Denne artikkelen handlar om filosofen. For matematikaren, sja
Friedrich Engel
.
Friedrich Engels
(
28. november
1820
–
5. august
1895
) var ein tysk politisk tenkjar fra 1800-talet. Saman med partneren sin,
Karl Marx
, utvikla Engels den vitskaplege
sosialismen
, ogsa kalla
marxismen
. Engels var medforfattar av
Det kommunistiske manifestet
, og redaktør av fleire band av Marx sitt hovudverk
Das Kapital
etter Marx var død.
Engels var fødd i
Barmen
i noverande
Wuppertal
i
Preussen
, i det noverande
Tyskland
, som eldste son av ein bedriftseigar. Som ung mann blei han send til
England
for a leie
bomulls
fabrikken
faren eigde i
Manchester
. Han blei sjokkert over den fattigdomen han sag, og skreiv ei skildring som blei utgitt i 1845 med den engelske tittelen
Condition of the Working Class in England
. Same aret begynte Engels samarbeidet med Marx, da dei fann ut at begge hadde same synet pa
kapitalismen
.
Engels levde ilag med ei irsk
arbeidarklasse
-kvinne som heitte Mary Burns til ho døydde, og sidan med søster hennar, Lizzie. Det er mogleg det var dei som introduserte han til arbeidar
stemmerettsrørsla
,
chartistane
. Engels var aktivt med i skipinga av
Den kommunistiske ligaen
i
London
i 1846. I 1847 begynte Marx og Engels arbeidet med Manifestet, som blei gitt ut i februar 1848.
Engels var aktivt med i
1848-revolusjonen
, i
Elberfeld
og
Baden
i Tyskland. I 1849 matte bade han og Marx rømme fra Tyskland for godt, og dei flytta permanent til England. Engels vigde resten av livet sitt til a redigere og omsette Marx sine skrifter, og a hjelpe til med a utvikle
arbeidarrørsla
, ikkje minst i heimlandet, der
det tyske sosialdemokratiske partiet
voks raskt i siste delen av hundrearet. Engels meinte pa slutten av livet sitt at legale arbeidsmatar kunne vere minst like effektive som gateslag etter kvart som arbeidarrørsla styrkte seg.
Friedrich Engels døydde i
London
i 1895.
Nokre av verka hans er:
Anti-Duhring
,
Naturdialektikken
,
Teser om Feuerbach
,
Opphavet til familien, privateigedomen og staten
,
Revolusjon og kontrarevolusjon i Tyskland
,
Den tyske ideologien (saman med Marx)
,
Den heilage familien (saman med Marx)
,
Bondekrigen i Tyskland
.
| Denne artikkelen
treng
referansar
for verifikasjon
.
Du kan
forbetra artikkelen
ved a leggja inn referansar til palitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang a markera dei setningane/pastandane som treng kjeldebelegg ved a tilføya
{{
tr
}}
etter pastanden.
(2023)
|