한국   대만   중국   일본 
RMS ≪Titanic≫ ? Wikipedia Hopp til innhald

RMS ≪Titanic≫

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
RMS ≪Titanic≫
Karriere
Namn: RMS (ogsa SS) ≪Titanic≫
Eigar: White Star Line
Registreringshamn:
Byggherre: Harland and Wolff
Byggjenummer: 401
Jomfrutur: 10. april 1912
Lagnad: Sokk etter a ha treft eit isfjell, 14. april 1912
Generelle eigenskapar
Lengd: 269 m
Dekkbreidde: 28 m
Djupgang: 10,54 meter
Fart: 23 knop
Passasjerar: 1324
Mannskap: 899
Teikning av forliset, av Willy Stower

RMS (ogsa SS ) ≪Titanic≫ var eit britisk passasjerskip som forliste pa jomfruturen sin mellom Southampton og New York . Seint om kvelden 14. april 1912 trefte skipet eit isfjell , og over midnatt 15. april sokk skipet. ≪Titanic≫-forliset , der mellom 1350 og 1512 personar omkom og berre 705 overlevde, er ei av dei største og mest kjende maritime katastrofane i fredstid. Det nøyaktige talet pa omkomne er aldri fastslatt. Reiarlaget (White star line/Cunard) oppgav eitt tal, Handelsdepartementet eitt anna, og granskingskommisjonen eitt tredje.

Skipet [ endre | endre wikiteksten ]

White Star Line -skipet ≪Titanic≫ var eit passasjerskip i ≪Olympic≫-klassa. Det vart bygd ved Harland & Wolf's batbyggeri i Belfast. Da det vart bygd var det det største skipet i verda og blant dei mest luksuriøse. Skipet var 269 m langt og 28 m bredt og var i si tid verdas største passasjerskip. ≪Titanic≫ bar prefikset RMS ( Royal Mail Steamer ) i tillegg til SS ( Steam Ship ), fordi det frakta post under kontrakt med det britiske postverket. Skipet hadde fire skorsteinar, men berre tre av dei var i bruk ? den fjerde var ein sakalla ≪dummy≫, lagt til for a gje inntrykk av eit sterkare skip, og vart berre nytta til avtrekk fra byssa. ≪Titanic≫ hadde eit mannskap pa 885 (884) og var bygd for 3300 passasjerar. Skipsskroget var inndelt i fleire seksjonar, slik at skipet ville halde seg flytande sjølv om delar av skroget vart fylt med vatn.

≪Titanic≫ var det første og siste pa ei rekkje omrade. Det var det siste passasjerskipet som opererte med tre strengt frakilde klassar. Det skal ogsa ha vore det fyrste som tok i bruk SOS som naudsignal i staden for CQD, som da var det vanlege.

Jomfruturen og forliset [ endre | endre wikiteksten ]

≪Titanic≫ forlet Southampton den 10. april klokka 12 og sette kurs for Cherbourg i Frankrike og deretter Queenstown (na Cobh ) i Irland for a sleppe av og pa passasjerar. Deretter sette det over Atlanteren med kurs for New York - med 1316 passasjerar og eit mannskap pa 885. Planen var at ≪Titanic≫ skulle vere i New York berre sju dagar seinare. Kaptein under overfarten var den erfarne Edward J. Smith . Om bord var ogsa konstruktøren av skipet, Thomas Andrews , og direktør for White Star Line J. Bruce Ismay .

≪Titanic≫ mottok ei rekkje atvaringar om isfjell og tok omsyn til dette ved a leggje kursen om lag 20 km lenger mot sør, men ein sette ikkje ned farten pa skipet. Klokka 22.45 pa pos. 41° 46’ N , 50° 14’V, den 14. april 1912, fekk utkikksmannen Fredrick Fleet auge pa eit stort isfjell og fekk varsla styrmannen som beordra skipet til a ta ein krapp babordsving og reversere propellane for a styre unna. Dette var ikkje tilstrekkeleg, og skipet trefte isfjellet pa styrbord side. Isfjellet laga ei rivne som gjekk langs fem av de vasstette romma i skroget, eitt meir enn det skipet kunne tole. Etter kvart som skipet sokk fløymde vatn over i dei neste romma.

