946, da det vart kjend at den vestlege, liberale og jødiske
Isaiah Berlin
hadde besøkt Akhmatova. Sekretæren i sentralkomiteen,
Andrej Zjdanov
, fekk Akhmatova ekskludert fra forfattarunionen.
[24]
[25]
Sonen Lev vart arrestert att i 1949 og dømd til ti ar i ein fangeleir i Sibir.
[26]
Dei pafølgjande ara verka Akhmatova for a fa han frigjeven, og for a oppna dette skreiv ho for første gong ope propagandissk poes, 'I lovprising av freden' som ope støtta Stalin og regimet hans.
[27]
Lev vart først frigjeven i 1956, lenge etter at Stalin var død.
[27]
Det er usikkert om dei pro-stalinistiske verka hennar hjelpte Lev, men dei kan ha redda livet til Akhmatova. I alle høve tok ho aldri med desse propagandadikta i dei offisielle diktsamlingane sine.
[23]
[27]
Akhmatovas forfattarskap heldt fram i det skjulte i mange ar. Statusen hannar vart delvis oppreist etter Stalins død i 1953. I 1958 byrja ho pa nytt a publisere sine litterære arbeid, men stendig sterkt
sensurert
. Ho fortsette a dikta, omsetja og arbeida med Pusjkin og sine eigne memoar.
[28]
Ho prøvde ogsa a rekonstruera det halvbiografiske teaterstykket
Enuma Elish
fra 1940-ara, som ho hadde brent i frykt for straff.
[29]
Akhmatova vart etterkvart æra bade i heimlandet og i vesten. I 1962 vitja den amerikanske diktaren
Robert Frost
henne. Isaiah Berlin prøvde ogsa a vitja henne att, men ho nekta a sja han ettersom ho frykta at sonen kunne arresterast att pa grunn av tilknytinga hennar til den ideologisk suspekte filosofen.
[6]
[28]
Ho inspirerte og radgav ei rekkje unge sovjetiske forfattarar. Til
datsjaen
hennar i
Komarovo
kom diktarar som
Jevgenij Rejn
og
Josif Brodskij
, som ho rettleia.
[30]
Brodskij vart arrestert i 1963 og internert for ≪
sosial parasittisme
≫. Han vann seinare Nobelprisen i litteratur (1987) og vart
Poet Laureate
(1991) i eksil i USA.
[30]
Som ein av dei siste gjenlevande viktige diktarane fra den russiske sølvalderen vart Akhmatova endeleg æra av dei sovjetiske styresmaktene som ein god og lojal representat for landet.
[31]
I 1965 fekk ho løyve til a reise utanlands, i det ho var tildelt Etna-Taormina-prisen og eit æresdoktorat ved universitetet i
Oxford
. To ar før ho døydde vart Akhmatova vald til formann i forfattarunionen.
I november 1965, kort tid etter at ho hadde vore i Oxford, fekk Akhmatova hjarteattakk og kom pa sjukehus. Ho vart flytta til eit sanatorium i Moskva varen etter. Her døydde ho 5 mars 1966. Det vart halde to minnemarkeringar i Moskva og Leningrad, med tusenvis av folk til stades. Anna Akhmatova ligg gravlagd pa kyrkjegarden i Komarovo.
[32]
Fleire kunstnarer laga portrett av Anna Akhmatova.
[33]
Det første grafiske portrettet av henne (bortsett fra Amedeo Modigliani sin teikning fra 1911) vart utført av Savelli Sorin (Petersburg, 1913 eller 1914).
[34]
Modigliani stod bak Akhmatova sitt eige favorittportrett, som ho alltid hadde pa rommet sitt.
[35]
Andre portrettørar var N.J. Danko (skulptert portrett, 1924 og 1926), T.N. Glebova (1934), V. Milasjevskij (1921), J. Annenkov (1921), L.A. Bruni (1922), N. Tyrsa (1928), G. Verejskij (1929), N. Kogan (1930), B.V. Anrep (1952), G. Nemenova (1960?1963) og A. Tysjler (1943). Mindre kjende er dei teikna silhuettane av Akhmatova fra 1936 utført i
Voronezj
av S.B. Rudakovij.
[36]
-
Anna Akhmatova teikna av Modigliani, 1911.
-
Akhmatova portrettert av Savelli Sorin i 1913-1914
-
Portrett av Akhmatova av Olga Della-Vos-Kardovskaya, 1914.
-
Nathan Altman
. Portrett av Anna Akhmatova, 1914.
Det russiske museet
-
Kuzma Petrov-Vodkin
. Portrett av Anna Akhmatova , 1922
-
Skulptur av Akhmatova i St. Petersburg
- Вечер
. Sankt Petersburg 1912.
- Чётки
. Sankt Petersburg 1914.
- Белая стая
. Petrograd 1917.
- Подорожник
. Petrograd 1921.
