Guillaume Apollinaire

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Guillaume Apollinaire

Pseudonym Fernand Laviet
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 26. august 1880
Roma
Død

9. november 1918 (38 ar)
Paris

Yrke lyrikar , skribent , skodespelforfattar , kunstkritikar , dagbokskrivar , sensor , forteller , korrespondent , litteraturkritikar , teiknar
Sprak fransk
Sjanger blankvers
Medlem av Societe Normande de Peinture Moderne
Ektefelle Amelia Kolb
Signatur
Guillaume Apollinaire pa Commons

Guillaume Apollinaire ( 26. august   1880 9. november   1918 ), hans rette namn var Wilhelm Albert Włodzimierz Apolinary de W??-Kostrowicki (eller Kostrowitzky etter fransk ortografi), var ein av dei viktigaste franske poetane og forfattarane pa byrjinga av nittenhundretalet. Han var fødd i Roma av ei polsk grevinne, Angelika Kostrowicka; faren var truleg Francesco Flugi d'Aspermont, ein italiensk offiser som aldri hadde kontakt med sonen sin. Apollinaire, som vart fransk statsborgar 9. mars 1916 og tok del i kampane under fyrste verdskrigen , døydde i Paris av spanskesjuka , berre 38 ar gamal. Hans namn star pa minneplata i kyrkja Pantheon i Paris i opprekninga over dei skribentane som døydde for Frankrike under verdskrigen.

Apollinaire, som i sin ungdom var sterkt influert av den symbolistiske poesien og sa opp til dei unge poetane som seinare skulle danne kjernen av surrealistiske diktarar, Breton , Aragon og Soupault , er oppfinnaren av omgrepet ≪ surrealisme ≫. Han gjorde seg til talsmann for kunstnerisk avantgarde, som til dømes kubismen i malarkunsten. I 1913 gav han ut essayet Les Peintres cubistes (Dei kubistiske malarane) som gjorde sitt til a definere og gjere kjend denne nye retninga i malarkunsten, og skreiv og om Robert Delaunay og andre malarar som held seg til det abstrakte.

Han vart vidgjeten for poesien sin, og praktiserte det som han kalla calligramme , eit vis a setje opp dikta grafisk pa som gav dei form av teikningar. Med ≪kalligrammet≫ vart den klassiske maten a skrive poesi pa i vers og strofer skifta ut med ei visuell framstilling som skal sameine det unike ved sjølve skrivinga med det reproduserbare som det prenta verset pa boksida star for. Han blander gamalt med og nytt, tradisjonelle former med modernistisk bildesprak. Diktsamlinga Alcools fra 1913, frukta av hans poetiske arbeid heilt fra 1898, var den boka som fyrst gav han merksemd som poet.

Bibliografi [ endre | endre wikiteksten ]

Poesi :

  • Le Bestiaire ou cortege d'Orphee , illustrert med graveringar av Raoul Dufy , Deplanche, 1911, og med fargelitografiar av Jean Picart Le Doux , Les Bibliophiles de France , 1962.
  • Alcools , samling av dikt fra perioden 1898 - 1913, Mercure de France, 1913.
  • Vitam impendere amori , illustrert av Andre Rouveyre, Mercure de France, 1917.
  • Calligrammes, poemes de la paix et de la guerre 1913-1916 , Mercure de France, 1918.
  • Aquarelliste
  • Il y a... , posthum samling, Messein, 1925.
  • Ombre de mon amour , dikt tileigna Louise de Coligny-Chatillon, Cailler, 1947.
  • Poemes secrets a Madeleine , edition pirate, 1949.
  • Le Guetteur melancolique , poemes inedits, Gallimard, 1952.
  • Poemes a Lou , Cailler, diktsamling tileigna Louise de Coligny-Chatillon, 1915.
  • Soldes , poemes inedits, Fata Morgana, 1985
  • Et moi aussi je suis peintre , album med lyriske fargelagde ideogrammer pa prøvestadiet, medteke i samlinga Calligrammes , Le temps qu'il fait, 2006.

