한국   대만   중국   일본 
Borgarrettsrørsla i USA ? Wikipedia Hopp til innhald

Borgarrettsrørsla i USA

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Borgarrettsrørsla i USA stod bak Marsjen mot Washington i 1963, der fleire hundretusen afroamerianarar og støttespelarar samla seg for a krevja fleire rettar.
Fire leiande skikkelsar i den amerikanske borgarrettsrørsla: W.E.B. Du Bois , Malcolm X , Rosa Parks , Martin Luther King

Borgarrettsrørsla i USA fra 1955 til 1968 var ei politisk rørsle i USA som hovudsakleg arbeidde for a skaffa dei svarte eller afroamerikanske innbyggjarane i landet borgarrettar (som retten til a røysta ved val) pa lik linje med kvite, og fjerna rasistisk diskriminering mot svarte amerikanarar. Denne artikkelen dekker den historiske fasen til rørsla mellom 1955 og 1968 , særleg i Sørstatane .

Rørsla var karakterisert av betydelege kampanjar av sivil motstand. Mellom 1955 og 1968 var det mange ikkjevaldelege aksjoner og sivil ulydnad som førte til krisesituasjonar mellom aktivistar og styresmakter. Føderale, statlege og lokale styresmakter, forretningar og samfunn matte ofte svara raskt pa desse situasjonane som framheva urettvisa som afroamerikanarar møtte. Former for protestar og/eller sivil ulydnad inkluderte aksjonar som boikott , som Bussboikotten i Montgomery (1955?1956) i Alabama ; ≪sit-ins≫, slik som den paverknadsrike sit-in-aksjonen i Greensboro (1960) i Nord-Carolina ; demonstrasjonsmarsjar , slik som marsjane fra Selma til Montgomery (1965) i Alabama; og ei rekkje andre ikkjevaldelege aktivitetar og politiske demonstrasjonar.

Kjende vinningar i lovverket i denne fasen av borgarrettsrørsla var vedtaket om Loven om borgarrettar fra 1964, som forbaud diskriminering basert pa ≪rase, hudfarge, religion, eller nasjonalt opphav≫ i tilsetjingsprosessar og innan offentlege tenester (som utdanning og transport); Loven om rett til deltaking i politiske val fra 1965, som gjenoppretta og verna om retten til a røysta; Loven om immigrasjon og nasjonalitet fra 1965 som oppheva det nasjonale kvotesystemet som var blitt innført i USA pa 1920-talet og dramatisk opna for innvandring fra andre delar av verda enn Europa; og Loven om borgarrettar fra 1968 (og kalla for Indianske borgarrettar eller ≪Fair Housing Act≫) som la ned forbod mot diskriminering ved sal eller leige av hus eller leilegheiter. [1] Afroamerikanarar fekk høve til a delta i politikken i Sørstatane , og over heile USA blei unge inspirerte til politisk deltaking og handling. Framvoksteren av Black Power -rørsla, som varte fra rundt 1966 til 1975, utvida mala til borgarrettsrørsla til a omfatta etnisk byrgskap, økonomisk og politisk sjølvforsyning og fridom fra undertrykking av kvite amerikanarar.

Bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

Skilt fra Georgia i USA ved ein busstasjon i 1943 som delte reisande i kvite og farga.
Ein afroamerikansk ungdom ved ei raseskild drikkefontene i Nord-Carolina , i 1938.

Etter det omstridde valet i 1876 som stod for slutten av rekonstruksjonstida fekk kvite i Sørstatane politisk kontroll over regionen etter aukande truslar og vald i vala. Systematisk vekktaking av røysteretten til afroamerikanarar skjedde i Sørstatane fra 1890 og til 1908 og heldt fram fram til lovane for nasjonale borgarrettar blei vedtekne pa midten av 1960-talet. I meir enn 60 ar blei til dømes svarte i Sørstatane ikkje i stand til a velja nokon som kunne representera deira interesser i kongressen eller hja lokale styresmakter. [2]

I løpet av denne tida hadde Det demokratiske partiet , som var heilt dominert av kvite, fatt kontroll over Sørstatane. Det republikanske partiet (≪partiet til Lincoln≫), som hadde vore det partiet dei fleste svarte tilhøyrde, skrumpa inn til a bli ubetydeleg da svarte stemmer blei undertrykte. Ved byrjinga av 1900-talet var bortimot alle valde politikarar i Sørstatane demokratar.

I løpet av den same tida der afroamerikanske ikkje fekk delta i vala, paførte kvite demokratar raseskilje gjennom lovvedtak. Vald og brutalitet mot svarte auka. Systemet med openlys rasisme og diskriminering som var godkjent av styresmaktene etter rekonstruksjonstida i Sørstatane blei kjent som ≪Jim Crow-systemet≫ . Det blei verande intakt fram til tidleg pa 1950-talet. Medan problema og overgrepa mot borgarrettar var pa det mest intense i sør, var det sosiale spenningar som paverka svarte og i andre omrade av USA. [3]

Denne perioden omfatta visse ordningar som raka mange afroamerikanarar:

  • Raseskilje . Ved lov blei offentlege nyttemiddel og tenester (som utdanning) delt i skilde ≪kvite≫ og ≪farga≫ delar. [4] Dei som var meinte for farga hadde mindre økonomiske middel og darlegare kvalitet.
  • Frateken røysterett . Da kvite demokratar fekk makta, vedtok dei lovar som gjorde det umogleg for svarte a røysta. Svarte stemmegjevarar blei jaga bort fra stemmelokala. Talet pa afroamerikanske stemmar sokk dramatisk, og dei var ute av stand til a velja eigne representantar. Fra 1890 til 1909 hadde Sørstatane i det som utgjorde dei tidlegare Confederate States of Amerika oppretta grunnlovar som tok høvet til a stemma vekk fra titusentals afroamerikanarar.
  • Utnytting . Aukande økonomisk undertrykking, eksploatering og utnytting av svarte, latinamerikanarar og asiatar, vekktaking av økonomiske høve, og utstrekt diskriminering ved tilsetjing og i arbeidslivet.
  • Vald . Individuell vald, vald fra politiet og organisasjonar, og folkeleg masseverknad til rasistisk vald mot svarte, særleg i Sørstatane, mot latinamerikanarar i sørsveststatene og asiatar i California .

Afroamerikanarar og andre etniske minoritetar avviste dette styret. Dei kjempa mot det pa mange vis og prøvde a oppna betre moglegheitar gjennom rettsvesenet, nye organisasjonar, politisk oppreist og arbeidarorganiseringar som fagforeiningar . Foreininga National Association for the Advancement of Colored People (NAACP) blei oppretta i 1909. Ho søkte a fa slutt pa rasediskriminering gjennom rettssystemet, utdanning og driva lobbyverksemd retta mot særskilde politikarar og organisasjonar. Ho fekk ein juridisk siger i høgsteretten i USA i saka ≪Brown mot skulestyret≫ i 1954 som avviste skilje mellom kvite og farga i skulesystemet, og som ved implikasjon velta den sjølvmotseiande doktrinen om at ein var ≪skilde men like≫ som var blitt etablert i saka ≪Plessy mot Ferguson≫ fra 1896.

Situasjonane for svarte utanfor Sørstatane var noko betre. I dei fleste statane kunne dei stemma og senda barna sine til skule, men dei møtte framleis diskriminering i høve til a skaffa seg hus og i yrkeslivet. Fra 1910 til 1970 søkte afroamerikanarar eit betre liv ved a utvandra nordover og vestover. Bortimot sju millionar svarte forlet Sørstatane i det som i dag er kalla for ≪Flukta fra Sørstatane≫. [5] [6]

Styrka av dei juridiske sigrane, og frustrert over mangelen av umiddelbar praktisk verknad, avviste private borgarar i aukande grad den gradvise, juridiske tilnærminga som det fremste middelet til a oppheva raseskiljet. Dei blei møtte med ≪massiv motstand≫ i Sørstatane av tilhengarar av raseskilje og at svarte ikkje skulle ha lov til a røysta. Som utfordring nytta afroamerikanarar ein kombinert strategi av direkte aksjon med ikkjevaldeleg motstand, kjent som sivil ulydnad. Dette førte fram borgarrettsrørsla i USA i tida 1955?1968.

Masseaksjonar i staden for rettssaker [ endre | endre wikiteksten ]

Strategien med offentleg utdanning, lobbyverksemd for betre og meir rettferdig lovgjeving og bruk av rettssystemet som hadde vore karakteristisk for borgarrettsrørsla i løpet av den første halvdelen av 1900-talet blei langt breiare etter ≪Brown mot skulestyret≫. Det gjekk over til a omfatta og framheva ≪direkte aksjon≫ ? hovudsakleg boikottar, sit-ins, ≪Freedom Rides≫, politiske demonstrasjonar og liknande politisk aktivitet som var avhengig av massemobilisering, ikkjevaldeleg motstand og sivil ulydnad. Denne strategien var typisk for rørsla fra 1960 til 1968.

Kyrkjene, som var sentrum i svarte samfunn, lokale grasrotorganisasjoner, brorskapsamskipnader, og forretningar som hadde svarte eigarar, mobiliserte frivillige til a delta i breitt retta aksjonar og demonstrasjonar. Desse var langt meir direkte og potensielt langt raskare matar til a skapa samfunnsendringar enn dei tidlegare meir tradisjonelle, høflige og langsamare tilnærmingane via rettsvesenet som ofte møtte frustrerande avslag og motgang.

I 1952 organiserte Regional Council of Negro Leadership (RCNL), leia av den afroamerikanske kirurgen, entreprenøren og gardbrukaren T.R.M. Howard, ein suksessfull boikott av bensinstasjonar i Mississippi som nekta svarte tilgang til toalett. Gjennom RCNL leia Howard kampanjar som avslørte brutaliteten til det amerikanske trafikkpolitiet i Mississippi og ved a oppmuntra svarte til a oppretta bankkonto i den afroamerikansk-eigde Tri-State Bank i Nashville . Som gjenyting gav banken lan til borgarrettsaktivistar som var offer for ≪credit squeeze≫, det vil seia pastatt mangel pa likviditet , fra White Citizens' Council, ein rasistisk organisasjon oppretta i 1954 i Sørstatane som hevda kvit overlegenheit, og som arbeidde aktivt for a oppretthalda raseskilje og undertrykkinga av svarte. [7]

Rosa Parks i 1955, med Martin Luther King i bakgrunnen.

