Helgen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Det siste paskemaltidet mala av Simon Usjakov i 1685. Alle Jesu læresveinar , Judas Iskariot unnteken, vert rekna som helgenar; derfor er dei teikna med ein glorie .

Ein helgen eller eit heilagmenne er ein person som innan katolsk eller ortodoks kristendom vert rekna for a ha levt i særleg djup fellesskap med Gud . Helgenar finst og innan islam og hinduismen .

Helgenar i kristendommen [ endre | endre wikiteksten ]

Dei første helgenane [ endre | endre wikiteksten ]

Den kristne helgenkultens har opphav i feiringa av martyrane . Dei kristna feira tidleg dødsdagane til martyrane ved at dei heldt maltid eller nattverd ved grava deira. Da forfølgingane av dei kristne, som keisar Nero starta pa 60-talet , var over først pa 300-talet , bygde dei ofte kyrkjer over martyrgravene. Med tida byrja dei a dele pa leivningane ( relikvia ) etter martyrane slik at fleire kyrkjer kunne fa del i dei.

Etter at forfølgingstida tok slutt og færre leid martyrdøden, vart og munkar , nonner , jomfruer , eremittar og asketar helgenkara.

Helgenar innan Den romersk-katolske kyrkja [ endre | endre wikiteksten ]

Den katolske kyrkja lærer at alle menneske er kalla til a vere helgenar. Menneske som heilhjarta gar inn for a følgje Jesus Kristus , og med Guds nade opnar seg for han, kan ifølgje kyrkja si lære oppleve at naden kan verke uhindra i dei. Andre kristne kan be helgenane ga i forbøn for seg; etter katolsk syn er helgenane difor ikkje gjenstand for avgudsdyrking, men andre kan be dei ga i forbøn for seg.

Kyrkja har alltid hatt helgenar, men ordninga med a kare helgenar har endra seg gjennom tidene. Først pa 1300-talet vart det vanleg med kanoniseringar fra sentralt kyrkjeleg hald.

Det første leddet i heilagkaringsprosessen er at eit menneske vert æra som ein heilag. Sidan kan han eller ho lokalt verte saligkara ved ein beatifikasjon. For at ein person skal bli helgenkara, er det mellom anna eit krav at det skal vere dokumentert at det har skjedd under ved pakalling av den salige. Helgenkaringa skjer ved Paven .

Helgenar i ortodokse kyrkjer [ endre | endre wikiteksten ]

Den ortodokse kyrkja har ein enklare prosess for helgenkaring. Det er ingen formell prosedyre, og heilagkaringa vert utført av ein biskop . Kulten kan spreie seg ved at nye biskopar godkjenner heilagkaringa for sitt bispedømme eller ved at patriarken godkjenner karinga for heile kyrkja

Helgenar i protestantiske kyrkjer [ endre | endre wikiteksten ]

Dei protestantiske kyrkjene er vanlegvis imot helgenkult; mange reknar det for ei form for avgudsdyrking. Spesielt innan Den anglikanske kyrkja speler helgenane likevel ei viss rolle, helst som gode førebilete. Innan denne kyrkja kan det og finnast grupperingar som kan be ein helgen ga i forbøn for seg.

Dei viktigaste helgenane [ endre | endre wikiteksten ]

Blant helgenane har Jomfru Maria ein særstilling over alle andre. Ho har fleire minnedagar, og mange kyrkjer er vigde til henne.

Ein annan viktig helgen for heile kyrkja er Sankt Peter , den første paven i kyrkja.

I Sverige er den heilage Birgitta og Ansgar dei fremste helgenane.

I Noreg har den katolske tradisjonen sju helgenar:

I tillegg kan vi rekne med Hakon V , som truleg vart rekna som heilag fram til Reformasjonen , men som aldri vart formelt heilagkara. Skikken i Den katolske kyrkja er likevel at dersom det finst ein gammal helgenkult, kan ein person verte æra som helgen og utan heilagkaring. Dei siste ara har han difor blitt teken med i liturgien i katolske messer i Akershus slottskyrkje , som er gravkyrkja hans.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]