Republikken Austerrike
eller berre
Austerrike
(
tysk
:
Republik Osterreich
eller
Osterreich
) er eit land i
Sentral-Europa
med ni delstatar. Det er omgjeve av land pa alle sider og grensar mot
Liechtenstein
og
Sveits
i vest,
Italia
og
Slovenia
i sør,
Ungarn
og
Slovakia
i aust, og
Tyskland
og
Tsjekkia
i nord.
Etter a ha vore erobra av
romarane
,
hunarane
,
lombardarane
,
ostrogotane
,
bayerane
og
frankarane
, kom Austerrike under
habsburgarane
i det 13. arhundre. Denne slekta heldt fram med a regjere Austerrike inntil det 20. hundrearet.
Etter oppløysinga av
det tysk-romerske riket
i
1806
vart Austerrike utropa til keisarrike, og den siste tysk-romerske keisaren Franz, som samtidig var konge av Austerrike, heldt fram saleis som keisar av dette. Austerrike kom formelt i ein personalunion med kongedømet Ungarn (som allereie hadde vore under habsburgsk styre i fleire hundrear) i
1867
, og unionen vart kjend som
dobbeltmonarkiet
Austerrike-Ungarn
.
Denne staten vart oppdelt etter nederlaget i
fyrste verdskrigen
. Ungarn gjekk ut av unionen, og ei rekkje austerrikske provinsar, som
Bohmen
og
Mahren
, vart og avstatt da nye sjølvstendige statar oppstod i
Aust-Europa
.
Det resterande Austerrike vart
republikk
, mellom
1918
og
1919
offisielt kjend som Republikken Tysk Austerrike (
Republik Deutschosterreich
), deretter berre Republikken Austerrike. Landet var
demokratisk
fram til
fascismen
vart innførd etter
oppstanden i Wien i 1934
. Austerrike vart annektert av det
nazistiske
Tyskland
i
1938
, i det sakalla
Anschluss
. Etter
andre verdskrigen
vart Austerrike gjenoppretta som eigen stat, men var nøytralt, og høyrde til verken aust- eller vestblokka.
I
1995
vart Austerrike medlem av
EU
, og var fra og med
1999
og ein del av den europeiske økonomiske og monetære union.
Med sin posisjon i
Alpane
er Austerrike i det store og heile eit
fjelland
.
Dei sentrale alpane
,
Dei nordlege kalksteinsalpane
og
Dei sørlege kalksteinsalpane
ligg alle delvis i Austerrike. Av det totale arealet (84 000 km²) er berre om lag ein fjerdedel lagland, og berre 32 % av landet ligg under 500 meter. Dei høga alpefjella i vest flatar gradvis ut mot dei lage slettene og aslendte landskapa i austlege delar av landet.
Austerrike kan delast inn i fem ulike omrade. Det høgastliggande omradet er dei austlege Alpane, som utgjer 62 % av det totale arealet. Lagberga ved foten av Alpane og fjellkjeda
Karpatane
utgjer om lag 12 % av arealet. Dei austlege omrada, som ligg rundt
Den pannoniske sletta
, utgjer og om lag 12 % av landet. Nord for
Donau
, som renn gjennom heile landet pa langs, ligg det den lagare fjellkjeda
Bohmerwald
, som utgjer 10 % av Austerrike. Den austerrikske delen av
Wienbekkenet
utgjer om lag 4 %.
Viktige byar er hovudstaden
Wien
,
Salzburg
,
Innsbruck
,
Graz
og
Linz
.
Dei seks høgaste fjella i Austerrike er:
Størstedelen av Austerrike ligg i den kjølige
tempererte
klimasonen
der fuktig vestavind dominerer. Sidan Alpane dekkjer over halvparten av landet, har store delar av landet og
alpint klima
. I austlege delar av landet, pa
Den pannoniske sletta
og langs
Donaudalen
er klimaet meir
kontinentalt
med mindre
regn
enn i alpeomradet.
Austerrike er ein forbundsrepublikk inndelt i 9 forbunsland (delstatar) eller
Bundeslander
:
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Austerrike