Etter at Rosa Parks blei arrestert den 1. desember 1955 for ikkje a ha gitt fra seg bussetet sitt til ein kvit person, blei interesseorganisasjonen Montgomery Improvement Association (MIA) oppretta den 5. desember av svarte prestar og samfunnsleiarar i Montgomery i delstaten Alabama. Under leiarskap av særleg Martin Luther King jr . og Edgar Nixon var MIA medverkande i organiseringa av bussboikotten i Montgomery , ein politisk og sosial protestaksjon retta mot raseskiljelovane i den offentlege transporten i byen. Gruppa heldt boikottane gaande i over eit ar før ein føderal rett gav byen ordre om a oppheva raseskiljet i bussane. Det var ein suksessrik kampanje som retta eit stort nasjonalt fokus pa raseskiljet i Sørstatane og medverka til at King fekk nasjonal merksemd som talsmann for afroamerikanske rettar. Boikotten inspirerte og andre boikottaksjonar, som den særs suksessrike boikotten i 1956?1957 i Tallahassee i Florida . [8]

I 1957 slo Martin Luther King jr. og pastor John A. Duffy, som begge var leiarar fra MIA, seg saman med andre kyrkjeleiarar med tilsvarande erfaringar for a oppretta borgarrettsorganisasjonen Southern Christian Leadership Conference (SCLC). Organisasjonen hadde hovudkvarter i Atlanta i Georgia . I staden for a danna eit nettverk av lokalavdelingar slik som NAACP hadde gjort, gav han opplæring og leiarskapsstøtte til lokale forsøk pa a kjempa mot raseskilje og rasistisk undertrykking. SCLC samla inn økonomiske bidrag, hovudsakleg fra kjelder i Nordstatane, for a støtta slik aksjonar. Han gjorde ikkjevald bade til eit sentralt prinsipp og den fremste metoden for a konfrontera undertrykking og rasisme.

I 1959 grunnla Septima Clarke, Bernice Robinson, og Esau Jenkins, med hjelp fra Highlander Folk School i Tennessee, dei første Citizenship Schools eller ≪medborgar-skulane≫ i Sea Islands i Sør-Carolina. Dette var ein type vaksenopplæring som lærte svarte lese- og skrivekunne slik at dei var i stand til a klara prøvene ved politiske val (dei som ikkje kunne lesa blei nekta a røysta). Programmet var ein stor suksess og gav ein trefjerdels auke av talet pa svarte stemmar pa Johns Island. SCLC overtok opplegget og fordobla resultatet andre stadar.

Hovudhendingar [ endre | endre wikiteksten ]

Saka ≪Brown mot skulestyret≫ [ endre | endre wikiteksten ]

Skuleintegrering ved Barnard School i Washington, D.C., 1955

1951 var eit ar der svarte studentar gjorde oppreist mot utdanningssystemet i Virginia. Pa denne tida var den vidaregaande skulen ( high school ) Moton i fylket Prince Edward rasedelt. Studentane hadde avgjort at dei vlle ta saka i eigne hende for a kjempa mot to problem: overfylte klasserom og ueigna tilhøve ved skulen. Denne atferda fra svarte i Sørstatane var uventa og sterkt mislikt av dei kvite makthaldarane i Sørstatane, som hadde faste oppfatningar om at svarte skulle vera underdanige pa alle vis. Ein del lokale leiarar fra NAACP hadde prøvd a fa elevane til a ga bort fra protesten. Da elevane likevel ikkje trekte seg, gav NAACP dei støtte i kampen. Dette blei ein av dei fem første sakene som bygde opp til rettssaka kjend som ≪Brown mot skulestyret≫. [9]

Den 17. mai 1954 gav høgsteretten i USA avgjerda si i saka Brown mot skulestyret, der saksøkaren skulda utdanninga av svarte barn i offentlege skular skild fra kvite barn var i strid mot grunnloven. Høgsteretten slo at fast ≪raseskilje mellom kvite og farga barn i offentlege skular har ein skadeleg verknad pa farga barn. Verknaden er større da han har heimel i loven; for politikken med a skilja rasar er det vanlegvis tolka som tyding for underlegenheit for negergruppa.≫

Den 18. mai 1954 blei Greensboro den første byen i Sørstatane som offentleg annonserte at han ville følgja avgjerda fra høgsteretten. Skulestyret stemte seks mot ein for a støtta avgjerda. Denne positive mottakinga pa høgsterettsavgjerda, saman med utnemninga av afroamerikanske dr. David Jones til skulestyret i 1953, overtydde talrike kvite og svarte borgarar om at Greensboro gjekk framover og blei ein pilspiss i skuleintegrering. Integreringa i Greensboro skjedde ganske fredeleg samanlikna med andre sørstatar som Alabama, Arkansas, og Virginia der det var ≪massiv motstand≫. [10]

Rosa Parks og bussboikotten i Montgomery, 1955?1956 [ endre | endre wikiteksten ]

National City Line si-bussen, nr. 2857, som Rosa Parks sat før ho blei arrestert, er i dag stilt ut pa Henry Ford Museum .

Den 1. desember 1955 nekta Rosa Parks a gje fra seg sit sedde pa ein offentleg buss for a gje plass til ein kvit passasjer. Ho var sekretær for NAACP si lokalavdeling i Montgomery og hadde nyleg kome attende fra eit møte ved Highlandersenteret i Tennessee der ikkjevaldeleg sivil ulydnad som strategi var blitt diskutert. Parks blei arrestert av politiet, skulda og dømt for forstyrrelse av orden og brot mot lokale avgjerder. Etter at nyhendet om dette nadde det svarte samfunnet, samla 50 afroamerikanerske leiarar seg og organiserte bussboikott i Montgomery for a krevja meir human handsaming i transportsystemet. NAACP kravde fullt oppheving av raseskiljet pa bussene. Med støtte fra dei rundt 50 000 afroamerikanarar i Montgomery, varte boikotten i 381 dagar fram til ei lokal forordning fjerna raseskiljet i transportsystemet. Nitti prosent av afroamerikanarar i Montgomery deltok i boikotten, noko som reduserte inntektene til busselskape med rundt 80 prosent. I november 1956 gav ein føderal rett ordre om a oppheva raseskiljet pa bussane, og boikotten blei avslutta. [11]

Den unge baptistpresten Martin Luther King jr . var president for Montgomery Improvement Association, organisasjonen som hadde leia boikotten. Protesten gjorde King til ein kjend nasjonal figur. Den uttrykksfulle appellen hans til kristen brorskap og til amerikansk idealisme skapte eit positivt inntrykk pa folk bade i og utanfor Sørstatane.

Oppheving av raseskilje i Little Rock i 1957 [ endre | endre wikiteksten ]

Protesterande kvite i august 1959

Little Rock i delstaten Arkansas var ein relativ progressiv stad, men det braut ut ei krise da arkansasguvernøren Orval Faubus tilkalla nasjonalgarden den 4. september 1957 for a hindra ni afroamerikanske studentar, som hadde gatt til sak for retten til a ga Little Rock Central High School, i a ga pa skulen. [12] Dei ni studentane hadde blitt vald ut for a ga pa skulen grunna svært gode karakterar. Pa den første skuledagen var det berre ein av studentane som møtte fram sidan ho ikkje hadde motteke ein telefon om faren om a ga pa skulen. Ho blei plaga av kvite demonstrantar utanfor skulen, og politiet fjerna henne ved a ta henne inn i ein politibil for a verna henne. Etterpa blei dei ni studentane eskorterte til skulen av militært personell i militære køyretøy.

Guvernør Faubus var ikkje ein sjølverklært tilhengar av raseskiljet. Det demokratiske partiet , som han tilhøyrde, og som kontrollerte politiet i delstaten, la betydeleg press pa Faubus etter at han hadde indikert at han ville undersøkja høvet til a tilretteleggja Arkansas i samsvar med høgsteretten si avgjerd i saka om ≪Brown mot skulestyret≫. Faubus tok deretter stilling mot integrering og mot høgsterettsavgjerda. Dette fekk merksemda til president Dwight D. Eisenhower , som var fast bestemt pa a gjennomføra avgjerda. Eisenhower kalla saman nasjonalgarden og gav dei ordre om a dra attende til hovudkvarteret sitt. Deretter sende han delar av 101. luftborne divisjon til Little Rock for a verna studentane.

Studentane kunne no ga pa skulen. Dei matte likevel ga gjennom ein spissrotgang av rasande kvite som spytta pa dei den første dagen, og gjekk gjennom mobbing og plaging fra kvite medstudentar resten av aret. Sjølv med vern fra militæret som eskorterte dei, var studentane plaga og blei angripne av kvite studentar nar soldatane ikkje var til stades. Ein av dei sakalla ≪Little Rock Nine≫, Minnijean Brown, blei utvist for a ha kasta mat pa ein kvit student som hadde plaga ho i kantinekøen. Seinare blei ho utvist for a ha fornærma ein kvit kvinneleg student. [13]

Ein annan av dei ni, Ernest Green, fekk sjansen til a ta eksamen. Etter at skulearet 1957?1958 var over, vedtok skulesystemet i Little Rock a stenga skulane sine i staden for a matta halda fram med a integrera svarte studentar. Andre skular i Sørstatane følgde dette dømet.

Sit-ins, 1960 [ endre | endre wikiteksten ]

Ein sitteseksjon ved lunsjdisken i butikken Woolworth i Greensboro er i dag ved museet i Smithsonian Institution .
Eit skilt pa eit vindauge av ein restaurant i Lancaster i Ohio som opplyser om at berre kvite vil serverast (1938).

