Maraton

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Den kenyanske maratonløparen Catherine Ndereba under VM i friidrett 2005 .

Maraton er eit løp som gar over 42 195 m. Løpet er rekna som svært krevjande, og ordet ≪maraton≫ blir ofte brukt for a beskrive noko som krev stort uthald.

Namnet maraton kjem fra ei gresk legende som fortel om korleis soldaten Pheidippides sprang fra byen Marathon (i dag Marathonas) i Hellas til Athen for a forkynne at perserane hadde blitt slatt i slaget om Marathon. Legenda fortel at Pheidippides døydde like etter han hadde fatt fortalt at grekarane hadde vunne slaget.

Standardlengda pa 42 195 m er ikkje den nøyaktige distansen mellom Marathon og Athen. I OL fra 1896 til 1920 varierte maratondistansen mellom 40 km og 42,75 km. I 1921 bestemte det internasjonale friidrettsforbundet ( IAAF ) at standardlengda skulle vere 42 195 m. Det var den distansen som blei sprunge i OL i 1908 , mellom Windsor og White City Stadium i London .

Det gjekk likevel ei tid før standardlengda blei endeleg etablert. Under EM i friidrett i Oslo i 1946 var maratondistansen pa 40 200 m, og i Sverige blei standardlengda innført først i 1948. [1]

Rekord Kven Nasjonalitet Tid Kvar Nar
Verdsrekord, menn Dennis Kimetto Kenya 2.02.57 Berlin 2014
Verdsrekord, kvinner Paula Radcliffe England 2.15.25 London 2003
Norsk rekord, menn Geir Kvernmo Noreg 2.10.17 London 1987
Norsk rekord, kvinner Ingrid Kristiansen Noreg 2.21.06 London 1985

Kjende norske maratonløparar [ endre | endre wikiteksten ]

Nokre norske maratonløp [ endre | endre wikiteksten ]

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. arkivkopi , arkivert fra originalen 12. desember 2005 , henta 8. juni 2009  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]