한국   대만   중국   일본 
Karel ?apek ? Wikipedia Hopp til innhald

Karel ?apek

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Karel ?apek

Pseudonym K. ?., B. ?., Karel Plocek, Karel Va?ek
Statsborgarskap Austerrike-Ungarn, Tsjekkoslovakia
Fødd 9. januar 1890
Male Svato?ovice
Død

25. desember 1938 (48 ar)
Praha , Vinohrady

Yrke omsetjar , romanforfattar , regissør , fotograf , skodespelforfattar , journalist , science fiction-forfattar , barnebokforfattar , skribent , filosof , kunstmalar , litteraturkritikar , essayist , lyrikar
Sprak tsjekkisk
Sjanger science fiction
Medlem av Brothers ?apek
Religion ikke-praktiserende katolikk
Far Antonin ?apek
Ektefelle Olga Scheinpflugova
Signatur
Karel ?apek pa Commons

Karel ?apek ( 9. januar   1890 25. desember   1938 ) var ein tsjekkisk forfattar. Han er rekna blant dei viktigaste tsjekkiske forfattarane pa 1900-talet. ?apek var ein nyskapar i bruken av tsjekkisk , og er kjent for a vera den første som brukte ordet ≪ robot ≫, i skodespelet R.U.R. (Rosumovi Univerzalni Roboti) i 1920.

Liv og virke [ endre | endre wikiteksten ]

Karel ?apek var fødd i Male Svato?ovice i Austerrike-Ungarn (no Tsjekkia ) som son til ein landsbylege. Han gjekk pa gymnas i Hradec Kralove , Brno og Praha . Fra 1909 til 1915 studerte han filosofi i Praha, og i denne perioden hadde han og studieopphald i Berlin og Frankrike . I 1915 fekk han doktorgraden. Deretter arbeidde han i akademibiblioteket som bibliotekar. Etter 1917 jobba han som journalist, 1917-20 i Narodni listy , 1921-38 som redaktør i Lidove noviny . 1921-23 var han og dramaturg og regissør pa teateret Vinohradske divadlo. 1925-33 høyrde til han den tsjekkiske PEN-klubben . Han gifta seg med Olga Scheinpflugova.

Karel ?apek skreiv med intelligens og humor om mange ulike tema og i mange ulike sjangrar. Han brukte det tsjekkiske spraket pa ein meisterleg mate og hadde ei gave for observasjonar av menneskelege samfunn og ofte ein treffande humor. Mykje av arbeidet hans diskuterer etiske og andre aspekt ved dei revolusjonære oppfinningane og prosessane som var sett i gang pa starten av 1900-talet. Han var ein svært samfunnsengasjert forfattar, og mange av dei beste verka hans er kommentarar til samfunnsutviklinga han sag rundt seg. Han skreiv bade romanar, drama, noveller og barnebøker. Fleire av verka hans kan kallast science-fiction , sjølv om dette omgrepet ikkje var mykje i bruk pa hans tid. Han skreiv og reiseskildringar, mellom anna fra Noreg i En reise til Norden (Cesta na sever) .

Fotografi av Karel og broren Josef fra 1930-talet.

Pa 1930-talet sette ?apek det litterære talentet sitt inn i kampen mot dei totalitære ideologiane, fascisme, nazisme og kommunisme som var i framvekst pa den tida. Den mest produktive perioden av forfattarskapet hans fell saman med livstida til den første tsjekkoslovakiske republikken (1918-1938) og han var ein nær ven av den første presidenten, Toma? Garrigue Masaryk . Da det vart klart at Tsjekkoslovakia sine vestlege allierte ( Storbritannia og Frankrike ) var klare til a la Tsjekkoslovakia i stikken gjekk dette hardt inn pa ?apek. Han slutta a ta til seg næring og døydde av lungebetennelse 25. desember 1938. Gestapo rekna han som ≪statsfiende nummer 2≫, og var klare til a arrestera han nar Tsjekkoslovakia skulle okkuperast, men han døydde før dette kunne skje. Broren Josef vart arrestert og døydde i konsentrasjonsleiren Bergen-Belsen . Det kommunistiske Tsjekkoslovakia etter krigen hadde vanskeleg for a anerkjenna ?apek sitt forfattarskap grunna hans nære tilknyting og sterke støtte til det demokratiske styresettet i den første tsjekkoslovakiske republikken.

Utgitt pa norsk [ endre | endre wikiteksten ]

Desse er nokre av Karel ?apek sine verk som er utgitt pa norsk (originaltittelen i parentes):

Prosa [ endre | endre wikiteksten ]

  • Krakatit (bokmal), Atomkraft pa ville vegar (nynorsk), ( Krakatit ), 1922, filma i 1948
  • Et ar i min hage : til belæring for alle hagevenner ( Zahradnik?v rok ), 1929
  • Hordubal vender hjem ( Hordubal ), 1933, filma i 1937
  • Meteor ( Pov?tro? ), 1934
  • Salamanderkrigen ( Valka s mloky ) 1936

Drama [ endre | endre wikiteksten ]

  • Insekter og roboter ( R.U.R. - Rosumovi Univerzalni Roboti ), 1920 og ( Ze ?ivota hmyzu ), 1920
  • Insektliv : komedie i tre vendingar med førespel og epilog (nynorsk) ( Ze ?ivota hmyzu ), 1921
  • Den hvite pest ( Bila nemoc ), 1937
  • Mora ( Matka ), 1938

Reiseskildringar [ endre | endre wikiteksten ]

  • En reise til Norden ( Cesta na sever ), 1936

Barnebøker [ endre | endre wikiteksten ]

  • Tsjekkiske eventyr ( Devatero pohadek a je?t? jedna od Josefa ?apka jako p?iva?ek ), 1932
  • Dasjenka, eller En hundehvalps liv : (i utvalg) for barn ( Da?e?ka ?ili ?ivot ?t?n?te ), 1933

Politiske verk [ endre | endre wikiteksten ]

  • Samtaler med president Masaryk ( Hovory s TGM ), 1928-1935

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]

  • Olga ?apek, En tsjekkisk roman : mitt liv med Karel Capek , norsk utgave Tanum, 1948