Kiruna

Koordinatar : 67°51′18.371″N 20°13′37.931″E  /  67.85510306°N 20.22720306°E  / 67.85510306; 20.22720306
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

67°51′18.371″N 20°13′37.931″E  /  67.85510306°N 20.22720306°E  / 67.85510306; 20.22720306

Kiruna
by
Sentrala Kiruna fotografert fra Luossavaara . Kyrkja er til venstre og radhuset i høgre kant av bildet.
Vapenskjold
Land   Sverige
Region Lappland
Fylke Norrbottens lan
Distrikt Jukkasjarvi distrikt
Kommune Kiruna kommun
Del av Kiruna kommun
Areal 1 006  km²
Folketal 17 513 (31. desember 2020)
Kart
Kiruna
67°50′56″N 20°18′10″E  /  67.848888888889°N 20.302777777778°E  / 67.848888888889; 20.302777777778
Wikimedia Commons: Kiruna

Kiruna ( nordsamisk Giron , finsk / meankieli (tornedalsfinsk) Kiiruna/Kieruna ) er ein svensk by i Norrbottens lan . Han er den største tettstaden i landskapet Lappland med 17 037 innbyggjarar (2015). [1] Han er administrasjonssenter for Kiruna kommune .

Kiruna er eit utprega gruvesamfunn som ligg mellom dei to fjella Luossavaara og Kiirunavaara, begge med store jernmalmførekomstar, og pa sørhellinga av det tredje fjellet Haukivaara, som omsluttar byen. Byen vart grunnlagt i 1900. Ein disponent ved gruveselskapet LKAB , Hjalmar Lundbohm , vert rekna som grunnleggjaren av byen. Kiruna fekk bystatus i 1948 , og vart dermed den største bykommunen i verda ut fra areal, pa over 20 000  km² . Han er derimot ikkje den største kommunen i verda ut fra areal.

Staden byrja a vekse fram i samband med at utvinninga av malm for alvor byrja i 1898. Sjølve bybusetnaden ligg delvis over malmførekomstane. Eit av bustadomrada fra den tidlege historia til byen har vorte avstengt pa grunn av faren for at grunnen skal gje etter. Dei siste ara har problemstillinga vorte ytterlegare aktuell, da det no blir brote malm slik at bade jernbaneomradet, E10 og andre bustadomrade blir utsett for same fare for at grunnen kan rase ut, og faktisk pa sikt at bykjernen ligg utsett til. Difor er flytting av sentrale delar av byen alt under planlegging, sja Kiruna byforvandling .

Namn [ endre | endre wikiteksten ]

Kiruna Soderberg, den første ≪innfødde≫ i den nye byen Kiruna, og familien hennar.

Kiruna fekk sitt noverande namn 27. april 1900, ved bygrunnlegginga. Tidlegare var staden kjend som Luossavare, etter fjellet Luossavaara ('Laksefjellet'), men dette namnet var rekna som for tungvint a skrive og uttale. I staden tok ein namnet pa fjellet Gironvarri ('Fjellrypefjellet'), forfinska det til Kiirunavaara og forkorta det til ≪Kiruna≫.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Før 1800 [ endre | endre wikiteksten ]

Samar ved Luossajarvi, fotografert mellom 1920 og 1940.

Ifølgje arkeologiske utgravingar har Kiruna-omradet har vore folkesett i minst 6000 ar, sidan den siste istida. Før svenskane kom til staden budde her samar og finnar . [2]

Malmførekomstane i Kiirunavaara og Luossavaara har vore kjend lenge av samane, men det var først ar 1696 at skrivaren Samuel Isson Mort fekk høyre om jernmalmen. Det var under ei ferd for a undersøkja ein koparførekomst i omradet at han fekk vita dette. Han rapporterte nyhendet til Bergskollegium, men det varte heilt til 1736 før fjella vart ordentleg undersøkt. Det vart teikna eit kart over omradet der Kiirunavaara og Luossavaara vart døypt til ≪Friedrichs Berg≫ og ≪Berga Ulrika Eleonora≫ etter regjerande kong Fredrik I og dronning Ulrika Eleonora . Utvinning av malm kom likevel ikkje pa tale sidan omradet lag avsides til og klimaet var for hardt. Dessutan var det eksportforbod for svensk malm, ei lov som vart oppheva først i 1857.