Borgarrettsrørsla fekk ein tilførsel av energi fra ein student-sit-in i ein Woolworth-butikk i Greensboro i Nord-Carolina. [14] Den 1. februar 1960 hadde fire studentar, Ezell A. Blair, Jr. (i dag kjend som Jibreel Khazan), David Richmond, Joseph McNeil, og Franklin McCain, alle fra ein afroamerikansk jordbruks- og faghøgskule, sett seg ned i den rasedelte spisestaden for a protestera mot Woolworth sin politikk med a ekskludera afroamerikanarar. [15] Dei fire studentane hadde kjøpt varer i andre delar av butikken og teke vare pa kvitteringa, sette seg ned ved lunsjdisken og bad om a betenast pa lik linje med andre kundar. Etter a ha blitt nekta servering, tok dei fram kvitteringane og spurde kvifor deira pengar var gode nok andre stadar i butikken, men ikkje ved lunsjdisken. [16] Desse aksjonistane var blitt instruerte i vera pent kledd, sitja stille og pa kvar andre stol slik at potensielle kvite sympatisørar kunne sitja saman med dei om dei ville. Denne sit-in-aksjonen inspirerte til andre aksjonar i Richmond (Virginia), Nashville ( Tennessee ), og Atlanta ( Georgia ). [17] [18] [19] Da studentar over heile Sørstatane byrja a setja seg ned i kantineomrada i dei lokale butikkar sine, nytta ein del lokale styresmakter tidvis brutal makt for a fysisk eskortera dei ut av butikkane.

Taktikken med a ≪sit-ins≫ (≪sitja-ned-aksjon≫) var ikkje ny. Sa langt tilbake som i 1939 hadde den afroamerikanske advokaten Samuel Wilbert Tucker oranisert ein sit-in ved biblioteket i Alexandria i Virginia, som da var raseskild. [20] I 1960 sørgde taktikken for a gje rørsla auka nasjonal merksemd. [21] Kanskje den best organiserte, mest disiplinerte, og mest umiddelbart effektive av desse aksjonane var i Nashville . [22]

9. mars 1960 gav ei gruppe studentar ved Atlanta University Center ut skriftet ≪Ein appell for menneskerettar≫ som ei heilsides kunngjering i fleire aviser, melloma anna Atlanta Constitution , Atlanta Journal , og Atlanta Daily World . [23] [24] Studentgruppa førte fram til skipinga av Atlanta Student Movement og byrja a leia med sit-in-aksjonar som byrja den 15. mars 1960 i Atlanta. [25] [19] Mot slutten av 1960 hadde det vore aksjonar i bortimot kvar einaste sørstat, i tillegg til Nevada , Illinois og Ohio .

Aksjonistane fokuserte ikkje berre pa kantiner, men og i parkar, pa strendene, i bibliotek, teater, museum og andre offentlege stadar. Nar dei blei arresterte kravde demonstrantane ≪jail-no-bail≫, fengsel og ikkje kausjon, for a gje merksemd til saka. I april 1960 heldt aktivistane som hadde leidd aksjonane ein konferanse ved Shaw University i Raleigh i Nord-Carolina, og det førte til skipinga av Student Nonviolent Coordinating Committee (SNCC). [26] SNCC førte taktikken med ikkjevaldelege konfrontasjonar lengre, til ≪freedom rides≫. [27]

≪Freedom Riders≫, 1961 [ endre | endre wikiteksten ]

≪Freedom Riders≫ var nemninga pa ei gruppe borgarrettsaktivistar som reiste med bussar som gjekk mellom ulike delstatar, og til dei rasedelte Sørstatane. Føremalet var a utfordra lokal motstand mot høgsterettsavgjerda i saka ≪Boynton mot Virginia≫ (1960), som avslutta rasedelinga for busspassasjerar som reiste mellom delstatane. Organisert av CORE forlet dei første fridomsreisande Washington D.C. den 4. mai 1961. Etter reiseplanen ville dei koma til New Orleans den 17. mai. [28]

I løpet av den første og pafølgjande fridomsreiser reiste aktivistane gjennom ≪Deep South≫ for a integrera bussetene og la svarte opphalda seg pa bussterminalane, ogsa i venteromma, og a bruka drikkefontener. Dette viste seg a vera ein farleg aktivitet. I Anniston i Alabama blei det kasta brannbomber pa bussen og passasjerane matte flykta for livet. I Birmingham i Alabama rapporterte ein FBI-informant at kommisjonæren for offentleg tryggleik, Eugene ≪Bull≫ Connor, gav medlemmar av Ku Klux Klan femten minutt til a ga til atak pa ei gruppe av fridomsreisande før politiet kom til. Aktivistane blei hardt mishandla. Ein av dei kvite aktivistane, James Peck, blei slatt sa hardt at ein matte sy femti sting i hovudet hans. [29]

Brutal gjengvald i Anniston og Birmingham stoppa aksjonistane ei stund, men SNCC henta inn nye deltakarar fra Nashville for a halda fram reisa fra Birmingham . Ved busstasjonen i Montgomery i Alabama angreip ein gjeng rasistiske pøblar ein annan buss. Dei slo John Lewis medvitslaus, medan fotografen fra magasinet Life , Don Urbrock, fekk sitt eige kamera knust i andletet. Eit dusin menn omringa Jim Zwerg, ein kvit student fra Fisk University, og slo ut fleire av tennene hans med ein koffert.

Den 24. mai 1961 heldt aksjonistane fram pa reisa til Jackson i Mississippi der dei blei arresterte for ≪ordensforstyrring≫ ved a nytta fasilitetar ≪berre for kvite≫. Nye fridomsreiser blei organiserte av fleire ulike organisasjonar. Da aksjonistane kom til Jackson blei dei arresterte. Ved slutten av sommaren hadde meir enn 300 vorte fengsla i Mississippi. [28]

Dei som sat i fengsel blei handsama hardt, klemt inn i sma, skitne celler og sporadisk banka opp. I Jackson blei ein del av dei mannlege fangane tvinga til a gjera hardt tvangsarbeid i solsteiken. Andre blei overføte til delstatsfengselet Mississippi State Penitentiary ved Parchman der maten deira medviten blei fylt med salt og madrassane deira fjerna. Vindauga var stengt pa varme dagar slik at det var vanskeleg a pusta.

Offentleg sympati og støtte til aksjonistane tvinga Kennedy-administrasjonen til a innføra ein Interstate Commerce Commission (ICC), eit regulerande organ som opphavleg hadde som føremal a regulera jarnbanene og seinare annan transport, til a laga ei ny beordring om oppheving av raseskiljet. Da den nye regelen fra ICC fekk effekt fra 1. november, kunne passasjerane sitja kvar dei sjølv valde i bussen. Skilt som forkynte ≪kvite≫ og ≪farga≫ blei fjerna fra bussterminalane; skilde drikkefontener, toalett og venterom blei slatt saman; og lunsjdiskar matte servera folk uansett kva for hudfarge dei hadde.

Organisering av stemmeregistrering [ endre | endre wikiteksten ]

Aaron Henry (sitjande i midten) ved nomineringskommisjonen for president i 1964 (Democratic National Convention).

Etter fridomsreisene bad lokale svarte leiarar i Mississippi , blant andre Amzie Moore , Aaron Henry og Medgar Evers , SNCC om hjelp til a fa registrert svarte veljarar og byggja samfunnsorganisasjonar som kunne vinna ein rettferdig del av den politiske makta i delstaten. Sidan Mississippi hadde ratifisert konstitusjonen sin i 1890 med avgjerder kring koppskatt , krav om opphald og prøvar i lesekunne, gjorde han stemmeregistreringa langt meir komplisert og fjerna i praksis svarte stemmar. Etter sa mange ar hadde føremalet med a hindra svarte fra a røysta blitt ein del av kulturen til det kvite fleirtalet. Hausten 1961 hadde Robert Moses fra SNCC byrja det første prosjektet i McComb og dei omliggende fylka i den sørvestlege delen av delstaten. Arbeidet deira blei møtt med valdeleg undertrykking fra staten og lokale styresmakter, White Citizens' Council og Ku Klux Klan , noko som førte til folk som vart banka opp, fleire hundre arrestasjonar og drapet pa stemmeaktivisten Herbert Lee. [30]

Kvit motstand mot svart stemmeregistrering var sa intens i Mississippi at det blei konkludert med at alle dei ulike borgarrettsorganisasjonane matte sameinast om dei skulle ha høve til a lukkast. I februar 1962 danna representantar fra SNCC, CORE og NAACP formelt Council of Federated Organizations (COFO). Ved eit pafølgjande møte i august blei SCLC ein del av COFO. [31]

Varen 1962, med middel fra Voter Education Project (VEP), byrja SNCC/COFO organisering av stemmeregistrering i Mississippideltaet rundt Greenwood , og omrada ved Hattiesburg , Laurel og Holly Springs . Som i McComb møttedei hard motstand ? arrestasjonar, overfall, vald, skyting, brannstifting og drap. Styresmaktene nytta ein lesetest for a hindra svarte fra a røysta ved a laga prøver som sjølv særs godt utdanna menneske ikkje ville klara. I tillegg gav arbeidsgivere svarte sparken om dei blei tekne i a registrera seg og huseigarar kasta dei ut fra heimane deira. [32] I løpet av dei neste ara spreidde kampanjen for a fa svarte til a registrera seg over heile delstaten.

Tilsvarande stemmeregistrering, med tilsvarande reaksjonar, blei sett i gang av SNCC, CORE, og SCLC i Louisiana, Alabama, sørvestlege Georgia og i Sør-Carolina. Ved 1963 var stemmeregistrering i Sørstatane ein like integrert del av fridomsrørsla som kampen mot oppheving av raseskiljet. Etter at Civil Rights Act , Loven om borgarrettar, av 1964 blei vedteken, blei vern og fortsetting av stemmeregistrering til trass for motstanden den viktigaste innsatsen til rørsla. [1] Det førte til at Voting Rights Act , Loven om stemmerettar av 1965, blei vedteken.

Integrering av universiteta i Mississippi, 1956?1965 [ endre | endre wikiteksten ]

James Meredith pa veg til undervising, følgd av marshallar.
Justisminister Robert Kennedy talar til menneskemengd av borgerrettsforkjemparar framfor justisbygningen den 14. juni 1963.

