Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Nord-Amerika
er den nordlege delen av den
amerikanske
verdsdelen:
Grønland
,
Canada
,
USA
,
Mexico
,
Karibia
og
Mellom-Amerika
. Snevert definert, noko som er vanleg pa norsk, omfattar omradet berre
Canada
,
USA
og
Mexico
.
Bortsett fra ei tynn landgrense i sør mot
Sør-Amerika
er omradet omgitt av hav:
Stillehavet
i vest,
Atlanterhavet
i aust,
Det karibiske havet
i sør og
Nordishavet
i nord.
Kontinentet har store klimatiske motsetnader og raskt vekslande ver. Dette skuldast mellom anna nærleiken til det isdekte
Polhavet
i nord og mangel pa fjell som stenger luftutvekslinga nord-sør og paverknaden fra det varme
Karibiske havet
i sør. Nær
Newfoundland
er det bra temperaturovergangar i havet, noko som favoriserer danninga av
lagtrykk
. Den samanhengande nord?sørgaande fjellkjeda fra
Alaska
til
Mellom-Amerika
pregar
nedbørfordelinga
og fører til ein storstilt forstyrring i vestavindsbeltet, noko som og er viktig for klimaet i Nordvest-Europa.
Beringsundet
mellom Nord-Amerika og Asia er grunt og smalt med fjell pa begge sider. Her vert det utveksla lite havvatn og luft mellom Stillehavet og Polhavet. Kystomrada i vest far ikkje dei store og raske veromslaga som dei vidstrekte, uskjerma omrada i aust far.
Langs kysten i nord er det ei brei stripe med
tundraklima
, medan ein lenger sør har
kontinentalklima
, som dominerer over dei største omrada. Det er snødekke kvart ar heilt sør til 40 ºN. Sør og aust i USA har ein temperert regnklima, men og her kan ein fa sakalla ≪Northers≫ med kulde og snø som kan gjer stor skade. Den subtropiske delen av vestkysten har
middelhavsklima
med tørre, solrike somrar, men og ofte take over det kalde kystvatnet.
Passatvinden
trekkjer overflatevatnet mot vest slik at djupvatn strøymer opp ved kysten. I dei sørlege sentrale omrada av USA og i ein stor del av Mexico har ein
steppeklima
og til dels
ørkenklima
, men det omfattar berre ein liten del av kontinentet. Mellom-Amerika har hovudsakleg
tropeklima
med mykje nedbør.
Den høge havoverflatetemperaturen i Det karibiske havet og dei kringliggande havomrada i Atlanterhavet gjer at det lett kan oppsta
tropiske orkanar
som særleg rakar kystomrada og øyar i Karibia. Orkansesongen er pa det høgaste i tida fra august og ut oktober. Dei fuktige varme luftstraumane fra sør kjem i konflikt med kalde luftstraumar fra nordvest og gjev ofte
tornadoar
, som fullstendig kan rasere omrada som vert raka.
Mississippidalen
er mest utsett. Sterk vind som virvlar opp støv og sand skjer i dei tørre omrada, særleg i Mexico og
Texas
. Kombinasjonen sterk vind, kulde og snødrev gjev dei frykta ≪blizzards≫ som ofte vert etterfølgd av
kuldebølgjer
som kan rake store omrade, stundom heilt til
Mexicogolfen
.