1800-talet [ endre | endre wikiteksten ]

B:1, den første bygningen i Kiruna.
Tarna til den gamle brannstasjonen og radhuset i Kiruna.
Kvartalet Ortdrivaren

Det vart brote ein del malm alt pa 1800-talet i fjellet ved Luossavaara. Malmen vart utvunnen sommarstid, og vart frakta med sledar køyrt av rein og hest om vintrane. I Palokorva var det ein masomn der malmen vart foredla. Men transportkostnadane vart sa store av utbyttet vart minimalt. I tillegg inneheldt malmen fra Kirunaomradet fosfor , som vanskeleggjorde stalframstillinga ytterlegare.

I 1878 fann eit par engelske kjemikarar opp den sakalla thomasprosessen , som gjorde det mogleg a skilje ut fosfor fra jernmalm. Det gjorde at malmutvinning vart lønsamt, viss ein kunne finne ei løysing pa transportkostnadane. Ein hadde lenge planlagt ein jarnbane fra Lulea til Gallivare , og no vart planane realisert. Eit engelsk selskap tilbaud seg a byggje ein jarnbane fra Lulea og heilt til den norske kysten, og denne strekninga fekk namnet Malmbanen . Prosjektet vart sett i gang i 1884, og etter fire ar var ein provisorisk bane bygd fram til Malmberget . No gjekk det engelske selskapet konkurs, og selde det halvferdige anlegget billeg til den svenske staten. Etter enda nokre ar kunne sa malmen fraktast fra Malmberget til Lulea 1891.

I 1890 vart Luossavaara-Kirunavaara Aktiebolag, LKAB , stifta, med Robert Schough som styreleiar. LKAB si viktigaste oppgave vart a framskunde jernbanebygginga fra Gallivare til isfri hamn i Noreg . Dette arbeidet møtte hard motstand. Rett nok hadde lova om eksportforbod av jernmalm vorte oppheva nokre tiar tidlegare, men motstandarane av prosjektet hevda under ein debatt i Riksdagen at ein slik jarnbane kunne opne landet for Russland . Avgjersla om bygging av jarnbana vart til slutt vedteken av Riksdagen og det norske Stortinget , men den svenske statsministeren Bostrom stilte kabinettspørsmal for a fa tilstrekkeleg oppslutnad i den svenske riksdagen.

I 1897 var Hjalmar Lundbohm styreleiar i LKAB, og planane for det nye samfunnet kring gruvene kom for alvor i gang. Arkitekten Per-Olof Hallman fekk i oppdrag a skape ein byplan , ein nyskapande plan som vart underlagd bade geografiske og klimatologiske kriterium. Byen vart lagt hovudsakleg til vestsida av det lage fjellet Haukivaara. LKAB kjøpte 500 hektar for gruvedrifta og 241 hektar for busetnaden. I tillegg vart det avsett 178 hektar til tomter som skulle seljast til privatpersonar. Den første bygningen var oppført 1890, pa oppdrag av ein deleigar av LKAB. Bygningen fekk namnet B:1.

Den 15. oktober 1899 nadde Malmbanen fram til denne vesle byen, som enno vart kalla Luosavare, ei samling hus med 250 innbyggjarar. Staden hadde no jernbanesmaband med Atlanterhavet via Ofotbanen til hamna i Narvik og til Bottenviken via Lulea . [3] Nokre manader før Malmbanen nadde Luosavare vart det første barnet i ≪byen≫ fødd. Den vesle jenta blei seinare døypt Kiruna Soderberg. 27. november fekk byen endeleg offisielt det nye namnet ≪Kiruna≫.