Fra 1956 freista Clyde Kennard, ein svart veteran fra Koreakrigen , a koma inn pa Mississippi Southern College (i dag University of Southern Mississippi ) under G.I. Bill (eit lov som sørgde for fordeler for krigsveteranar) ved Hattiesburg. William David McCain , presidenten ved lærestaden, freista a hindra dette ved a appellera til dei lokale svarte leiarane og det politiske etablissementet i delstaten som støtta oppretthaldinga av raseskilje. Han nytta Mississippi State Sovereignty Commission, som han var medlem av. Det var eit delstatskontor leia av guvernøren av Mississippi som freista a motsetja seg borgarrettsrørsla med a framstilla raseskiljepolitikken positivt. I tillegg samla det informasjon om aktivistar, plaga dei juridisk, og nytta økonomiske boikottverkemiddel mot dei ved a truga arbeidsplassane deira eller fa dei til a mista jobben for a undertrykkja det politiske virket deira.

Kennard blei arrestert to gonger pa falske tiltaler, og blei til sist stilt for retten og dømt til sju ars fengsel. [33] Etter tre ar med hardt straffearbeid blei Kennard prøvelauslaten av guvernøren i Mississippi. Journalistar hadde undersøkt saka hans og skrive om den darlege behandlinga han fekk for tarmkreft.

McCains rolle i Kennards arrestasjonar og domfelling er ikkje klarlagt. [34] [35] [36] [37] Samstundes som McCain freista a forhindra at Kennard kunne byrja pa universitet, heldt han ein talt i Chicago , kor hans ferd var sponsa av Mississippi State Sovereignty Commission. Han skildra svarte som freista koma inn pa kvite universitet i Sørstatane som ≪import≫ fra Nordstatane. Kennard var enda fødd og busett i Hattiesburg. Vidare sa han at ≪Vi insiterer pa at utdannelsemessig og sosialt vil vi oppretthalda segregert samfunn... I all retteferdighet, eg innrømmer at vi ikkje oppmuntrar negrar til a røysta. Negrar føretrekker at kontrollen til regjeringa vert verande pa hendene til kvite menn.≫ [38]

I september 1962 vann James Meredith ei rettssak som sikra han tilgsng til det tidlegare rasedelte universitet i Mississippi. Han freista a koma inn pa universitetsomradet den 20. september, den 25. september og pa nytt dagen etter. Han vart blokkert av guvernøren i Mississippi, Ross Barnett , som sa at ≪Ingen skule skal integrerast i Mississippi sa lenge eg er din guvernør.≫ Det føderale rettsvesenet i USA (Fifth Circuit Court of Appeals) heldt Barnett og viseguvernør Paul B. Johnson, Jr. i forakt og bøtla dei med meir enn 10 000 dollar for kvar dag dei nekta Meredith a byrja pa lærestaden.

Justisminister Robert Kennedy sende ein styrke av U.S. Marshals. Den 30. september 1962 kom Meredith inn pa campus under deira eskorte. Studentar og andre kvite byrja eit opprør om kvelden, kasta steinar og fyrte av skot mot politifolka som vakta Meredith ved Lyceum Hall. To menneske, blant dei ein fransk journalist, blei drepne. 28 marshallar fekk skotskadar. 160 andre vart skadde. Etter at utrykkingspolitiet i Mississippi trekte seg tilbake fra campus, sende president John F. Kennedy militærstyrkar inn for a sla ned opprøret. Meredith kunne først byrja a følgja undervisinga etter at soldatane hadde kome. [39]

Kennard og andre aktivistar heldt fram med a arbeida for avvikling av raseskiljet pa universiteta. I 1965 blei Raylawni Branch og Gwendolyn Elaine Armstrong dei første afroamerikanarane som byrja pa University of Southern Mississippi . No hadde McCain bidrege til a sikra at dei fekk ei fredeleg mottaking. I 2006 avgjorde domar Robert Helfrich at Kennard var uskyldig i alle punkta han var blitt dømt for pa 1950-talet. [33]

Albany-rørsla, 1961?1962 [ endre | endre wikiteksten ]

SCLC, som var blitt kritisert av ein del studentaktivistar for at organisasjonen ikkje hadde delteke meir i fridomsreisene, la mykje av prestisjen og ressursane sine i ein kampanje for opphevelse av raseskilje i byen Albany i Georgia i november 1961. Martin Luther King , som sjølv var blitt kritisert av ein del SNCC-aktivistar for distansen sin til risikoen og farane som lokale aktivistar møtte, greip inn personleg for a støtta kampanjen som var leidd bade av SNCC og lokale leiarar.

Kampanjen lukkast ikkje pa grunn av utspekulert taktikk fra Laurie Pritchett, den lokale politisjefen, og splittinga innan det afroamerikanske samfunnet. Malsetjinga var kanskje heller ikkje spesifisert godt nok. Den 16. desember leidde King 250 demonstrantar gjennom byen fram til radhuset, der dei blei arrestert for ≪a ha arrangert opptog utan løyve≫. Pritchett sørgde for at marsjane ikkje blei valdeleg angripen og dermed ikkje vekka nasjonal oppsikt. Han sørgde og for at arresterte demonstrantar blei plasserte i fengsel pa ulike stadar slik at det var nok plass i hans eige fengsel. Prichett sag og pa nærværet til King som ein trussel og fekk han sloppe fri slik at fengslinga ikkje skulle oppeldrna det svara samfunnet. King reiste fra staden i 1962 utan a ha oppnadd nokon dramatisk siger. Den lokale rørsla heldt likevel fram kampen og oppnadde over tid ein del fordelar i løpet av dei neste fa ara. [40]

Birmingham-kampanjen, 1963?1964 [ endre | endre wikiteksten ]

Alabama sin guvernør George Wallace stod imot oppheving av raseskilje ved Universitet i Alabama og er konfrontert av statsadvokat Nicholas Katzenbachat i 1963.

Albany-rørsla viste seg a ha vore ein viktig lærdom for SCLC da dei organiserte Birmingham-kampanjen i 1963. Wyatt Tee Walker planla omhyggelig strategi og taktikk for kampanjen i Birmingham i Alabama . Han fokuserte pa eit mal ? oppheving av raseskilje for butikkar i sentrum framfor total oppheving, slik som i Albany. Rørsla blei hjelpt av den brutale responsen til dei lokale styresmaktene, særleg Eugene ≪Bull≫ Connor, som var ansvarleg for offentleg tryggleik. Han hadde lenge hatt stor politisk makt, men hadde nyleg tapt eit val som ordførar til ein mindre rabiat tilhengar av raseskilje. Connor nekta a akseptera autoriteten til den nye ordføraren og akta a bli verande i stillinga.

Kampanjen nytta ei rekkje ikkjevaldelege metodar for konfrontasjon, blant anna a sitja (≪sit-ins≫), knela i lokale kyrkjer (≪kneel-ins≫), og marsjera til fylkesbygningar for a markera byrjinga pa stemmeregistrering. Byen fekk likevel eit palegg som stengte for alle slike protestar. Overtydd om at palegget var i strid med grunnlova, trassa kampanjen palegget og førebudde seg pa massearrestasjonar. King blei vald ut til vera blant dei som vart arrestert den 12. april 1963. [41]

Medan King sat fengsla skreiv han sitt berømte ≪Brev fra Birmingham-fengselet≫ Da han blei nekta papir, skreiv han i margane pa ei avis. [42] [43] Tilhengarane appellerte til Kennedy-administrasjonen som matte gripa inn for a fa King lauslaten. King fekk ringa til kona si, som kvilte heime etter a ha fødd det fjerde barnet deira. Han blei lauslaten den 19. april.

Kampanjen blei noko nølande da rørsla slapp opp for demonstrantar som var villige til a la seg arrestera. James Bevel , leiaren for direkteaksjon og ikkjevaldeleg opplæring hja SCLC, kom opp med eit dristig og kontroversielt alternativ, a læra opp elevar fra vidaregaande skular til a delta i aksjonen. Resultatet blei meir enn eit tusen studentar som 2. mai kom til eit møte ved 16th Streets baptistkyrkje for a delta i det som blei kalla ≪barnekrsstoget≫. Meir enn seks hundre av dei blei arresterte. Dette var interessant for media, men i dette første møtet opptredde politiet beherska. Den neste dagen samla ei ny gruppe pa rundt tusen studentar seg ved kyrkja, og da dei byrja a marsjera, slapp Bull Connor politihundane laus pa dei og brukte deretter vasskanonar. Fjernsynskameraa viste resten av nasjonen korleis vasskanonane bles ungane overende, og politihundar som angreip enkeltdemonstrantar.

Kongressen av etnisk likskap marsjerte i Washington D.C. den 22. septemberen 1963 til minne om borna som blei drepne i bombinga i Birmingham.

Utstrekt avsky og fordømming fra mange hald fekk Kennedy-administrasjonen til a blanda seg inn for a tvinga fram forhandlingar mellom SCLC og dei kvite makthaldarane. Den 10. mai blei det kunngjort at partane hadde kome fram til ei semje om a fjerna raseskiljet fra lunsjdiskar og andre offentlege tenester i sentrum i byen, om a oppretta ein komite for a fjerna diskriminering ved tilsetjinga, a sørgja for at demonstrantane som var blitt arresterte blei lauslatne, og a etablera kommunikasjonsmiddel mellom svarte og kvite leiarar.

Ikkje alle i det svarte samfunnet stilte seg bak semja. Pastoren Fred Shuttlesworth var særleg kritisk sidan han var skeptisk til den gode viljen hja maktstrukturen i Birmingham grunna tidlegare røynsler. Delar av det kvite samfunnet reagerte valdeleg. Dei bomba Gaston Motel, som hadde fungert som uoffisielt hovudkvarter for SCLC under aksjonane, og der broren til King, pastor A. D. King, budde.

Kennedy førebudde seg pa a føderalisera nasjonalgarden i Alabama om naudsynt. Fire manader seinare, den 15. september, bomba medlemmar av Ku Klux Klan 16th Streets baptistkyrkje. Fire unge jenter blei drepne.

