Sturmabteilung

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Sja og SA (fleirtyding) .
Logoen at SA

Sturmabteilung eller SA , vanlegvis omsett som ≪stormtroppar≫, var ein paramilitær organisasjon i Tyskland i mellomkrigstida. Organisasjoen var nært knytt NSDAP , det tyske nazipartiet, og spela ei viktig rolle i tida før og i kring Adolf Hitler kom til makta i 1933.

Medlemene/mannskap i SA vart ofte kalla ≪bruntrøyer≫, grunna fargen pa uniformene og for a skilje dei fra SS , som brukte svarte uniformer. Uniformsfargen fekk dei sidan ei stor mengde uniformer var tilgjengelege etter første verdskrigen , da dei hadde vorte tinga for tyske soldatar som tenestegjorde i Afrika.

SA var den første nazistiske paramilitære gruppa som tok i bruk pseudomilitære titlar for a heidre medlemene sine. Fleire andre grupper innanfor nazipartiet, blant anna SS, tok etter denne praksisen.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Eit sjeldant, komplett sett av nazistiske SA-tinnsoldatar fra 1940-talet.

Omgrepet Sturmabteilung vart opphavleg nytta om dei spesialiserte stormtroppane som den tyske hæren tok i bruk i krigføringa i 1918, sakalla hutier -taktikk. I staden for store masseangrep, vart stormtroppane organiserte i sma grupper med nokre fa soldatar. Taktikken vart først brukt under beleiringa av Riga , og seinare under slaget ved Caporetto.

Hausten 1920 oppretta Hitler Ordnertruppen i Munchen . Grupperinga var samansett av muskuløse nazistar, tidlegare soldatar og ølhallbrakmakarar. Gruppa skulle sørgje for ro og orden under NSDAP sine samkomer, og verne partiet mot angrep fra sosialdemokratar og kommunistar. Den 4. november 1921 heldt NSDAP eit stort møte i Hofbrauhaus i Munchen. Etter at Hitler hadde tala ei stund, braut det ut kaos, der eit lite kompani av Ordnertruppen skilde seg ut ved a sla ned all motstand. Sidan den hendinga vart organisasjonen kalla Sturmabteilung.

Under den populære leiaren, Ernst Rohm, fekk SA i meir framskoten posisjon i nazi-rørsla og rekrutterte tusenvis av medlemer. I 1922 oppretta NSDAP ein ungdomsorganisasjon, Jugendbund for gutar mellom 14 og 18 ar. Etterfølgjaren, Hitlerjugend , lag under SA fram til mai 1932.

SA utførte fleire valdshandlingar mot sosialistiske grupper gjennom 1920-talet. Dette skjedde typisk i sma gateslagsmal kalla Zusammenstoße , som tyder samanstøyt. Fra april 1924 til februar 1925 kjempa SA for a oppheve forbodet mot NSDAP.

Etter at Hitler vart kanslar i Tyskland i 1933 arbeidde SA for a styrke si makt. Mellom anna sag organisasjonen seg som ei erstatning for den tyske hæren. Dette utfordra hæren, Reichswehr , som kalla SA for det brune avskum . Leiarar i nazipartiet sag pa Rohm og det stadig mektigare SA som ein trussel for eigne ambisjonar. Mange av desse sag pa SA som ein farleg og radikal organisasjon, spesielt sidan det var vanleg at ein innanfor SA svor lojalitet til lokale SA-kommandørar i staden for til Hitler, eller nazipartiet som eit heile.

Fleire partimedlemer, inkludert Heinrich Himmler , forfalska ei melding som sa at Rohm hadde mottatt betaling fra Frankrike for a utføre eit attentat mot Hitler. Rohm var elles mislikt av mange, da det gjekk rykte om at han var homoseksuell.

Konfliktane mellom Gestapo og SA var dels basert pa personleg rivalisering, dels botna dei i sosialøkonomiske vilkar. Gestapo rekrutterte i hovudsak fra mellomklassen, mens SA-medlemmane vanlegvis kom fra arbeidarklassen og arbeidslause. SA hevda meir radikale atgjerder enn Gestapo, og meinte den nazistiske revolusjonen ikkje hadde var over med at Hitler vart kanslar.

Etterkvart fekk presset mot Hitler han til a gje ordre om aksjonere mot leiinga i SA. I dagane og nettene mellom 30. juni og 2. juli 1934, vart fleire titals leiarar i SA arresterte og avretta. Aksjonen er mellom anna kjend som Dei lange knivars natt .

Victor Lutze vart utnemnd til ny leiar av SA. Organisasjonen vart snart marginalisert innan nazirørsla. SS tok snøgt over den rolla SA hadde hatt. Dermed vart SA ein uviktig og undertrykt fraksjon i nazirørsla.

SA var aktivt fram til slutten av verdskrigen. Etter 1934 var organisjasjonen uvesentleg, med unnatak for krystallnatta . Under krystallnatta, vart alle SS- og SA-troppar vart sett inn for a øydelegge jødiske forretningar og synagogar.

SA-leiarar [ endre | endre wikiteksten ]

SA-leiarane vart tiltala som Oberster SA-Fuhrer , det er øvste SA-førar . Desse mennene var øvste førar for SA:

  • Emil Maurice (1920?21)
  • Hans Ulrich Klintzsche (1921?23)
  • Hermann Goring (1923)
  • Ingen leiar (1923?25)
  • Franz Pfeffer von Salomon (1926?30)
  • Adolf Hitler (1930?45)

I 1930 tok Adolf Hitler kommandoen for heile organisasjonen og var det fram til 1945, da gruppa vart oppløyst. Dette gjorde Hitler for a styrke kontrollen over SA. Den daglege drifta vart overlate til Stabschef SA , som omsett tyder 'SA sin personalsjef'. Etter 1931 var det stabssjefen som var kommandant over SA, og som handla i føraren , Hitler, sitt namn. Følgjande hadde denne posisjonen:

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]