1900-talet [ endre | endre wikiteksten ]

Hjalmar Lundbohm ønska ikkje at Kiruna skulle utvikla seg til ein uregulert slumby , og byplanen til Per-Olof Hallman blei strengt følgd. Kiruna hadde tidleg elektrisitet og trafikk med elektrisk sporvognar med 1000 mm i sporvidd . LKAB dreiv sporvegen i Kiruna fra 1907 til 1958, og ein underjordisk gruvesporveg fram til 1961.

Dei eldste husa i Kiruna, pa omradet kalla On ved utløpet til Luossajarvi, blei rivne og omradet avstengd pa grunn av rasrisikoen til gruva. Mange tidlege trehus i sentrum blei ogsa rivne for a erstattast av høgare betonghus pa 1960-talet. Kvartalet Ortdrivaren, teikna av Ralph Erskine , blei eit symbol pa denne ombygginga. Den tidlegare dominerande bygningen i sentrum, Centralskolan, blei ogsa riven.

2000-talet [ endre | endre wikiteksten ]

I 2000 feira Kiruna 100-arsjubileum. Etter ein lang debatt tok bystyret i Kiruna den 8. januar 2007 ei avgjerd om a flytta sentrum av byen i nordvestleg retning, til foten av fjellet Luossavaara ved sjøen Luossajarvi . Avgjerda innebar ei langsiktig flytting av mange bygningar i byen. Arsaka var rasrisikoen pa grunn av gruveverksemda. [4] 19. september 2011 tok bystyret ei ny avgjerd, om at det nye sentrumet skulle leggjast aust for den noverande bykjerna, mellom Jagarskolan og Tuolluvaara-omradet. [5] Det blei utlyst ei arkitekttevling om utformninga av det nye sentrumet som blei avgjort i mars 2013. [6]

Sommaren 2014 byrja grunnarbeidet [7] og hausten 2015 byrja bygginga av det nye radhuset til byen.

Administrativ tilhøyrsle [ endre | endre wikiteksten ]

Kiruna lag opphavleg i Jukkasjarvi socken som ved kommunreformen i 1862 danna Jukkasjarvi landskommun . 23. desember 1908 blei Kiruna municipalsamhalle oppretta i denne landskommunen. I 1948 blei kommunen Kiruna stad skipa, som med sine 20 000 kvadratkilometer var verdas største by malt i flatevidd. I 1971 blei byen saman med Karesuando landskommun del av Kiruna kommune med Kiruna som administrasjonsstad. [8]

Juridisk var Kiruna del av Jukkasjarvi tingslag fram til 1948, deretter av Jukkasjarvi och Karesuando tingslag fram til 1971. Deretter høyrde byen til Gallivare domsaga . [9]

Folkesetnad [ endre | endre wikiteksten ]

I 1900 budde det 222 menneske i Kiruna. Av desse var 65 prosent finsktalande, 24 prosent snakka samisk og 11 prosent svensk. I 2004 budde ca 27 prosent av folkesetnaden i byen i bydelen Lombolo, som ligg nede i dalen aust for Kiirunavaara.


Folketalsutviklinga i Kiruna 1900-2015 [10] [11] [12] [13] [14] [15] [16] [17]
Ar Innb. Areal
1960
  
19 355 873
1965
  
21 572 893
1970
  
23 279 1033
1975
  
25 410 1270
1980
  
24 446 1560
1990
  
20 466 1585
1995
  
20 299 1592
2000
  
19 148 1592
2005
  
18 154 1640
2010
  
18 148 1653
2015
  
17 037 903
Samanvaksen med Tuolluvaara i 1975, teken ut av Kiruna i 2015 som eigne tettstad att.

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Klima [ endre | endre wikiteksten ]

Kiruna har eit subarktisk klima med mykje snø og kulde den eine halvparten av aret. Takka vere høgda over havet, den tørre lufta og den klimatilpassede byplanen har Kiruna eit eit relativt mildt klima. Kiruna har tre veker polarnatt om vinteren og fem veker midnattsol om sommaren. Nedbør kjem som snø fra oktober til mai. Middeltemperaturen i januar er -14.5 °C og i juli 12 °C. Dagtemperaturar pa 20-25 grader er ikkje uvanleg om sommaren. Nedbørsmengda er 488 mm per ar.

