Monsun

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Monsunskyer i Tamil Nadu .
Blomedalen i Kashmir blomstrar under monsunregntida.

Monsun er eit vindmønster som skiftar heilt retning med arstida . Uttrykket blei opphavleg brukt om sesongbasert vind i Indiahavet og Arabiahavet . Ordet er og brukt meir spesifikt for tidsperioden vinden bles fra sørvest i India og omrada rundt, og som er karakterisert ved svært mykje nedbør .

Nord-Amerika har og ein monsunliknande tidsperiode, men effekten av denne er svært liten i forhold til den totale nedbøren, omradet han dekker og talet pa menneske som blir paverka av den indiske monsunen.

Etymologi [ endre | endre wikiteksten ]

Ordet kjem fra det arabiske ordet ???? ( mawsim ), som betyr ≪arstid≫.

Uttrykket kom fram pa 1500-talet da skipstrafikken auka i Indiahavet, fordi monsunvinden var svært viktig for seglforholda:

In Goa they stayed till the Monson, or time of the windes came in to sayle for China .

k1598 W. PHILIP tr. J. H. van Linschoten Disc. Voy. E. & W. Indies I. xcii. 143/1.

Monsunen har alltid vore svært viktig for folk i India sidan jordbruket over heile landet er avhengig av monsunregnet. Men miljøendringar har svekka eller endra monsunssystemet som har vore radande i mange hundre ar.

Kart av Herman Moll over havvindane i verda, mellom dei monsunane, fra 1711.

Prosessar [ endre | endre wikiteksten ]

Kart over monsunprossesane i India.

Monsunen oppstar som følgje av at landomrade blir varma opp meir enn havomrada pa visse tider av aret. Denne ujamne oppvarminga kjem av to faktorar. Den eine er at varmen i havet blir vertikalt blanda gjennom eit ≪blandingslag≫ som kan bli 50 m djupt. Dette oppstar ved turbulens skapt av vind og bølgjer. Pa land trengjer derimot varmen tregt ned i bakken, og rekk kanskje 1 m nedover. Den andre er at varmekapasiteten til vatn er mykje større enn stoffa som utgjer landomrada. Desse to faktorane fører til at landomrada blir mykje raskare varma opp og far høgare temperatur enn havomrada. Den varme lufta over land byrjar a stige ( konveksjon ), og dannar eit lagtrykksomrade ved overflata. Dette fører til ein jamn, varm og fuktig vind fra havet og inn mot land for a fylle igjen lagtrykket. Dette skapar regn ved at lufta blir pressa opp av fjella, konvergens ved overflata, divergens i høgda eller fra stormproduserte utstrøymingar ved overflata. Uansett korleis lufta blir heva, fører dette til at lufta blir avkjølt ved [[adiabatisk temperaturendring]], som fører til kondensasjon , skyer og regn.

Om vinteren blir landomrada rask avkjølt, medan havet held pa varmen lenger. Den varme lufta over havet stig, og dannar eit lagtrykk over havet. Dette fører til ein vind fra land og ut mot havet medan eit høgtrykk blir danna over land. Høgtrykket blir forsterka av auka utstraling som fører til meir avkjøling. Dette skapar lange periodar med tørke i desse landomrada.

Monsunen er mykje likt solgangsbrisen , som oppstar av akkurat dei same prosessane, men er ein døgnleg syklus og pa mykje mindre skala.

Monsunsystem [ endre | endre wikiteksten ]

Lagtrykk over Australia i januar 2003.

Etter at ein har byrja a forsta monsunen betre, har uttrykket monsun etterkvart blitt utvida til a gjelde alle verfenomen som oppstar til faste tider pa aret innanfor tropiske og subtropiske landomrade.

Nordaustleg vintermonsun (Asia) [ endre | endre wikiteksten ]

I Asia varer den nordaustlege vintermonsunen fra desember til tidleg i mars. Temperaturen over det sentrale Asia er lagare, og det oppstar eit høgtrykk der. Jetstraumen i dette omradet splittar seg i ein sørleg subtropisk jet og ein polar jet. Den subtropiske straumen fører til at nordaustleg vind bles over Sør-Asia, og skapar tørre luftstraumar som fører til klar himmel over India fra november til mai.

Samtidig oppstar det eit lagtrykkssystem over det nordlege Australia , og vind bles rett mot Australia. Under den nordaustlege vintermonsunen far Australia og det søraustlege Asia store nedbørmengder.

Monsun i Ladakh i indisk Himalaya .

Sørvestleg sommarmonsun [ endre | endre wikiteksten ]

Den sørvestlege sommarmonsunen varer fra juni til august, og trekkjer seg mot Himalaya , som fører til at regn bles over India. Enkelte omrade kan fa sa mykje som 10 000 mm regn.

