Den julianske kalenderen
er eit
kalendersystem
som vart innført av
Julius Cæsar
i ar
46 f.Kr.
[1]
Han var ein reformert versjon av
den romerske kalenderen
, og byrja 1. januar
45 f.Kr.
Etter den julianske kalenderen er det 365 dagar i vanlege ar, og
skotar
med 366 dagar kvart fjerde ar, utan unntak. Dette var ei klar forbetring over den gamle romerske kalenderen, som hadde 355 dagar annakvart ar, og vekselvis 377 og 378 dagar i ara imellom. Det var den greske astronomen og matematikaren
Sosigenes
som føreslo denne ordninga for Cæsar i ar 47 f.Kr.
[2]
Den julianske kalenderen var i bruk i Romarriket, og spreidde seg vidare som
kristen liturgisk kalender
. Nar ei folkegruppe blei kristna tok dei som regel ogsa i bruk kalenderen til kyrkja dei kom i kontakt med. Kristne Nubia og Etiopia tok dermed i bruk
den alexandrinske kalenderen
, medan kristne Europa tok i bruk den julianske kalenderen. Europeiske koloniar brukte sameleis denne kalenderen. Det siste landet som tok i bruk den julianske kalenderen var
Det osmanske riket
, som brukte han som finanskalender under namnet
rumi-kalenderen
('den romerske kalenderen') i 1840.
I
1582
gjekk
pave Gregor XIII
inn for a byta den julianske kalenderen ut med ein enda meir nøyaktig variant, fordi den julianske hade eit avvik pa 11 minutt pr. ar fra det astronomiske aret. Dei fleste katolske land adopterte raskt
den gregorianske kalenderen
. Protestantiske og ortodokse statar følgde etter litt etter litt, og i dag har dei fleste gatt over til den gregorianske kalenderen.
Mange ortodokse kyrkjesamfunn, t.d. den russisk-ortodokse kyrkja, brukar framleis ein variant av den julianske kalenderen. Det er difor religiøse høgtider i Aust-Europa sjeldan fell saman med dei same høgtidene i den norske kyrkja, som gjekk over til a bruka den gregorianske kalenderen i februar
1700
. I
2005
feira ein t.d. paske den
27. mars
i Noreg, men den
1. mai
i Russland, sjølv om bae landa i dag brukar den same kalenderen.
Av di den julianske kalenderen hadde vore brukt so lenge at alle kalendrar lag fleire dagar ≪etter skjema≫, matte aret mista nokre dagar i samband med at kalenderen skulle bytast ut. Dette problemet vart handtert pa ulike vis i ulike land. I Noreg vart februar ekstra kort det aret ein slutta a bruka den julianske kalenderen, og da kan det vel henda at folk klaga nar dei t.d. matte betala full manadsleige pa inntekta av ei halv manads arbeid! Den julianske kalenderen vart da kalla
gammal stil
.
[3]
I
Sverige
prøvde dei difor ei mjukare overgang fra ar 1700 og framover, men det vart berre vas, og etter 12 ar gjekk svenskane attende til den julianske kalenderen, som dei heldt pa til
1753
. Da gjorde dei nøyaktig som Noreg hadde gjort 53 ar tidlegare.
Russland
brukte den julianske kalenderen heilt fram til etter
den russiske revolusjonen
tidleg pa 1900-talet. Det er difor det heiter ≪
Oktoberrevolusjonen
≫ sjølv om han skjedde i november etter norsk tidsrekning. Tyrkia gjekk over fra den julianske kalenderen (for finans) 16. februar\1. nars 1917. Russland gjorde endringa den 1./14. februar 1918.
[4]
Hellas
endra den sivile kalenderen sin fra tradisjonell juliansk til ein revidert versjon med datoar som svarte til dei i den gregorianske den 16. februar/1. mars 1923. Nasjonaldagen, som ogsa var ei religiøs høgtid, skulle følgja kalenderen til kyrkja, men ogsa denne gjekk over til den reviderte julianske kalenderen aret etter. I dag er det Hellas det einaste landet som offisielt bruker den julianske kalenderen, i revidert utgave.
[5]
[6]
I 1924 hadde dei fleste
ortodokse
land hadde teke i bruk den gregorianske kalenderen, men statskyrkjene deira hadde ikkje gjort det. Eit kyrkjemøte i Konstantinopel i mai 1923 gjekk inn for ein revidert juliansk kalender føreslatt av den serbiske vitskapsmannen
Milutin Milankovi?
