Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Pierre Curie
(
15. mai
1859
–
19. april
1906
) var ein fransk vitskapsmann, gift med
Marie Curie
som han delte eine halvdelen av
Nobelprisen i fysikk
med i
1903
, for a ha oppdaga grunnstoffa
radium
og
polonium
. Han gjorde banebrytande arbeid innan
krystallografi
,
magnetisme
,
piezoelektrisitet
og
radioaktivitet
.
Curie var fødd i Paris. Han fekk undervising heime av far sin, og utvikla tidleg ei interesse for
matematikk
og
geometri
. 18 ar gammal blei han laboratorieassistent ved
Sorbonne
. Der studerte han mellom anna oppbygginga av
krystallar
. Saman med broren
Jacques
oppdaga han
piezoelektrisiteten
.
I
1894
møtte han
Marie Sklodowska
. Dei gifta seg eitt ar seinare og byrja eit fruktbart forskingssamarbeid som mellom anna førte til oppdaginga av to nye radioaktive grunnstoff,
polonium
og
radium
. Ved hjelp av
magnetiske felt
pa stralinga fra radium paviste Pierre partiklar som var elektrisk positive, nøytrale og negative.
Ernest Rutherford
gav dei seinare nemningane
alfa-, beta- og gammastralar
.
Pierre Curie blei lektor ved Sorbonne i
1900
og professor i
1904
. I
1906
blei han pakøyrd i rue Dauphine i Paris og døydde momentant.
I 1910 vedtok radiologar a kalla opp radioaktivitetseininga
curie
etter Pierre Curie. I 1944 blei det nylaga grunnstoffet
curium
kalla opp etter ekteparet
Curie
. I 1995 blei oska av Pierre og Marie lagt til kvile i
Pantheon i Paris
, der dei mest heidra franskmennene ligg.
|
---|
1901?1925
| |
---|
1926?1950
| |
---|
1951?1975
| |
---|
1976?2000
| |
---|
2001?
| |
---|