Indisk havmonsun [ endre | endre wikiteksten ]

Monsunen kan skapa lokale flaumar, som her i Mumbai i 2005.
Foto: Hitesh Ashar

Den sørvestlege monsunen byrjar vanlegvis rundt midten av juni og varer ut august. Den startar først i kyststaten Kerala , og flytter seg gradvis nordover. Monsunen star for om lag 80 % av nedbørmengdene i landet. Indisk jordbruk (som utgjer 25 % av bruttonasjonalproduktet og gjev arbeid til 70 % av folkesetnaden) er svært avhengig av regnet, særleg avlingar som bomull, ris og korn. Visst starten av monsunen blir forseinka kan dette vere svært negativt for økonomien, slik som tørkeperiodane pa 1990-talet viste.

Dei indiske byane set og stor pris pa monsunen, fordi den dempar den kraftige sommarvarmen i juni. Men pa grunn av darleg infrastruktur far dei fleste byane problem i tillegg. Vegar far hard medfart kvart ar, og hus og gater i botn av bakkar og nær elver blir oversvømd, og da særleg slumomrada . I tillegg vil kloakk og anna giftig avfall som regel strøyme fritt i dei oversvømde omrada. Dette fører som regel med seg enkelte dødsfall, medan folk i landlege omrade mistar livet som følgje av lyndnedslag medan dei arbeider pa jorda. Større flaumar har og ført til større øydeleggingar og større tap av menneskeliv, som i Maharashtra i 2005.

Nordamerikansk monsun [ endre | endre wikiteksten ]

Kart over den nordamerikanske monsunen.

Den nordamerikanske monsunen (NAM) oppstar fra seint mai eller tidleg juni og varer til ut i september. Den spreier seg fra Mexico og til det sørvestlege USA i midten av juli. Den rakar Mexico langs Sierra Madre i tillegg til dei amerikanske statane Arizona , New Mexico , Nevada , Utah , Colorado , det vestlege Texas og California . Monsunen flyttar seg til fjellkjedene i det sørlege California, men rekk ikkje ut til kysten og ofte er dei tilknytte toreskyene berre ein halvtimes køyretur inn fra kysten. Monsunen i Nord-Amerika har og blitt kalla ≪Mexicansk monsun≫, ≪sørvestmonsunen≫, ≪ørkenmonsunen≫ eller ≪Arizonamonsunen≫.

I samband med den nordamerikanske monsunen oppstar det eit høgtrykk , som flyttar seg nordover i løpet av sommarmanadane, og eit termalt lagtrykk (eit lagtrykk som oppstar som følgje av kraftig oppvarming av bakken) over det mexicanske plataet og ørkenen sørvest i USA. Monsunen byrjar i det sørlege Mexcico i manadskiftet mai/juni og sprer seg raskt nordover langs vestsida av Sierra Madre fjella, og rekk opp til Arizona og New Mexico tidleg i juli. Over Hjørnestatane blir det sa danna eit høgtrykk i høgda som skapar austleg til søraustleg høgdevind. Denne vinden fører fuktig luft fra Mexicogolfen , Cortezhavet og det tropiske Stillehavet inn i omradet og fører til kortvarige, men ofte kraftige torebyer, særleg over fjellomrada. Torebygene blir av og til forsterka av tropiske bølgjer fra aust eller restane av tropiske stormar .

Sa mykje som 70 % av nedbøren i dette omradet kjem i løpet av sommarmonsunen. Mange ørkenplanter er tilpassa slik at dei utnyttar denne korte regntida. Pa grunn av monsunen blir Sonoranørkenen og Mojaveørkenen rekna for a vere relativt ≪vate≫ samanlikna med andre ørkenar som Sahara .

Monsunar spelar ei viktig rolle med tanke pa skogbrannfare ved a gi fukt til høgareliggande omrade og fylle ørkenelvane med vatn. Mangelen pa monsunregn kan derimot føre til tørke. Det sørvestlege USA har hatt kontinuerleg tørke sida midten av 1990-talet.

Flaumfaren er alltid stor under monsunsesongen. Elver kan vekse seg store pa eit augneblink, og strøyme inn i omrade som ikkje har sett noko til regnet. I tillegg kan lyn og torefaren vere stor. Mange golfbanar i Arizona har atvaringssystem for torever.

Toreskyer i samband med den nordamerikanske monsunen sett fra El Cajon i California.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Klimasoner i Koppen si klimaklassifisering
Gruppe A: Tropisk Regnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: Tørt Ørkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: Temperert Fuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: Kontinentalt Fuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: Arktisk Tundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)