한국   대만   중국   일본 
Norsk rikskringkasting ? Wikipedia Hopp til innhald

Norsk rikskringkasting

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
NRK

Land Noreg
Hovudkontor NRK Marienlyst
Nettstad https://www.nrk.no/
NRK Lansert 1933 Land Noreg Hovudkontor NRK Marienlyst Nettstad https://www.nrk.no/
NRK

Lansert 1933
Land Noreg
Hovudkontor NRK Marienlyst
Nettstad https://www.nrk.no/
NRK-bygningen pa Marienlyst i Oslo.

Norsk rikskringkasting AS (til vanleg forkorta til NRK ) er ein offentleg eigd kringkastingsorganisasjon som er finansiert av ei kringkastingsavgift eller lisens fra TV-sjaarane. Kringkastingssjefen vert tilsett av styret for NRK for eit tidsrom av seks ar med høve til forlenging seks ar til. Fra 29. april 2022 har Vibeke Furst Haugen vore kringkastingssjef, ho tok over etter Thor Gjermund Eriksen . [1]

Kringkasting er ei norsk omsetjing av det engelske ordet ≪broadcasting≫. Ordet ≪rikskringkasting≫ er og inspirert av den tyske nemninga ≪Reichsrundfunk≫. Opprettinga og organiseringa av NRK er mykje inspirert av det britiske British Broadcasting Corporation , BBC .

Omsetjinga vart brukt første gongen i 1924 og vart offisiell nemning fra 1925. Kringkasting innebar opphavleg tradlaus utsending av lyd (tale/ musikk ), og etterkvart og levande bilete.

NRK vart skipa 1. juli 1933 og er den største mediebedriften i Noreg.

NRK byr pa tre TV-kanalar, 14 radiokanalar og eit breitt tilbod pa nett.

Rundt om i landet har NRK 15 distriktskontor. [2]

Klar til opptak av NRK-programmet Nytt pa Nytt

NRKs eigar og styre [ endre | endre wikiteksten ]

Allmennkringkastaren NRK er eit statleg eigd aksjeselskap. Kulturdepartementet er generalforsamling og vel NRK sitt styre.

Styreleiar er Birger Magnus. [3]

Knut Borge med gjester. Fra innspelinga av 20 spørsmal i ≪Studio 19≫ pa Marienlyst , 3. februar 2005

Historikk [ endre | endre wikiteksten ]

Kringkasting i Noreg vart starta i 1924 av det private selskapet Kringkastningselskapet A/S. Dette var forgjengaren for Norsk rikskringkasting som vart etablert i 1933. NRK var eigd og kontrollert av Staten. Selskapet hadde monopol pa kringkasting fram til 1980-talet , da dei første lokalradioane fekk etablere seg. I TV-marknaden var dei eineradande fram til opninga av TV2 i 1992.

I dei første tretti ara var NRK sitt einaste produkt radio . I 1954 starta selskapet dei første prøvesendingane for fjernsyn og starta regulære TV-sendingar i 1960. Fargesendingar vart først prøvd i 1972 med regulære fargesendingar fra 1975.

NRK har hovudkontoret sitt pa Marienlyst i Oslo . Distriktskontor vart for alvor etablert pa 70- og 80-talet, mellom anna Sami Radio . Tekst-TV starta sendingar i 1983.

NRK vart statleg aksjeselskap i 1996. Internettsatsinga starta i 1994.

NRK sine stasjonar/kanalar [ endre | endre wikiteksten ]

Radio
TV

Forkortinga [ endre | endre wikiteksten ]

N.R.K. som forkorting slo gjennom i 1945. Enda seinare vart ≪NRK≫ vanleg.

Før 1945 var den meste brukte forkortinga NR (eller N.r. og N.R.). Raudekrossen (Norges Røde Kors) protesterte mot at NRK skulle tyda "Norsk rikskringkasting".

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. NRK (22. april 2009), ≪Kringkastingssjefene≫ , NRK (pa norsk bokmal) , henta 23. mai 2022  
  2. Kommunikasjon, N. R. K. (22. april 2009), ≪Et bredt og variert medietilbud≫ , NRK (pa norsk bokmal) , henta 24. mai 2022  
  3. Kommunikasjon, N. R. K. (31. oktober 2007), ≪NRKs eigar og styre≫ , NRK , henta 24. mai 2022  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]