Samferdsle [ endre | endre wikiteksten ]

Kiruna flyplass har ordinær trafikk til Umea , Lulea , Ostersund , Stockholm og Tromsø . E10 gar gjennom byen, og er einaste bilveg mellom byen og ut av kommunen. Malmbanen har to avgangar dagleg mot Narvik og Stockholm / Goteborg , dessutan ein avgang tur/retur Lulea . Bade Malmbanen og E10 gar langs avsperringane til sprekkesona fra gruvene, og er dei anlegga som er mest truga for ras. Desse er planlagt lagt om i samband med Kiruna byforvandling , og dette gjeld og jernbanestasjonen. Eit av forslaga til omlegging er samlokalisering mellom flyplassen og jarnbana.

31. august 2013 stengde Trafikverket i Sverige den gamle jernbanestasjonen og ein tok i bruk ein mellombels stasjon, pa folkemunne kalla Kumla, ca. 1,5 kilometer fra dagens sentrum. [18] [19]

Næringsliv [ endre | endre wikiteksten ]

Kiirunavaara i 1950.

Gruvedrift [ endre | endre wikiteksten ]

Næringslivet i Kiruna er totalt dominert av gruvenæringa. I dag er berre gruva i Kiirunavaara i drift, og rasjonaliseringar har gjort at stadig færre folk trengst under jorda for gruvedrifta. Det finst ei rekkje entreprenørar for LKAB i byen.

Romforsking [ endre | endre wikiteksten ]

Sidan 1940-talet har ein ogsa drive romforsking i Kiruna. [20] Fem mil utanfor Kiruna ligg rakettbasen Esrange og ESA sin satellitdatamotakkingsstasjon Salmijarvi.

Vid romcampusen, som ligg ca. 6 km sør for Kiruna, blir det drive forsking pa nordlys og annan romfysikk ved Institutet for rymdfysik ocgh Institutionen for system- och rymdteknik . Sistnemnde høyrer til Lulea tekniska universitet .

Turisme [ endre | endre wikiteksten ]

Turistnæringa er ogsa blitt viktig i Kiruna. Byen trekk til seg ein del turistar, ofte som base for friluftsturisme i fjella, Abisko nationalpark og Ishotellet i Jukkasjarvi .

Kultur [ endre | endre wikiteksten ]

Arkitektur [ endre | endre wikiteksten ]

Kiruna kyrkje

Den tidlegaste busetnaden i Kiruna, omradet som blir kalla On, er riven, og omradet er avsperra pa grunn av rasfaren. Omradet med arbeidarbustader som vart tidleg oppført av LKAB finst i stor utstrekking og star i samanhengande omrade. Eit av desse, ≪Bolagsomradet≫, er det som er mest truga av gruveverksemda.

Radhuset i byen vart teikna av Artur von Schmalensee , og vart i 1964 løna med Kasper Salin-prisen som den venaste bygningen i Sverige. Kiruna kyrkje vart teikna av Gustav Wickman og bygd av LKAB i 1907-1912. Ho er kara til den venaste kyrkja i Sverige og som den venaste bygningen i Sverige oppført før 1950.

I sentrum av byen vart store delar av den tidlege busetnaden av trehus riven for a byggje betongblokker pa 1960-talet. Det fremste symbolet for denne ombygginga har vorte kvartalet Ortdrivaren. Ogsa Missionskyrkan er ein del av dette komplekset.

Det svenske Sametinget har hovudkontor i Kiruna (for Kansliet), og ein ny fast bygning er planlagd i den nye bykjerna.