Det var tidleg klart at skadane var alvorlege nok til a senke skipet, og livbatane vart klargjort for evakuering av skipet. Sidan reglementet omkring livbatkapasitet pa den tida berre tok omsyn til skipet si vekt og ikkje passasjertal, hadde ikkje ≪Titanic≫ nok livbatar til alle om bord. Dette trass i at skipet hadde fleire livbatar om bord enn det regelverket stilte krav om. Dei livbatane som var tilgjengelege vart i alle høve ikkje fylte opp, til dømes vart den fyrste livbaten med plass til 65 personar sett pa vatnet med berre 28 personar. Det var ogsa ein livbat berekna for 65 personar som vart sjøsett med berre 12.

Om lag kl 02:10 gjekk propellane over vatnet og andre skorstein fall av. Skipet reiste seg til 45 graders vinkel og folk nærast ≪aka≫ nedover skipsgolvet. Kort tid etter knakk Titanic i to pa grunn av spenningar i skroget. Titanic knakk mellom tredje og fjerde skorstein. Akterenden reiste seg opp med ein vinkel pa 90 grader. Det blei staande og ≪duppe≫ litt i vatnet før det sa byrja a søkkje ? ≪som ein heis≫ som overlevande sjefskokk sa. Titanic sokk omtrent kl 02:20.

1 512 (nokre kjelder hevdar 1 356) passasjerar og mannskap omkom, dei fleste grunna det kalde vatnet. 705 personar overlevde. Blant dei overlevande var det dessuten to hundar. Bade kapteinen og skipsbyggaren Andrews omkom, medan direktør Ismay vart redda.

Dei overlevande vart plukka opp av Cunard -skipet ≪Carpathia≫ og tekne med til New York. 328 omkomne vart funne og dei fleste av dei vart gravlagd i Halifax i Nova Scotia .

Etter forliset [ endre | endre wikiteksten ]

Tapet av ≪Titanic≫ kom som eit sjokk pa publikum, og vart ein kraftig lærepenge.

Ein organisert ispatrulje i Nord-Atlanteren vart oppretta i kjølvatnet av forliset. Denne vert enno driven av den amerikanske kystvakta. Nye reglar om talet pa livbatar vart laga. I tillegg vart konstruksjonen av skipskrog endra og fleire skip fekk dobbeltskrog med to lag (≪Titanic≫ hadde dobbel botn men ikkje dobbelt skrog).

Vraket vart funne 1. september 1985 av eit fransk-amerikansk team leia av Jean-Louis Michel og Robert Ballard . Oppdaginga av vraket stadfesta at skipet hadde brotna i to.

Forliset har vorte dramatisert i fleire filmar, mest kjend er den oscarløna Titanic fra 1997 , regissert av James Cameron . Mange reknar derimot filmen A night to remember fra 1958 som den beste. Filmen er basert pa Walter Lord si bok med same namn. Det er og utgjeve mange bøker om Titanic-forliset.

Meir om ulike passasjerar [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sja Norske passasjerar ombord pa RMS ≪Titanic≫ .

Det var 31 norske statsborgarar om bord. 28 av desse var pa tredjeklassedekket, medan berre Arne Fahlstrøm var passasjer pa andre klasse medan far og dotter Østby reiste pa første klasse. I alt omkom 21 nordmenn under forliset. Nordmannen Olaus Abelseth overlevde og vitna for granskinga til det amerikanske senatet.

I 2007 var berre to overlevande etter forliset i live: Barbara Joyce West Dainton og Elizabeth Gladys ≪Millvina≫ Dean .

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: RMS ≪Titanic≫

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]

  • Walter Lord: Titanic: Skipet som ikke kunne synke oversatt, (med tillegg om norske passasjerer av Jostein Nyhamar ): Oslo 1988 Cappelen. Original tittel: ≪A night to remember≫. ISBN 82-02-17568-2

Boka inneheld komplette passasjerlister.