- Anno Domini MCMXXI
. Petrograd 1922.
- Из шести книг
. Leningrad 1940.
- Реквием
(Rekviem). Munchen 1963.
- Бег времени
. Samla dikt 1909?1965. Moskva-Leningrad 1965.
- Norsk
- Svensk
- ↑
Børtnes, Jostein; Lunde, Ingunn (25. februar 2020).
≪Anna Akhmatova≫
.
Store norske leksikon
(pa norsk bokmal).
- ↑
Аnna Achmatova // Krugosvet.
- ↑
Amanda Chejt
Anna Achmatova. Potitjeskoje stranstvije. Dnevniki, vospominanija, pisma.
Arkivert
2016-09-15 ved
Wayback Machine
. ? 1991
- ↑
Volkov, Solomon (2010).
St Petersburg: A Cultural History
. Simon and Schuster. s. 162?163.
ISBN
978-1-4516-0315-6
.
- ↑
Eg kviskrar det i svart kladd : Osip Mandelstam og andre akmeistar
. Oslo: Samlaget. 2000. s. 24.
ISBN
8252157173
.
[Gjendikta av
Jo Eggen
]
- ↑
6,0
6,1
6,2
Slate Magazine
, "Anna Akhmatova: Assessing the Russian poet and femme fatale" by
Clive James
, 5 February 2007.
- ↑
Wells (1996) s.10
- ↑
Profile of Anna Akhmatova, Academy of American Poets
- ↑
9,0
9,1
9,2
9,3
Martin (2007) s. 7
- ↑
Akhmatova, Trans. Kunitz and Hayward (1973) s.15-16
- ↑
Rubintjik О.
Anna Achmatova och den sovjetiska censuren.
, arkivert fra
originalen
6. juni 2016
, henta 5. august 2020
- ↑
Harrington (2006) s. 16
- ↑
Harrington (2006) s. 17
- ↑
Anna Akhmatova (1991).
Rekviem
. Oslo: Det Norske Samlaget.
ISBN
9788252138535
.
[Gjendikta av Halldis Moren Vesaas]
- ↑
Wells (1996) s. 15
- ↑
Harrington (2006) s. 18
- ↑
Rappaport, Helen
(2002)
Joseph Stalin: a biographical companion.
ABC-CLIO
s. 2;
ISBN
1-57607-208-8
- ↑
Booker, M.K. (2005),
Encyclopaedia of Literature and Politics:Censorship, Revolution, and Writing Vol. 1 A-G.
Greenwood s. 21;
ISBN
0-313-32939-7
- ↑
Wells (1996) d. 67
- ↑
Michael Specter (6. juni 1995).
≪St. Petersburg Journal; If Poet's Room Could Speak, It Would Tell of Grief≫
.
The New York Times
. Henta 2. juni 2011
.
- ↑
Martin (2007) s. 10
- ↑
Anna of All The Russians: The Life of Anna Akhmatova by Elaine Feinstein henta 13. august 2018
- ↑
23,0
23,1
Bayley, John (1984)
Selected Essays
Cambridge University Press. ≪The greatness of Akhmatova: Requiem and Poem Without a Hero translated by DM Thomas≫. s. 140-142;
ISBN
0-521-27845-7
- ↑
Martin (2007) s. 12
- ↑
"Akhmatova, Anna"
Who's Who in the Twentieth Century
. Oxford University Press, 1999. Oxford Reference Online.
- ↑
Martin (2007) s. 11
- ↑
27,0
27,1
27,2
Wells (1996) s. 21
- ↑
28,0
28,1
(1996) Wells s. 23
- ↑
Polivanov (1994) s. 213-214
- ↑
30,0
30,1
Martin (2007) s. 2
- ↑
Wells (1996) s. 22
- ↑
McReynolds, Louise; Neuberger, Joan (2002).
Imitations of life: two centuries of melodrama in Russia
. Duke University Press. s. 293.
ISBN
0822327902
.
- ↑
I hundra speglar. Anna Achmatova i samtida portratt / Forord. N. I. Popovoj. О. Е. Rubintjik. Texter om portratten ? Т. S. Pozdnjakovoj, text om Achmatovas sjalvportratt ? О. Е. Rubintjik, оm I.A. Brodskijs portratt ?E. B. Korobovoj. Konstnarsbiografi ? G. P. Balog, Е. L. Кurnikovoj. ? Мoskva 2004.
- ↑
Tolmatjev: Achmatova i konsten
, arkivert fra
originalen
4. mars 2016
, henta 5. august 2020
- ↑
Ljobimova, Antonina Vasiljevna. Anteckningar om moten // Om Anna Achmatova: Dikter, essaer, hagkomster, brev. ? Leningrand.: Lenizdat, 1990. ? S. 254.
- ↑
Portratt av Anna Achmatova i kronologisk ordning