.
Denne kalenderen hadde ein solar del som gjer datoane identiske med dei til den gregorianske kalenderen fram til ar 2800, og ein lunar del som fastset paska astronomisk i
Jerusalem
. Alle dei ortodokse kyrkjene nekta a godta den lunare delen, sa dei heldt fram med a feira pasken etter den tradisjonelle julianske kalenderen. Eit unntak er
den finske ortodokse kyrkja
, som bruker gregoriansk
paschalion
.
[7]
[8]
Berre ein del av dei ortodokse kyrkjene godtok den solare delen av den reviderte julianske kalenderen. Dei som gjorde det var
Det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel
, patriarkata i
Alexandria
og
Antiokia
,
Den greske ortodokse kyrkja
,
Den kypriotiske ortodokse kyrkja
,
Den rumenske ortodokse kyrkja
,
Den polske ortodokse kyrkja
(fra 1924 til 2014; da denne kalenderen blei valfri for einskilde kyrkjelydar),
Den bulgarske ortodokse kyrkja
(i 1963) og
Den amerikanske ortodokse kyrkja
(der sokn har løyve til a bruka den tradisjonelle julianske kalenderen). Desse kyrkjene feirar dermed
juledag
pa same dag som vestlege kristne kyrkjer, 25. desember etter gregoriansk kalender fram til 2799.
Patriarkatet i Jerusalem
,
Den russisk-ortodokse kyrkja
,
Den serbiske ortodokse kyrkja
,
den montenegrinske ortodokse kyrkja
, den polske ortodokse kyrkja (fra 15. juni 2014),
Nord-Makedonia
,
Det georgiske patriarkatet
,
Den ukrainske ortodokse kyrkja
og
dei greske gammalkalendristane
og andre grupper har halde fram med, eller gatt tilbake til, den tradisjonelle julianske kalenderen. Desse kyrkjene feirer juledagen den 25. desember ettr juliansk skikk, tilsvarande 7. januar i den gregorianske kalenderen fram til 2100).
Dei fleste ortodokse kyrkjer bruker den julianske kalenderen til a
finna datoen for paske
, som alle rørlege høgtider byggjer pa.
[9]
Den julianske kalenderen er framleis i bruk av
berbarar
i Nord-Afrika i form av
berbarkalenderen
.
[10]
- ↑
Richards, E.G. (2013):
Explanatory Supplement to the Astronomical Almanac
, s. 595.
- ↑
Dialetis, Dimitris (2007): ≪Sosigenes of Alexandria≫ i: Hockey, Thomas; et al.:
Biographical dictionary of astronomers. vol. II
, M-Z. Springer. s. 1074.
- ↑
≪Gammel stil≫
,
Store norske leksikon
, 14. oktober 2011
, henta 13. august 2014
- ↑
Social Security Administration (26 August 2005).
≪GN 00307.180 Gregorian/Julian calendar≫
. Henta
27 July
2016
. ≪Although the Russian authorities officially changed calendars in 1918, individual registrars particularly in remote areas continued to use the old calendar for as long as ten years.≫
- ↑
Social Security Administration publication GN 00307.180 ? Gregorian/Julian calendar
.
- ↑
Milan S Dimitijevic,
Milutin Milankovi? and the reform of Julian calendar on ecoumenical congress in Constantinople in 1923
, Conference paper: International Conference The Life and Work of Milutin Milancovic, Past, Present, Future, 19?21 July 2019, Belgrade.
- ↑
≪Estonian Orthodox Church (Estonian Events)≫
. Vancouveri Eesti Apostliku Oigeusu Kirik. 2010.
- ↑
Bishop Photius of Triaditsa,
"The 70th Anniversary of the Pan-Orthodox Congress, Part II of II"
;
≪HELSINGIN SANOMAT (International edition)≫
. 21 September 2007.
- ↑
Towards a Common Date of Easter.
Arkivert
2017-06-20 ved
Wayback Machine
. (5?10 March). World Council of Churches/Middle East Council of Churches Consultation, Aleppo, Syria.
- ↑
Oxby, Clare (1998). ≪The manipulation of time: Calendars and power in the Sahara≫.
Nomadic Peoples, New Series
2
(1/2): 137?149.
JSTOR
43123542
.