한국   대만   중국   일본 
DS ≪Neptun≫ (1930) ? Wikipedia Hopp til innhald

DS ≪Neptun≫ (1930)

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

DS ≪Neptun≫ i Haugesund
Karriere   Noreg
Namn: DS ≪Neptun≫
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri i Bergen
Byggekostnad: 779 963 kr. [1]
Verftsnummer: 142
Jomfrutur: Februar 1930
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LGNU - LHSB
Lagnad: Ukjend
Generelle mal
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 1 574 brt , 905 nrt
Daudvekt: 1 770 tdw.
Lengd: 240,5 fot (73,3 m)
Breidd: 35,7 fot (10,9 m)
Djupgang: 21,7 fot (6,6 m)
Installert effekt : NHK 200 IHK 900
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Laxevaag)
Fart: 10,5 knop
Passasjerar: 10 passasjerar
Karriere   Liberia
Namn: DS ≪Los Incas≫
Eigar: West Indies Transport Corp.
Kjøpt: Juli 1956
Heimehamn: Monrovia
Karriere   Panama
Namn: DS ≪Eagles≫
Eigar: Viaer Reyes Cia. Nav. S. A.
Kjøpt: 1961
Heimehamn: Panama

DS ≪Neptun≫ (kallesignal LGNU - LHSB) var eit dampskip bygt i 1930 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon a namngje skipa sine etter fenomen og objekt pa nattehimmelen. Neptun er ein av planetane i solsystemet. Dette var det andre skipet i flaten til BDS med dette namnet, etter DS ≪Neptun≫ fra 1890.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Skipet vart bygt ved Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri i Bergen og kosta nesten 800 000 kroner [1] da det vart levert i februar 1930. [2] Skipet gjorde den første prøveturen sin pa Byfjorden den 3. februar 1930. [3] Skipet gjekk inn i ruta mellom Vadsø og Hamburg .

Ein eller annan gong i november 1931 kolliderte ≪Neptun≫ med DS ≪Polarlys≫ nordpa og fekk noko skade. 18. november gjekk skipet i dokk i Laksevag for a reparere og skifte plater i skroget. [4] Reparasjonen tok berre ein dag og 20. november drog skipet vidare til Hamburg.

11. desember 1931 gjekk skipet pa grunn i snøtjukka i Magerøysundet mellom Hammerfest og Honningsvag , i nærleiken av Risviknes fyrlykt. Skipet stod fast fra baugen til formasta, men var ikkje lekk. Midt pa natta var det høg nok flo til at skipet kom seg flott pa eiga hand og det kunne halde fram reisa. Det vart likevel undersøkt av dykkarar i Vardø . [5]

9. februar 1933 kom skipet nordfra til Melbo , der det skulle laste 3 200 sekkar sildemjøl som skulle til Hamburg. Skipet vart fortøydd til to stalwirar , mellom anna i ein bolt i fjellveggen. Litt etter midnatt bles det opp til storm med snøbyer. Lastinga matte stoppast og etter kvart rauk mellom anna fortøyinga til fjellveggen. Skipet dreidde opp og hogg mot kaien. Ei 10- toms manillatrosse vart sa sett ut og festa til eit skjer, men og denne rauk. Ute pa hamna lag Ofotens Dampskibsselskab sitt DS ≪Barøy≫ pa den einaste ankerplassen som fanst pa staden. Stormen vart stadig verre og nærma seg orkan styrke, medan hogging mot kaien vart kraftigare og kraftigare. Store bitar av kaien fall i sjøen. Dei prøvde sa a ga fra land for a ankre opp i hamna, men skipet tørna da mot ≪Barøy≫, og begge skipa fekk stor skade. ≪Neptun≫ fekk ut eit anker, men det heldt ikkje og byrja a dregge. Ein matte derfor ga inn til kaien att, men her fortsette hogginga. Nokre sildebinger hamna pa sjøen i lag med 30 fat sildeolje. Dei valde derfor a prøve oppankring ein gong til, denne gongen med meir ankerkjetting ute, og denne gangen heldt det, med skipet berre nokre famnar fra eit skjer. ≪Neptun≫ fekk fleire bulkar og rekkja var dels knekt, medan diverse wirar og manillatrosser var gatt tapt. [6] Skaden pa ≪Barøy≫ vart taksert til 16 000 kroner. [7]

Da tyskarane angreip Bergen den 9. april 1940, var ≪Neptun≫ blant fleire skip som var pa veg til byen. Ni fartøy vart stoppa sør for Bergen av norske patruljebatar og sende andre stader. ≪Neptun≫ vart sendt til Fanafjorden i lag med DS ≪Vestra≫ og DS ≪Jarl≫ , og seinare flytta til Bjørnefjorden , der det den 12. april vart rekvirert av det norske forsvaret og fekk ordre om a ga til Hardangerfjorden . Mot slutten av manaden vart skipet og DS ≪Hellesund≫ i Ulvik for a losse noko av lasta, som hovudsakleg bestod av matvarer. Det segla bort fra omradet før kampane her starta. ≪Hellesund≫ vart verande i Ulvik og vart seinare kapra av tyskarane. [8]

