한국   대만   중국   일본 
Folkemord ? Wikipedia Hopp til innhald

Folkemord

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Folkemord er ei nemning brukt om ein medviten politikk som har som mal a utrydda eller svekkja ei folkegruppe . I Folkemordkonvensjonen fra SN blir dette brotsverket definert som:

≪dei handlingane som er nemnde nedanfor gjorde med det for auget a øydeleggja heilt eller delvis ei nasjonal, etnisk, rasemessig eller religiøs gruppe i og for seg:

  • a drepa medlemer av gruppa;
  • a gjera alvorleg lekamleg eller sjeleleg skade pa medlemer av gruppa;
  • med vilje a la gruppa bli utsett for levevilkar som tek sikte pa a føre til heil eller delvis fysisk øydelegging av gruppa;
  • a patvinge tiltak som tek sikte pa a hindre fødslar innanfor gruppa;
  • med makt a overføre barn fra gruppa til ei anna gruppe.≫

Bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

Under den andre verdskrigen laga den polsk-jødiske juristen Raphael Lemkin omgrepet genocid ( gresk genos , ' familie ', ' stamme ' og cide , ' mord '). Folkemord var, ifølge Lemkin, a drepa andre menneske pa grunn av kva dei var, for eksempel ut fra trusretning, etnisk tilhøyrsle, seksuell legning eller kjønn, og ikkje pa grunn av noko dei hadde gjort.

Etter lang tids interesse for den omdiskuterte armenia-massakren , og det jødiske holocaust som fann stad pa hans eiga tid, ville Lemkin laga ein lov som kunne visa at systematiske drap pa menneske pa grunn av rase , religion eller overtydingar var eit brotsverk verre enn alle andre. Loven skulle hindra slike grufulle handlingar fra a bli gjorde igjen.

I 1948 fekk Lemkin gjennomslag for loven som ein del av folkeretten i SN, og han gjeld den dag i dag. Skyldige i folkemord kunne fra no av dømmast for ein internasjonal domstol. Den internasjonale straffedomstolen i Haag handsamar rettssaker mot personar sikta for mellom anna folkemord.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]