Andre hendingar i 1963 var at guvernøren i Alabama, George Wallace , den 11. juni prøvde a stoppa integreringa av Universitetet i Alabama . [44] President John F. Kennedy sende ein styrke for a tvinga Wallace vekk og tillata to afroamerikanske studentar a byrja pa lærestaden. Same kvelden talte president Kennedy til nasjonen pa TV og radio i ein kjend tale om medborgerlige rettar. [45] Den neste dagen blei Medgar Evers drepen i Mississippi. [46] [47] Veka etter, som lova, sende president Kennedy den 19. juni 1963 loven om medborgarrettar til kongressen. [48]

Marsjen mot Washington, 1963 [ endre | endre wikiteksten ]

Marsjen mot Washington, leiarane marsjerer fra Washingtonmonumentet til Lincolnmonumentet
Marsjen mot Washington, ved National Mall
Borgarrettsmarsjen ved Lincolnmonumentet

Det hadde vore planlagt ein marsj mot Washington, D.C. allereie i 1941 som støtte for krava om fjerninga arbeidsdiskrimineringa i forsvarsindustrien, men denne blei avlyst da Roosevelt-administrasjonen møtte krava ved a skriva ut Fair Employment Act , eller ≪Eksekutiv ordre 8802≫, som sperra for rasediskriminering og oppretta eit byra for a overvaka overhalding av loven. Brørne Randolph og Bayard Rustin var hovudplanleggarar av ein annan marsj som blei føreslatt i 1962. Kennedy-administrasjonen la stort press pa dei, og King, for a avlysa han, men utan gjennomslag. Marsjen blei halden den 28. august 1963.

Den nasjonale mediamerksemda bidrog og mykje til at marsjen fekk merksemd over heile USA og resten av verda. Det blei nytta fleire kamera enn det som hadde filma den siste presidentinnsetjinga. Eit kamera var plassert høgt pa Washingtonmonumentet for a gje dramatisk utsikt over marsjen.

Martin Luther King, Jr. og undervegs i marsjen

I motsetnad til den planlagde marsjen i 1941, der det berre var afroamerikanske organisasjonar med, var marsjen i 1963 eit samarbeid mellom alle dei store borgarrettsorganisasjonane, den progressive fløya av arbeidarrørsla og andre organisasjonar. Marsjen hadde seks offisielle mal:

  • Meiningsfulle borgarrettslovar
  • Eit stort føderalt arbeidsprogram
  • Full og rettferdig sysselsetjing
  • Sømelege bustader
  • Retten til a utøva demokratiske rettar som deltaking i val
  • Hensiktmessig integrert utdanning

Av desse var det fremste fokuset til marsjen vedtak av borgerrettslover som Kennedy-administrasjonen hadde foreslatt etter aksjonane i Birmingham.

Marsjen var ein ubetinga suksess, propagandamessig og for gjennomslag av saka. Rundt rekna samla mellom 200 000 og 300 000 demonstrantar seg framfor Lincolnmonumentet der Martin Luther King heldt sin berømte tale I Have a Dream (≪Eg har ein draum≫) der han starta med a seia at ≪Eg er lukkeleg over a vera saman med dykk i dag i det som vil ga inn i historia som den største demonstrasjonen for fridom i historia til var nasjon≫: [49]

Let us not wallow in the valley of despair. I say to you today my friends ? so even though we face the difficulties of today and tomorrow, I still have a dream. It is a dream deeply rooted in the American dream.

I have a dream that one day this nation will rise up and live out the true meaning of its creed: ≪We hold these truths to be self-evident, that all men are created equal≫. [49]

Fleire musikarar opptredde i høve marsjen, blant anna gospellegenda Mahalia Jackson , operapioneren Marian Anderson og bluessongaren Odetta . Bob Dylan framførte fleire songar, blant anna ≪Only a Pawn in Their Game≫, og Joan Baez som hadde leidd folkemengda i felles utgave av borgarrettsrørsla sin eigen hymne ≪We Shall Overcome≫.

Marsjen var likevel ikkje utan kontroversar. Medan mange talarar applauderte Kennedy-administrasjonen for anstrengingane han hadde gjort med a fa innført eit nytt, meir effektivt lovvedtak for medborgarlege rettar som verna retten til a røysta og forby raseskilje, men John Lewis fra SNCC, den yngste av alle talarane, kritiserte administrasjonen for a ikkje a gjera meir for verna svarte i Sørstatane. Den svarte nasjonalisten Malcolm X kritiserte hendinga for a vera ein ≪ piknik ≫ og eit ≪ sirkus ≫, og at malet blei ureina ved a blanda kvite inn i organiseringa. [50]

Etter marsjen møtte Martin Luther King og andre borgarrettsleiarar president Kennedy ved Det kvite huset. Medan Kennedy-administrasjonen verka a vera oppriktig i viljen sin til a fa vedteke loven, var det klart at det ikkje var nok stemmar i kongressen til a fa han igjennom. Etter at president John F. Kennedy blei myrda den 22. november 1963 gjekk likevel den nye presidenten, Lyndon Johnson , inn for a nytta innverknaden sin i kongressen for a fa gjennomført sa mykje som mogleg av Kennedy sin lovgjevande agenda.

St. Augustine i Florida, 1963?1964 [ endre | endre wikiteksten ]

Martin Luther King, 1964.

St. Augustine pa nordkysten av Florida er kjend som ≪den eldste byen i nasjonen≫, ettersom han blei grunnlagd av spanjolar i 1565. Han var og scene for eit stort drama som førte fram til vedtaket om Loven om borgarrettar av 1964. Ei lokal rørsle, leia av doktor Robert B. Hayling, ein svart tannlege og veteran fra flyvapenet, hadde retta aksjonar mot rasedelte institusjonar sidan 1963. Resultatet var at Hayling og tre andre, James Jackson, Clyde Jenkins, og James Hausar, blei brutalt banka opp av ein gjeng fra Ku Klux Klan om hausten dette aret. Det blei utført nattlege overfall pa svarte heimar, og tenaringane Audrey Nell Edwards, JoeAnn Anderson, Samuel White, og Willie Carl Singleton (som blei kjende som ≪dei fire fra St. Augustine≫) blei halde i fengsel og pa reformskule i seks manader etter a ha sett seg ned ved lunsjdisken ved den lokale Woolworthbutikken. Det kravde eigen innsats fra guvernøren og styresmaktene i Florida for a fa dei lauslatne etter protestar landet over.

I 1964 bad Hayling og andre aktivistar Southern Christian Leadership Conference (SCLC) om a koma til St. Augustine. Den første aksjonen fann stad i samband med spring break (varlov) da Hayling appellerte til studentar i nord om koma til byen og delta i demonstrasjonane, og ikkje som vanleg a dra til strendene. Fire prominente kvinner fra Massachusetts , Mary Parkman Peabody, Esther Burgess, Hestar Campbell (alle gifte med biskopar i den episkopale kyrkje) og Florence Rowe (gift med visepresidenten av eit forsikringsselskap) kom for a visa støtte. Da den 72 ar gamle fru Peabody, mor til guvernøren av Massachusetts, blei arrestert for a freista a eta ved den raseskilte Ponce de Leon Motor Lodge i ei fleirkulturell gruppe, hamna hendinga pa førstesiden av dei fleste aviser i USA, og førte strida til borgarrettsrørsla i St. Augustine fram i merksemda.

Omfattande aktivitet fra media heldt fram i dei pafølgjande manadene da kongressen hadde den lengste filibusterdebatten i historia mot eit lovforslag om borgarrettar. Martin Luther King jr. blei arrestert ved Monson Motel i St. Augustine den 11. junien 1964, den einaste staden i Florida der han blei arrestert. Han sende ut eit ≪Brev fra fengselet i St. Augustine≫ til ein støttetilhengar i nord, rabbinaren Israel Dresner i New Jersey , og bad han pa det sterkaste om a fa med seg andre og delta i rørsla. Det resulterte ei veke seinare i den største arrestasjonen av jødiske rabbinarar i amerikansk historie medan dei heldt ei massebøn (≪pray-in≫) ved Monson. ≪Hugs at eg voks opp pa 1930-talet da Hitler var i framgang,≫ uttalte Dresner seinare, ≪korleis kan eg ikkje vera imot rasisme?≫ [51]

Eit berømt fotografi blei teke i St. Augustine som viser direktøren av Monson Motel der han heller saltsyre i svømmebassenget som bade svarte og kvite kunne symja i. Det groteske biletet blei vist pa førstesidene av avisene i Washington same dagen som senatet drog for a røysta over loven om borgarrettar. [52] [53]

Fridomssommaren i Mississippi, 1964 [ endre | endre wikiteksten ]

Sheriff Lawrence Rainey eskortert av to FBI-agentar til rettslokalet, oktober 1964. Rainey var medlem av Ku Klux Klan og blei skulda for deltaking i mordet pa studentane, men frikjent.

Sommaren 1964 førte COFO bortimot 1000 aktivistar til Mississippi ? dei fleste av dei kvite collegestudentar ? for vera saman med lokale svarte aktivistar som registrerte veljarar, underviste i ≪fridomskular≫, og organiserte Mississippi Freedom Democratic Party (MFDP). [54]

Mange av dei kvite innbyggjarane i Mississippi mislikte sterkt at det kom folk ≪utanfra≫ for a endra samfunnet deira. Lokale styresmakter, politiet, White Citizens' Council og Ku Klux Klan nytta arrestasjonar, brannstifting, mord, spionasje, oppseiingar, utkastingar og andre former for intimidasjon og trakassering for a motsetja seg prosjektet og hindra svarte fra a registrerast som veljarar eller oppna sosial likskap. [55]

21. juni 1964 forsvann tre borgarrettsforkjemparar ? James Chaney, ein ung svart murarlæring fra Mississippi; og to jødiske aktivistar, Andrew Goodman, ein antropologistudent fra Queens College i New York ; og Michael Schwerner, ein organisator fra CORE som kom fra Lower East Side i Manhattan. Dei blei funne fleire veker seinare, myrda av rasistar som seinare viste seg a vera lokale medlemmar av Ku Klux Klan, nokre av dei fra politiavdelinga i Neshoba County. Dette forskrekka og opprørte offentlegheita og førte til at FBI (som tidlegare hadde late vere a forhalda seg til spørsmalet om raseskilje og forfølginga av svarte) matte gripa inn. Forurettinga over desse morda bidrog og til at Loven om borgarrettar blei vedteken.