≪Neptun≫ gjekk sa i opplag nær Varaldsøy . 13. november 1944 lag skipet ankra opp ved Sandviken i Bergen da det sokk, truleg som følgje av ein sabotasjeaksjon. Ein av mannskapet ombord var knytt til fleire ulovlege organisasjonar i motstandsrørsla, og trass i at det var tyske vakter ombord, klarte han a feste eksplosivar pa babord side midtskips. Nokre timar seinare gjekk eksplosjonen av og laga eit hol i skutesida. Skipet vart flytta til grunnare vatn mellom Rieberboden nær Kristiansholm i Bergen hamn og her sokk Neptun med dekket i vasslinja. Matrosen vart seinare arrestert av Gestapo og dømd til døden, men vart redda fra avretting sidan krigen slutta. [8] ≪Neptun≫ vart heva og taua til Stamnes i Osterfjorden , der det lag i opplag resten av krigen. [8]

I 1945 vart skipet sett attende i teneste og nytta i ruta Trondheim -Bergen- Antwerpen i 1946 i lag med DS ≪Cygnys≫ og DS ≪Columba≫ .

I 1948-1949 vart denne linja overteken av BDS sine nye MS ≪Leo≫ og MS ≪Lynx≫ , medan ≪Neptun≫ og ≪Columba≫ vart sette inn i ruta Trondheim-Bergen-Hamburg i lag med MS ≪Centaurus≫ . ≪Neptun≫ fortsette i denne linja i 1951 i lag med Nordenfjeldske Dampskibsselskab sine ≪ DS ≪Orm Jarl≫ ≫ og MS ≪Ottar Jarl≫ . Fra 1952 vart skipet nytta i Den Norsk-Tyske Hamburglinje, ei felles rute med dei tyske selskapa Ernst Russ og A. Kirsten, der BDS nytta ≪Columba≫ og ≪Neptun≫. I 1955 tok MS ≪Diana≫ , MS ≪Sirius≫ og MS ≪Deneb≫ tok over ruta til Hamburg. [8]

I juli 1956 vart skipet selt til West Indies Transport Corp. i Monrovia i Liberia og fekk namnet ≪Los Incas≫ . I 1961 vart skipet selt vidare til Viaer Reyes Cia. Nav. S. A. i Panama og vart omdøypt ≪Eagle≫ . I 1965 var skipet utgatt av Lloyd's Register utan opplysingar i Wreck Returns , sa kva lagnad skipet fekk er ukjend. Det er derimot trudd at det vart selt til bruk i filminnspelingar ved Long Beach i USA og at det vart observert der sa seint som kring 1980. [8]

Skipet [ endre | endre wikiteksten ]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 574 brt , 905 nrt og lasteevna var 1 770 dødvekttonn . Volumet i lasterommet var 2 449  , der 459 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin , levert av verftet pa Laksevag. Oppgjeven yting var 900 iHk (indikerte hestekrefter) og 200 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart pa 10,5 knop . [1] Sjølv om skipet primært var eit lasteskip, kunne det ta ti passasjerar.

Skipet fekk ny radio i 1939.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 ≪D/S Castor≫ . Sjøhistorie.no . Henta 29. juni 2020 .  
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). ≪Det Bergenske Dampskipselskap - del 1≫ . Skipet . Nr. 1 (Radal: Skipet). Volum 14: 51 . Henta 28. juni 2020 .  
  3. ≪Havnen≫ . Bergen: Bergens Tidende . 3. februar 1930. s. 9 . Henta 29. juni 2020 .  
  4. ≪Havnen≫ . Bergen: Bergens Tidende. 18. november 1931. s. 9 . Henta 29. juni 2020 .  
  5. ≪Bergenskes ≪Neptun≫ pa grunn i Magerøysundet≫ . Bergen: Bergens Tidende. 12. desember 1931. s. 5 . Henta 29. juni 2020 .  
  6. ≪B.D.S. ≪Neptun≫ var undergangen nær i Melbo siste tur≫ . Bergen: Bergens Tidende. 18. februar 1933. s. 5 . Henta 1. august 2020 .  
  7. ≪Kollisjon mellom ≪Neptun≫ og ≪Barøy≫≫ . Bergen: Bergens Tidende. 18. februar 1933. s. 9 . Henta 1. august 2020 .  
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 ≪D/S Neptun≫ . USA: Warsailors.com . Henta 1. august 2020 .   [ daud lenkje ]