Media [ endre | endre wikiteksten ]

Aviser:

Venskapsbyar [ endre | endre wikiteksten ]

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Landareal per tatort, folkmangd och invanare per kvadratkilometer. Vart femte ar 1960 - 2016 , Statistiska centralbyran  
  2. Maria Lindgren (22. mai 2017), Historia , arkivert fra originalen 13. juni 2017 , henta 29. juli 2017  
  3. Brunnstrom, Lasse: Kiruna - ett samhallsbygge i sekelskiftets Sverige: [Kiruna - a Swedish mining city from the turn of the century] , Forf., [Umea] 1980-1981, Norrlandska stader och kulturmiljoer, 0348-2618 (swe) . Libris 276751 .  
  4. Dagens nyheter 8 januari 2007 - Klart med Kirunas flytt
  5. ≪Arkiverade kopian≫ . Arkivert fra originalen 28. oktober 2011 . Henta 18. oktober 2011 .   Arkivert 2011-10-28 ved Wayback Machine .
  6. Nordmark, Marianne. ≪Arkitekttavling ny stadskarna≫ . Kiruna kommun. Arkivert fra originalen 6 november 2013 . Henta 6 november 2013 .   Arkivert 2013-11-06 ved Wayback Machine .
  7. Oskar Ahlqvist (4. september 2014), ≪Forsta spadtaget for nya stadshuset≫ , Norrbottens-Kuriren  
  8. Andersson, Per: Sveriges kommunindelning 1863?1993 , Draking, Mjolby 1993 (swe) . ISBN 91-87784-05-X . Libris 7766806 .  
  9. Elsa Trolle Onnerfors: Domsagohistorik - Gallivare tingsratt (del av Riksantikvarieambetets Tings- och radhusinventeringen 1996-2007)
  10. Folkrakningen 31 december 1900. Statistisk tidskrift 1903. haft: 129-130. Kungliga statistiska centralbyran.
  11. Folkrakningen den 31 december 1950, I, Areal och folkmangd inom sarskilda forvaltningsomraden m.m., Tatorter , Statistiska centralbyran , Stockholm 1952-05-19 ( PDF ), s. 238. Henta 2014-10-09.  
  12. Statistiska meddelanden Be 1967:21 Tatorternas areal och folkmangd 1960 och 1965 , Statistiska centralbyran , Stockholm 1967-09-22, s. 85.  
  13. Statistiska meddelanden Be 1972:11 Tatorternas areal och folkmangd 1965 och 1970 , Statistiska centralbyran , Stockholm 17 november 1972, s. 76.  
  14. Folk- och bostadsrakningen 1975, Del 2:4, Utveckling mellan 1970 och 1975. Tatorternas areal och folkmangd. , Statistiska centralbyran , Stockholm 1977 ( PDF ), s. 46. Henta 19 augusti 2015.  
  15. Folk- och bostadsrakningen 1980 Del 2:3, Tatorternas areal och folkmangd, utveckling mellan 1975 och 1980 , Statistiska centralbyran , Stockholm 1984-06-29 ( PDF ), s. 58. Henta 2015-01-15.  
  16. Tatorter 1990, Befolkning och areal i tatorter och glesbygd; Reviderade uppgifter , Statistiska centralbyran , Stockholm 26 februari 1992 ( PDF ), s. 54. Henta 1 april 2016.  
  17. ≪Landareal per tatort, folkmangd och invanare per kvadratkilometer. Vart femte ar 1960 - 2015≫ . Statistiska centralbyran . 25 oktober 2016 . Henta 27 oktober 2016 .  
  18. Wappling, Magdalena. ≪Ny tillfallig jarnvagsstation≫ . Kiruna kommun . Henta 6. november 2013 .   Arkivert 2013-11-05 ved Wayback Machine .
  19. SVT Nordnytt: Sista taget har gatt Arkivert 2013-11-04 ved Wayback Machine . 30. august 2013, henta 10. oktober 2015
  20. Backman, Fredrick: Making Place for Space: a History of 'Space Town' Kiruna 1943-2000 , 2015. ISBN 978-91-7601-244-4 . Libris 17940935 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]