Fra juni til august arbeidde aktivistar fra fridomssommaren ved 38 lokale prosjekt spreidde ut over delstaten med den største mengda konsentrert i Mississippideltaregionen. Minst 30 ≪fridomsskular≫ med nær opp til 3500 studentar blei skipa og omfram 28 samfunnsenter blei ogsa skipa. [56]

Phil Ochs skreiv songen ≪Here's to the State of Mississippi≫ om desse hendingane og andre brot pa borgarrettar som hadde funne stad i delstaten, og Simon & Garfunkel-songen ≪He Was My Brother≫ var dedikert til Andrew Goodman, som var venen deira og ein klassekamerat av Paul Simon ved Queens College. Filmen Mississippi i flammer (1988) med Gene Hackman og Willem Dafoe var ei direkte dramatisering av det rasemotiverte drapet pa tre borgarrettsforkjemparar. Filmen førte til at drapa fekk fornya merksemd og i 2005 blei den tidlegare Kua Klux Klan-leiaren og pastoren Edgar Ray Killen dømd til 60 ars fengsel for deltakinga si i drapa. [57]

Loven om borgarrettar av 1964 [ endre | endre wikiteksten ]

President Lyndon B. Johnson o møte med leiarar fra borgarrettsrørsla Martin Luther King jr., Whitney Young og James Farmer

Sjølv om president Kennedy hadde foreslatt lovgjeving om borgarrettar og ho hadde støtte fra kongressmedlemmar fra Nordstatane, blokkerte senatorar fra Sørstatane handsaminga av loven ved a truga med filibusteri . Etter betydeleg parlamentarisk manøvrering og 54 dagar med filibusterdebatt i senatet, fekk president Lyndon B. Johnson loven gjennom kongressen. Den 2. juli 1964 signerte president Johnson loven, som forbaud diskriminering basert pa ≪rase, farge, religion, kjønn eller nasjonalt opphav≫ ved tilsetjingar og offentlege bekvemmelegheiter. [1] Loven autoriserte justisministeren til a saksøkja for a gjennomføra den nye loven. Loven annullerte eller gjorde ugyldig alle lokale og delstatege lovar som gjennomførte diskriminering.

Mississippi Freedom Democratic Party, 1964 [ endre | endre wikiteksten ]

Afroamerikanarar hadde vore frateken stemmerettar eller andre viktig rettar av ulike forfatningsmessige endringar sidan slutten av 1800-talet. I 1963 heldt COFO eit ≪Freedom Vote≫ (≪fridomsval≫) i Mississippi for a demonstrera viljen til a fa svarte i delstaten til a røysta. Meir enn 80 000 menneske registrerte seg og avga stemme i eit prøveval som sette kandidatane fra Fridomspartiet opp mot dei offisielle delstatskandidatane fra Det demokratiske partiet. [58]

I 1964 fremja rørsla Mississippi Freedom Democratic Party (MFDP) for a utfordra det heilkvite offisielle partiet. Da valkomiteen i Mississippi nekta a anerkjenna deira kandidatar, heldt dei sine eige primærval. Dei valde Fannie Lou Hamer, Annie Devine og Victoria Gray til a stilla for val til kongressen, og delegatar for a representera Mississippi ved det demokratiske nasjonale konventet i 1964. [54]

Tilstadeværet til MFDP i Atlantic City i New Jersey var ubeleilig for dei som organiserte det demokratiske konventet. Dei hadde planlagt ei triumferande feiring av Johnson-administrsjonen sine landevinninger i borgarrettskampen, framfor ein kamp om rasisme i Det demokratiske partiet. Dei heilkvite delegasjonane fra andre sørstatar truga med a trekkja seg ut. Johnson var bekymra for at kandidaten til det republikanske partiet, Barry Goldwater , kunne gjera innhogg i veljarmassen i det som tidlegare hadde vore sikre val i Sørstatane, og var og bekymra over støtta den rasistiske George Wallace hadde fatt i dei demokratiske primærvala.

Johnson kunne likevel ikkje hindra MFDP fra a fremja saka si til fullmaktskomiteen. Der vitna Fannie Lou Hamer veltalende om overfall som ho og andre hadde opplevd da dei freista a registrera seg for val. Ved a snu seg til fjernsynskameraa spurde Hamer: ≪Er detta Amerika?≫ Johnson tilbaud MFDP eit ≪kompromiss≫ der dei ville motta to sete utan høve til avstemming medan dei offisielle demokratiske partiet ville halda pa sine sete. MFDP avviste kompromisset, og heldt fram sin agitasjonen under konventet etter at det var blitt nekta offisiell anerkjenning i Det demokratiske partiet.

Det demokratiske konventet fratok mange i MFDP og borgarrettsrørsla illusjonane. MFDP blei meir radikalt etter hendingane i Atlantic City. Det inviterte Malcolm X , da ein talsmann for afroamerikansk islam , til a halda tale ved møta sine og mot krigen i Vietnam.

Nobels fredspris til Martin Luther King [ endre | endre wikiteksten ]

10. desember 1964 fekk Martin Luther King jr . Nobels fredspris , den yngste som hadde motteke fredsprisen til da. Han var da 35 ar gammal. [59] King fekk prisen grunna arbeidet sitt for fa ein slutt pa raseskilje og rasediskriminering gjennom sivil ulydnad og andre ikkjevaldelege verkemiddel.

Fotballspelarboikott av New Orleans, januar 1965 [ endre | endre wikiteksten ]

Etter 1965-sesongen for American Football League hadde ein All-star game blitt planlagd for tidleg i 1965 ved Tulane Stadium i New Orleans . Etter at talrike svarte spelarar var blitt nekta service ved fleire hotell og forretninger i New Orleans, og kvite drosjesjaførar nekta a frakta svarte passasjerar, gjekk bade svarte som kvite inn for ein boikott av New Orleans. Under leiarskap av spelarar fra Buffalo Bills , inkludert Cookie Gilchrist , stilte alle spelarane opp i ein sameint front. Kampen blei deretter flytt til Jeppesen Stadium i Houston .

Diskrimineringa som utløyste boikotten var ulovleg under borgarrettsloven av 1964, som var blitt vedteken i juli 1964. Det var truleg loven som oppmuntra spelarane i saka si, og det var den første boikotten av profesjonelle spelarar i byen.

Selma og Loven om rett til a røysta, 1965 [ endre | endre wikiteksten ]

President Lyndon B. Johnson møtte Martin Luther King, Jr. og Rosa Parks ved godkjenninga av valloven den 6. august 1965.
Deltakarar i marsjen fra Selma til Montgomery.

SNCC hadde patatt seg eit ambisiøst veljarregistreringsprogram i Selma i Alabama sidan 1963, men i 1965 hadde dei framleis hatt liten framgang grunna opposisjon fra sheriffen i Selma, Jim Clark. Etter at dei lokale innbyggjarane bad SCLC om støtte kom Martin Luther King til byen for a leia fleire demonstrasjonar, noko som førte til at han blei arrestert saman med 250 andre demonstrantar. Marsjane heldt fram med a møta brutal og valdeleg reaksjon fra politiet. Jimmie Lee Jackson, som budde i nærliggande Marion, blei drepen av politiet ved ein seinare marsj den 17. februar 1965. Drapet pa Jackson fekk James Bevel , leiar av Selmarørsla, til a fremja ein plan for a marsjera fra Selma til Montgomery, delstatshovudstaden i Alabama.

Den 7. mars 1965, i samsvar med planen til Bevel, leia Hosea Williams fra SCLC og John Lewis fra SNCC ein marsj pa 600 menneske for a ga dei 87 km mellom Selma og Montgomery. Berre kort tid etter, ved Edmund Pettus-brua, blei marsjen angripen av delstatssoldatar og lokalt politi med klubber, taregass, gummislangar med piggtrad og piskar. Dei dreiv aksjonistane tilbake til Selma. John Lewis blei slatt medvitslaus og dregen livlaus i tryggleik. Minst 16 andre blei sende pa sjukehus. Blant dei som blei gassa og banka opp var Amelia Boynton Robinson , som var sentral for borgarrettsaktivitetane pa denne tida.

Dei nasjonale TV-sendingane av nyhende om angrepet til politivesenet pa passive aksjonistar fremja eit nasjonalt opprør, slik scenene fra Birmingham hadde gjort to ar tidlegare. Rørsla skaffa seg ei rettskjenning som gav løyve til a gjera marsjen utan hindringer to veker seinare. Ved ein andre marsj den 9. mars til staden drap lokale kvite enda ein aksjonist, prost James Reeb. Han døydde pa eit sjukehus i Birmingham den 11. mars. 25. mars skaut og drap medlemmar av Ku Klux Klan heimehjelpen Viola Liuzzo da ho køyrde aksjonistar tilbake til Selma etter a ha fullført marsjen til Montgomery.

Atte dagar etter den første marsjen avleverte president Johnson ein TV-tale for a støtta lovforslaget om røysterett som han hadde sendt til kongressen. I den slo han fast:

Men sjølv om med vedtek dette lovforslaget, vil kampen ikkje vera over. Det som skjedde i Selma er ein del av ei langt større rørsle som vil na fram til kvar einaste del og kvar einaste delstat i Amerika. Det er forsøka til amerikanske negrar pa a sikra for seg sjølv dei fulle signingane til det amerikanske livet. Deira sak ma ogsa blir var sak. Ettersom det ikkje berre er negrane, men røyndommen er det oss alle som ma overkomma den forkrøplande arven av bigotteri og urettferdt. Og we shall overcome . [60]

Johnson signerte loven den 6. august. Denne loven innstilte tidlegare koppskatter, leseprøvar og andre subjektive veljarprøvar. Han autoriserte føderal overvaking av stemmeregistrering i delstatane der slike testar var blitt nytta. Afroamerikanarar som hadde blitt utestengde fra a stemmeregistrering fekk til sist eit alternativ til a saksøkja i lokale eller delstatlege rettsvesen.

Loven hadde ein umiddelbar og positiv effekt for afroamerikanarar. Fa manader etter at han var vedteken hadde 250 000 nye svarte veljarar blitt registrerte, ein tredel av dei av føderale kommisjonar. Innan fire ar hadde stemmeregistreringa i Sørstatane meir enn dobla seg. I 1965 hadde Mississippi den høgaste svarte valdeltakinga pa 74 prosent og fekk flest svarte representantar i USA. I 1969 hadde Tennessee ei afroamerikansk valdeltaking pa 92,1 prosent, Arkansas pa 77,9 prosent og Texas pa 73,1 prosent.

