한국   대만   중국   일본 
Baathpartiet i Irak ? Wikipedia Hopp til innhald

Baathpartiet i Irak

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Baathpartiet i Irak

Land Bahrain
Grunnleggjarar Saladdin Bitar
Grunnlagt 7. april 1947
Nedlagt 23. februar 1966
Hovudkvarter Damaskus
Ideologi antiamerikanisme, antisionisme, baathisme , arabisk nasjonalisme, nasserisme, Panarabisme, sekularisme, ettpartistat, arabisk sosialisme, autoritær   Sjå dette på Wikidata
Flagget til Baathpartiet.

Baathpartiet ( arabisk ??? ????? ?????? ????????? ‎) var eit politisk parti i Irak fra 1949 til 2003, da det vart oppløyst av okkupasjonsmakta . Det kan finnast restar av Baath-organisasjonen illegalt i Irak ogsa etter den tid. Baathpartiet var opphavleg syrisk , og er framleis (i slutten av 2006) regjeringsparti der. Dei to Baathpartia var elles uvenner i mesteparten av tida det irakiske Baathpartiet eksisterte.

Baath tyder atterføding, og hovudinnhaldet i ideologien var pan-arabisk sekulær nasjonalisme . Skiparane av Baathrørsla var syriske, men ogsa i Irak vart det raskt skipa eit Baath-parti, i 1949. Dei fleste medlemene var relativt godt utdanna og budde i byar. Baath-ideologien rekna alle arabiske land som regionar i ein arabisk nasjon, som burde sameinast eller i det minst sta saman. Baathprogrammet tala og om ≪ sosialisme ≫, men det var svært uklart kva dei la i det.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Baathpartiet i Irak var illegalt i 1950-ara, og arbeidde saman med andre i opposisjonen mot det britisk -støtta monarkiet , som vart styrta i 1958. Denne oppreisten gjorde slutt pa britisk dominans i Irak. Men baathistane var ikkje nøgde med leiaren i den nye republikken, Abd al-Karim Qasim . USA var og misnøgd med dei nære banda han syntest ha med Sovjetunionen . CIA blir pastatt a sta bak mordforsøket pa Qasim i 1959. Ein av attentatmennene var Saddam Hussein , og han matte rømme fra landet da fleire baathistar vart arresterte klaga for landssvik. Baathpartiet vart atter illegalt, men den andre freistnaden pa kupp mot Qasim lykkast, og Baathpartiet kom til makta i 1963, berre for a miste ho att nokre manader seinare pa grunn av indre motsetningar.

Først i 1965 hadde baathistane kome over den indre striden, og partiet vart reorganisert med general Ahmad Hasan al-Bakr som leiar og Saddam som nestleiar. I 1968 gjorde dei kupp, og al-Bakr vart første Baath-presidenten i Irak.

Regimet har sidan 1968 i praksis fokusert meir pa innanrikspolitiske saker enn pan-arabiske. Dei har offisielt freista skape eit sterkt og einskapleg Irak ved irakisk patriotisme og modernisering av landet. Den statlege sektoren har vore dominerande i viktige delar av økonomien , saleis mellom anna olje -industrien.

Sidan 1979 har Saddam vore partileiar i Baathpartiet og president i landet. Alle viktige avgjerder har sidan vore tekne av han, og han har vore omsynslaus mot opponentar innanfor partiet liksom annan opposisjon. Høgtstaande baathistar har vorte skulda for kupplanar og avretta. Andre har vorte tvinga til a trekkje seg.

Etter den amerikansk-britiske okkupasjonen av Irak i 2003, vart Baathpartiet oppløyst.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Baathpartiet i Irak