Josef Terboven

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Josef Terboven

Fødd 23. mai 1898
Essen
Død 8. mai 1945 (46 ar)
Statsborgar av Tyskland
Parti NSDAP
Yrke politikar
Utdanna ved Ludwig-Maximilians-Universitat Munchen
Medlem Sturmabteilung
Alle verv

Josef Antonius Heinrich Terboven ( 23. mai   1898 8. mai   1945 ) var ein tysk administrator. Han var fødd i Essen i Tyskland .

Terboven er mest kjend for ha vore Reichskommissar fur die besetzten norwegischen Gebiete (Rikskommisær for dei hærsette norske omrada) under den andre verdskrigen fra 24. april 1940 til 7. mai 1945. I denne stillinga gjorde Terboven bruk av Vidkun Quisling og partiet Nasjonal Samling . Terboven hadde berre Adolf Hitler over seg og hadde i røynda diktatorisk mynde i Noreg .

Han var ansvarleg for den tyske administrasjonen av Noreg under krigen. Han stod bak unntakstilstanden i Oslo i 1941 og i Trondheim i 1942. Det var Terboven som gav ordre om a øydeleggja Tælavag og skyta 18 unge englandsfararar.

Samla vurdert kan ein seia at Terboven var oppteken av a oppretthalda ro og orden i Noreg. For a oppna dette vart det teke i bruk avskrekkjande straffemetodar. Om ein trass i dette samanliknar med tysk okkupasjon av til dømes omrade i Sovjetunionen og Jugoslavia kan ein seia at okkupasjonen av Noreg var mild.

Da freden kom i mai 1945 tok han livet av seg i ein bunker pa Skaugum . Terboven hadde budd pa Skaugum sidan juni 1940.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]

  • Nøkleby, Berit 1992: Josef Terboven : Hitlers mann i Norge . Oslo : Gyldendal, 1992.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]