Fleire kvite som hadde motsett seg valloven fekk betala. I 1966 var sheriff Jim Clark av Alabama, som var blitt berykta for a bruka pisk mot borgarrettsforkjemparar, oppe for nyval. Sjølv om han tok av seg den kjende nalen med ≪Aldri≫ fra uniformen tapte han valet grunna mangelen pa svarte stemmar. Han blei seinare fengsla grunna narkotikasal .

Svarte stemmar endra det politiske landskapet i Sørstatane. Da kongressen vedtok valloven var det berre rundt 100 afroamerikanske som hadde ein politisk vald posisjon, alle fra Nordstatane. Ved 1989 var det meir 7200 afroamerikanarar, inkludert meir enn 4800 i Sørstatane. Bortimot kvart einaste omrade i Alabama der afroamerikanarar var i fleirtal var sheriffen svart. Afroamerikanarar i Sørstatane tok posisjonar i byar, fylke og statlege styresmaktsposisjonar.

Atlanta valde ein svart ordførar, Andrew Young . Det same gjorde Jackson i Mississippi med Harvey Johnson, Jr. og New Orleans med Ernest Morial . Svarte politikarar pa nasjonalt niva inkluderte Barbara Jordan , som representerte Texas i kongressen, og Andrew Young blei utpeikt til USA sin ambassadør til Dei sameinte nasjonane under president Jimmy Carter . Julian Bond blei vald til delstatsforsamlinga i Georgia i 1965, men politisk reaksjonar knytte til motstanden hans mot Vietnamkrigen hindra han fra a ta setet sitt før i 1967. John Lewis representerte 5. kongressdistrikt i Georgia i representanthuset , der han sat gjennom fleire tiar fra 1987.

Mordet pa Martin Luther King og andre hendingar, 1968-1970 [ endre | endre wikiteksten ]

King og kona hans Coretta Scott King, 1964.

Prost James Lawson inviterte fredsprisvinnaren Martin Luther King til Memphis i Tennessee i mars 1968 for at han skulle kunna gje støtte til streiken til sanitetsarbeidarane. Dei hadde sett i gang ein kampanje for fagforeiningsrepresentasjon etter at to arbeidarar var blitt drepne i arbeidsulukker.

Den 3. april heldt King ein tale ved kyrkja Mason Temple i Memphis. Emnet var streiken og King oppfordra til eining, økonomiske aksjonar, boikott, og ikkjevaldelege protestar. Han utfordra USA til a leva opp til ideala sine i det som blei hans siste tale, den kjende ≪Eg har vore pa toppen til fjellet≫. Mot slutten av talen kom han inn pa høvet av sin eigen død der han i nær bibelske vendingar sa:

I just want to do God's will. And He's allowed me to go up to the mountain. And I've looked over. And I've seen the Promised Land. I may not get there with you. But I want you to know tonight, that we, as a people, will get to the Promised Land. So I'm happy, tonight. I'm not worried about anything. I'm not fearing any man. [61]

Pa norsk: ≪Eg vil berre gjera Guds vilje. Og han har late meg ga opp pa fjellet. Og eg har sett over. Og eg har sett det lova landet. Eg kjem kanskje ikkje dit med dykk. Men eg vil at de skal vita i kveld, at vi, som eitt folk, vil koma til det lova landet. Sa eg er lukkeleg i kveld. Eg er ikkje redd for noko. Eg fryktar ingen mann.≫ [62]

Dagen etterpa, den 4. april 1968, blei han myrda.

Etterverknadene av opptøyane etter mordet pa King, Washington, D.C. 1968

Det braut ut opprør i meir enn 110 byar over heile USA i dagane som følgde, men særleg Chicago , Baltimore , og Washington, D.C. Skadane i mange av byane øydela mykje for afroamerikanske forretninger. Dagen før gravlegginga av King leidde enkja hans Coretta Scott King og tre av barna deira ein marsj med 20 000 deltakarar gjennom gatene i Memphis medan dei heldt oppe plakatar med tekster som kravde at minne til King matte ærast, at rasisme matte stoppast og krav om rettferd no. Nasjonalgarden stod oppstilt langs gatene med tanks og med pamonterte bajonettar , og over sirkla helikopter . Den 9. april leidde fru King enda 150 000 menneske i eit gravfølgje gjennom gatene av Atlanta. [63] Hennes vørdnad gav voner og mot til mange i rørsla og gav ho posisjon som ein av dei nye leiarane i kampen for etnisk likskap. Prost Ralph Abernathy etterfulgte King som leiar av SCLC og freista a gjennomføra Kings plan for marsen til ein Fattigmann. Den sameinte svarte og kvite til a kjempa for grunnleggjande endringar i det amerikanske samfunnet og dets økonomiske struktur. Marsjen vart gjennomførd under Abernathys lederskap, men oppnadde ikkje dens endelege mal.

Massakren i Orangeburg skjedde den 8. februaren 1968 der 9 politifolk fra Orangeburg i Sør-Carolina skaut med skarpt inn i menneskemengd med protestantar. Tre menn blei drepen og 28 blei skadde, dei fleste skotne i ryggen. [64] Ein av dei skadde var ei gravid kvinne som seinare aborterte. Denne hendinga gjekk forut for skytinga ved Kent State University i 1970 der nasjonalgarden skaut mot fredelege studentar, drap fire og skadde ni andre. Ti dagar seinare, 14. og 15. mai 1970 opna politiet eld mot Vietnamstudenter ved Jackson State College (i dag Jackson State University) i Jackson, Mississippi. Som ved Kent State protesterte studentane mot Vietnamkrigen . Her blei to studentar drepne og tolv sara. [65]

Black power, 1966 [ endre | endre wikiteksten ]

Bobby G. Seale, ein av stiftarane av det militante Black Panther-partiet, for retten i 1970, skulda for mord og konspirasjonar.
Angela Davis var aktivist mot rasisme, og var kontroversiell som leiar av det amerikanske kommunistpartiet og Black Panther-partiet.

Pa same tid som Martin Luther King kom pa kant med fraksjonar i Det demokratiske partiet, møtte han utfordringar innanfor borgarrettsrørsla ved to nøkkelomgrep som rørsla var bygd pa: integrering og ikkjevald. Stokely Carmichael , som blei leiar av SNCC i 1966, var ein av dei første og mest artikulerte talspersonene for det som blei kjent som ≪Black Power≫-rørsla etter at han nytta omgrepet ≪svart makt≫, først fremja av aktivisten Willie Ricks i Greenwood i Mississippi den 17. juni 1966.

I 1966 byrja Carmichael a rada dei afroamerikanske samfunna til a konfrontera Ku Klux Klan væpna og kaar til kamp. Han meinte at tida var inne til a sla attende. Fleire personar som engasjerte seg i Black Power-rørsla byrja a fremja ei kjensle av svart stoltheit og identitet. For a oppna ein kulturell identitet var det mange som kravde at ordet ≪ neger ≫ ( Negro ) ikkje lenger var akseptabelt, men i staden skulle svarte omtalast som ≪afroamerikanarar≫. Fram til midten av 1960-talet hadde svarte hovudsakleg kledd seg som kvite og andre amerikanarar, og tidvis fatt naturleg krøllete har retta ut. Som ein del av a tilhøyra ein særeigen kultur og identitet byrja mange svarte a kle seg i fargerike, omfangsrike skjorter og let haret veksa til ein stor afro, ein populær harfrisyre som var populær fram til slutten av 1970-talet.

Black Power var mest framtredande i det offentlege via Black Panther Party som blei grunnlagt av Huey Newton og Bobby Seale i Oakland i California i 1966. Denne grupperinga følgde ideologien til Malcolm X , eit tidlegare medlem av Nation of Islam , ved a hevda a nytta seg av ≪dei verkemidla som er naudsynte≫ for a stoppa ulikheit og urettferdigheit. Dei akta a hindra politibrutalitet og trakassering i svarte nabolag. Dei kledde seg uniformert i svarte lerjakker, beret, lange bukser, lysebla skjorter og hadde afrohar.

Black Power blei teke til eit anna niva innanfor fengsla. I 1966 danna George Jackson det han kalla for ≪den svarte geriljafamilien≫ i statsfengselet i California, San Quentin . Føremalet med denne gruppa var a velta fengselssystemet og dei kvite styresmaktene i USA. I 1970 aksjonerte gruppa med vald etter at ein kvit fengselsvakt var blitt funnen ikkje skuldig i a skyta og drepa tre svarte fangar. Dei slo tilbake ved a drepa ein annan kvit fengselvakt. Gruppa blei seinare ein gategjeng i Oakland og andre byar. [66]

I august 1968 gav musikaren James Brown ut singelen ≪Say It Loud ? I'm Black and I'm Proud≫. [67] I oktober 1968, under Sommar-OL 1968 i Mexico by, viste Tommie Smith og John Carlos , gull- og bronsemedaljørar pa 200 meter, ei black power-helsing under flaggheisinga ved medaljeseremonien . Dei heva kvar sin knytteneve kledd i ein svart hanske. Dei to utøvarane blei utviste fra leikene og sende heim. I ettertid er dette blitt verdsett som ei sentral markering av den amerikanske borgarrettsrørsla.

Martin Luther King var ikkje komfortabel med slagordet ≪svart makt≫ sidan det høyrdest ut som svart nasjonalisme for han. Aktivistar i SNCC hadde i mellomtida byrja a omfamna ≪retten til sjølvforsvar≫ som svar pa angrep fra kvite og styresmaktene, og byrja a bua nar King fremja ikkjevald . Da King blei drepen i 1968 uttalte Stokely Carmichael at kvite hadde drepe den eine personen som ville hindra opptøyar og at svarte burde brenna ned kvar einaste by i USA. I alle dei betydelege byane fra Boston til San Francisco braut det ut raseopptøyar i svarte nabolag.