Romanar og forteljingar :

  • Mirely ou le Petit Trou pas cher , erotisk roman skrive under pseudonyme for ein bokhandel i rue Saint-Roch a Paris, 1900.
  • Que faire ? , roman-føljetong i avisa Le Matin .
  • Les Onze Mille Verges ou les amours d'un hospodar , 1907.
  • L'Enchanteur pourrissant , illustrert med graveringar av Andre Derain , Kahnweiler, 1909.
  • L'Heresiarque et Cie , forteljingar, Stock, 1910.
  • Les Exploits d'un jeune Don Juan , erotisk roman, 1911.
  • La Rome des Borgia , som er av Dalize, Bibliotheque des Curieux, 1914.
  • La Fin de Babylone - L'Histoire romanesque 1/3 , Bibliotheque des Curieux,1914.
  • Les Trois Don Juan - L'Histoire romanesque 2/3 , Bibliotheque de Curieux, 1915.
  • Le Poete assassine , forteljingar, L'Edition, Bibliotheque de Curieux, 1916.
  • La Femme assise , uferdig og utgjeve posthumt, Gallimard, 1920.
  • Les Epingles , forteljingar, 1928.

Kritikkar og kronikkar :

  • La Phalange nouvelle , konferanse, 1909.
  • L'Œuvre du Marquis de Sade , utval, introduksjon, bibliografiske essay og noter, Paris, Bibliotheque des Curieux, 1909, den fyrste antologien i Frankrike om marquis de Sade .
  • L'Œuvre poetique de Charles Baudelaire , introduction et notes a l'edition des Maitres de l'amour, Collection des Classiques Galants, 1924 Paris
  • Les Poemes de l'annee , konferanse, 1909.
  • Les Poetes d'aujourd'hui , konferanse, 1909.
  • Le Theatre italien , illustrert litterært leksikon, 1910
  • Pages d'histoire, chronique des grands siecles de France , 1912
  • La Peinture moderne , 1913.
  • Meditations esthetiques. Les Peintres cubistes , 1913.
  • L'Antitradition futuriste, manifeste synthese , 1913.
  • Le Flaneur des deux rives , chroniques, Editions de la Sirene, 1918.
  • Les Diables amoureux , recueil des travaux pour les Maitres de l'Amour et le Coffret du bibliophile, Gallimard, 1964.

Prosasamlingar og anna litteratur  :

  • Œuvres en prose completes. Tomes II et III , Gallimard, "Bibliotheque de la Pleiade", 1991 og 1993.
  • Petites merveilles du quotidien , attfunne tekstar, Fata Morgana, 1979.
  • Petites flaneries d'art , attfunne tekstar, Fata Morgana, 1980.

Teater og film :

  • Les Mamelles de Tiresias , surrealistisk draman i to aktar og ein prolog, 1917.
  • La Brehatine , filmmanuskript skrive i samarbeid med Andre Billy, 1917
  • Couleurs du temps , 1918
  • Casanova, comedie parodique , 1952.
  • Les Exploits d'un jeune Don Juan (L'Iniziazione) , filmatisering ved Gianfranco Mingozzi, fransk-italiensk produksjon fra 1987.

Brevveksling :

  • Lettres a sa marraine 1915?1918 , 1948.
  • Tendre comme le souvenir, lettres a Madeleine Pages , 1952.
  • Lettres a Lou , edition de Michel Decaudin, Gallimard, 1969.
  • Lettres a Madeleine. Tendre comme le souvenir , revidert og utvida utgave ved Laurence Campa, Gallimard, 2005.
  • Correspondance avec les artistes , Gallimard, 2009.

Dagbok :

  • Journal intime (1898-1918) , edition de Michel Decaudin, faksimile av upubliserte notat av Apollinaire, 1991.