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 ≪≪Civil Rights Act of 1964≫≫ . Arkivert fra originalen 21. oktober 2010 . Henta 23. juli 2012 .  
  2. ≪Representatives and Senators by Congress, 1870?Present≫ [ daud lenkje ] , U.S. House of Representatives
  3. Woodward, C. Vann (1974): The Strange Career of Jim Crow , 3. revi. utg., Oxford University Press, s. 67?109.
  4. ≪Birmingham Segregation Laws≫ [ daud lenkje ] ~ Civil Rights Movement Veterans
  5. Chicago History: ≪Great Migration≫
  6. PBS: ≪The Great Migration≫
  7. Beito, David T. & Beito, Linda Royster (2009): Black Maverick: T.R.M. Howard's Fight for Civil Rights and Economic Power , Urbana: University of Illinois Press, ss.81. 99-100.
  8. ≪The Tallahassee Bus Boycott?Fifty Years Later≫ , The Tallahassee Democrat , 21. mai 2006
  9. Klarman, Michael J. (2007): Brown v. Board of Education and the civil rights movement [electronic resource] : abridged edition of From Jim Crow to civil rights : the Supreme Court and the struggle for racial equality, Oxford ; New York : Oxford University Press, s. 55
  10. Desegregation and Integration of Greensboro’s Public Schools, 1954-1974 , arkivert fra originalen 15. mai 2014 , henta 1. oktober 2020  
  11. Chafe, William H. (2002): The Unfinished Journey: America Since World War II , Oxford University Press, 5. utg. ISBN 978-0195150490
  12. ≪The Little Rock Nine≫ ~ Civil Rights Movement Veterans
  13. ≪Minnijean Brown Trickey≫ , America.gov
  14. ≪First Southern Sit-in, Greensboro NC≫ ~ Civil Rights Movement Veterans
  15. Chafe, William Henry (1980): Civilities and civil rights : Greensboro, North Carolina, and the Black struggle for freedom . New York: Oxford University Press. ISBN 0-19-502625-X . s. 81
  16. ≪Greensboro Sit-Ins at Woolworth’s, February-July 1960≫ , arkivert fra originalen 30. juni 2014 , henta 1. oktober 2020  
  17. Southern Spaces
  18. ≪Atlanta Sit-ins≫ ? Civil Rights Veterans
  19. 19,0 19,1 ≪Atlanta Sit-Ins≫ Arkivert 2013-01-17 ved Wayback Machine . ? The New Georgia Encyclopedia
  20. ≪America's First Sit-Down Strike: The 1939 Alexandria Library Sit-In≫ Arkivert 2010-05-28 ved Wayback Machine .. City of Alexandria.
  21. Davis, Townsend (1998): Weary Feet, Rested Souls: A Guided History of the Civil Rights Movement . New York: W. W. Norton & Company. ISBN 0-393-04592-7 . s. 311
  22. ≪Nashville Student Movement≫ ~ Civil Rights Movement Veterans
  23. ≪An Appeal for Human Rights≫ Arkivert 2010-04-01 ved Wayback Machine . ? Committee on the Appeal for Human Rights (COAHR)
  24. Atlanta Sit-Ins , arkivert fra originalen 17. januar 2013 , henta 1. oktober 2020  
  25. The Committee on the Appeal for Human Rights (COAHR) and the Atlanta Student Movement Arkivert 2012-05-13 ved Wayback Machine . ? The Committee on the Appeal for Human Rights and the Atlanta Student Movement
  26. Carson, Clayborne (1981): In Struggle: SNCC and the Black Awakening of the 1960s . Cambridge: Harvard University Press. ISBN 0-674-44727-1 . s. 311.
  27. ≪Student Nonviolent Coordinating Committee Founded≫ ~ Civil Rights Movement Veterans
  28. 28,0 28,1 Freedom Rides ~ Civil Rights Movement Veterans
  29. Arsenault, Raymond (2006): Freedom Riders: 1961 and the Struggle for Racial Justice . Oxford Press.
  30. ≪Voter Registration & Direct-action in McComb MS≫ ~ Civil Rights Movement Veterans
  31. ≪Council of Federated Organizations Formed in Mississippi≫ ~ Civil Rights Movement Veterans
  32. ≪Mississippi Voter Registration?Greenwood≫ ~ Civil Rights Movement Veterans
  33. 33,0 33,1 ≪Carrying the burden: the story of Clyde Kennard≫ Arkivert 2007-10-09 ved Wayback Machine ., District 125, Mississippi
  34. Tucker, William H. (30. mai 2007): The Funding of Scientific Racism: Wickliffe Draper and the Pioneer Fund, University of Illinois Press, s. 165?66.
  35. Neo-Confederacy: A Critical Introduction , red. av Euan Hague, Heidi Beirich, Edward H. Sebesta, University of Texas Press (2008), s. 284?285
  36. ≪A House Divided≫ . Southern Poverty Law Center. Arkivert fra originalen den 28. oktober 2010
  37. Brown, Jennie (1994): Medgar Evers , Holloway House Publishing, s. 128?132
  38. Mississippi hadde vedtatt en ny forfatning i 1890 som effektivt fratok de fleste svarte fra a stemme ved a endre valgreglene og kravene til stemmeregistrering; selv om det fratok svarte deres forfatningsbestemte rettigheter som var bestemt, overlevde det USAs høysteretts innsigelser i sin tid. Det var ikke før etter at Loven om stemmerettigheter av 1965 ble vedtatt at de fleste svarte i Mississippi og andre sørstater gikk føderal beskyttelse til a kunne avgi stemme.
  39. ≪James Meredith Integrates Ole Miss≫ , Civil Rights Movement Veterans
  40. ≪Albany GA, Movement≫ ~ Civil Rights Movement Veterans
  41. ≪The Birmingham Campaign≫ ~ Civil Rights Movement Veterans
  42. ≪Letter from a Birmingham Jail≫ Arkivert 2008-04-07 ved Wayback Machine . (PDF) ~ King Research & Education Institute at Stanford Univ.
  43. Bass, S. Jonathan (2001): Blessed Are The Peacemakers: Martin Luther King, Jr., Eight White Religious Leaders, and the ≪Letter from Birmingham Jail≫ . Baton Rouge: LSU Press. ISBN 0-8071-2655-1
  44. ≪Standing In the Schoolhouse Door≫ ~ Civil Rights Movement Veterans
  45. ≪Radio and Television Report to the American People on Civil Rights≫, 11. juni 1963, avskrift fra JFK-biblioteket Arkivert 2007-02-05 ved Wayback Machine ..
  46. Medgar Evers Arkivert 2005-11-07 ved Wayback Machine ., The Mississippi Writers Page , nettsted hos University of Mississippi English Department.
  47. Medgar Evers Assassination ~ Civil Rights Movement Veterans
  48. Civil Rights bill submitted, and date of JFK murder, plus graphic events of the March on Washington Arkivert 2007-10-12 ved Wayback Machine .. Dette er et nettsted hos Abbeville Press, en stor informativ artikkel fra boken The Civil Rights Movement ( ISBN 0-7892-0123-2 ).
  49. 49,0 49,1 Full text of King's 'I Have a Dream' speech , Chicago Tribune
  50. Malcolm X; George Breitman (red.) (1990) [1965]: Malcolm X Speaks . New York: Grove Weidenfeld. ISBN 0-8021-3213-8 . s. 14?17
  51. Herschthal, Eric (11. mai 2011): ≪The Rabbi Was A ‘Freedom Rider’≫ Arkivert 2016-03-11 ved Wayback Machine ., New York The Jewish Week
  52. ≪Muriatic Acid Bottle used at the Monson Motel≫ , arkivert fra originalen 22. august 2016 , henta 1. oktober 2020  
  53. ≪James Brock Dumping Acid into Swimming Pool≫ Arkivert 2014-04-13 ved Wayback Machine ., Corbis Images, viser bildet av voksne og barn i svømmebassenget mens direktøren heller saltsyre i bassenget for a tvinge dem ut.
  54. 54,0 54,1 ≪The Mississippi Movement & the MFDP≫ ~ Civil Rights Movement Veterans
  55. ≪Mississippi: Subversion of the Right to Vote≫ (PDF) ~ Civil Rights Movement Veterans
  56. McAdam, Doug (1988): Freedom Summer . Oxford University Press. ISBN 0-19-504367-7 .
  57. Glendrange, Sølvi (23. juni 2005): ≪Ma sone resten av livet i fengsel≫ , Dagbladet
  58. Freedom Ballot in MS ~ Civil Rights Movement Veterans
  59. Martin Luther Kings takketale ved mottagelsen av Fredsprisen den 10. desember 1964
  60. Originalsitat: ≪But even if we pass this bill, the battle will not be over. What happened in Selma is part of a far larger movement which reaches into every section and state of America. It is the effort of American Negroes to secure for themselves the full blessings of American life. Their cause must be our cause too. Because it is not just Negroes, but really it is all of us, who must overcome the crippling legacy of bigotry and injustice. And we shall overcome .≫
  61. Martin Luther King, Jr. (3. april 1968): ≪I've Been to the Mountaintop≫ . American Rhetoric.
  62. Disse ordene er en parafrase over Femte Mosebok 34: 1-4 [ daud lenkje ] : Moses gikk fra slettene i Moab opp pa Nebo, toppen av Pisga-fjellet, som ligger rett imot Jeriko. Og Herren lot ham se hele landet: Gilead like til Dan, hele Naftali, Efraims og Manasses land og hele Judas land til havet i vest, 3 Negev og Jordan-sletten ved Jeriko-dalen ? Palmebyen ? helt ned til Soar. Herren sa til ham: ≪Dette er det landet som jeg med ed lovet Abraham, Isak og Jakob at jeg ville gi deres etterkommere. Na har jeg latt deg se det med egne øyne, men du far ikke komme over dit.≫
  63. ≪Coretta Scott King≫ Arkivert 2010-07-05 ved Wayback Machine .. Spartacus.schoolnet.co.uk.
  64. ≪28th Name Added To Massacre List 40 Years Later≫ Arkivert 2008-02-11 ved Wayback Machine ., Fox Carolina News , 2008
  65. Review of Lynch Street: The May 1970 Slayings at Jackson State College (Tim Spofford), Review author: William M. Simpson, The Journal of Southern History , Vol. 56, No. 1. (Feb., 1990), s. 159-160.
  66. Walker, Robert: ≪Gangs or Us≫ Arkivert 2010-01-24 ved Wayback Machine .
  67. ≪Say It Loud (I'm Black and I'm Proud)≫ In a Nutshell

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]