Amfibisk krigføring

God artikkel
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Marineinfanteristar fra 3. marineinfanteridivisjon gar i land ved Bougainville .

Amfibisk krigføring inneber atak pa landbaserte mal med militære styrkar fra skip . [1] Amfibisk krigføring krev landgangsfartøy eller helikopter for a transportera soldatar til land fra skipa som har ført dei til omradet.

Malet med a setja soldatar i land fra skip er a avslutta konfliktar. Rein sjøkrig har sjeldan ein avgjerande effekt, og marsj over land er ikkje alltid eit alternativ. Mange land har eigne styrkar med marineinfanteri for dette føremalet. For tida er USA sitt United States Marine Corps det største, og det einaste med eige flyvapen. Halvparten av marineinfanteristane i verda høyrer heime i denne avdelinga.

Eit amfibisk atak er ein av dei mest vanskelege militære operasjonane. Det krevst koordinering av eld fra skip og luftfartøy, medan bakkestyrkane skal setjast i land pa ei kystlina som er kontrollert av fienden – som ofte har ein enorm fordel pa grunn av det opne landskapet pa dei fleste strender.

Invasjonen av Normandie , Slaget om Iwo Jima og Falklandskrigen er nokre av dei mest vidgjetne amfibiske operasjonane i historia.

Ei planlagd militær landsetjing som gar føre seg utan kamphandlingar vert kalla ei administrativ landsetjing .

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Før første verdskrigen [ endre | endre wikiteksten ]

Japanske skip rundt 1243 , fylt med fotsoldatar.

I krigane mellom Hellas og Persarriket i 499–448 f.Kr. og dei peleponnesiske krigane vart det brukt landgangsoperasjonar. Den første amfibiske operasjonen ein kjenner til er da grekarane, i følgje Homer i Iliaden , sette styrkar i land pa stranda nær Troja . Det første kjende ataket pa ei strand var i slaget ved Marathon i 490 f.Kr. . Persarane etablerte eit bruhovud i eit forsøk pa a invadera Hellas. Dei hadde modifiserte skip med ramper for hestane, ein forgjengar til moderne landgangsfartøy.

Romarane tok Kartago med ein landgangsoperasjon i 202 f.Kr. , og Julius Cæsar gav jamvel styrkane sine særskilt trening i landgangar før han invaderte England i 55 f.Kr. [ treng kjelde ] . Engelskmenna vart og slegne av Vilhelm Erobraren etter ein landgang ved Hastings i 1066 [ treng kjelde ] .

Mongolane freista a ta Japan med en invasjonsflate pa 1200-talet , men lukkast ikkje [ treng kjelde ] . Japanarane invaderte Korea seint pa 1500-talet men vart slegne attende to gonger av flaten til den koreanske admiralen I Sun-sin [ treng kjelde ] .

Under den amerikanske revolusjonen i 1776 storma amerikanske styrkar Britisk Bahamas [ treng kjelde ] . Skipskanoner gjorde no at flaten kunne stø soldatane som gjekk i land, men samstundes vart det utvikla kystartilleri , som var eit trugsmal mot flaten. Krigsskip matte no byrja a eskortera handelsskipa som kom med menn, utstyr og forsyningar. Under den amerikanske borgarkrigen sette nordstatsmarinen gong pa gong sma styrkar i land bade langs kysten og oppover elvane. Sørstatsgeneralen Robert E. Lee uttalte at ≪Kvar flaten enn kan sendast kan me ikkje sta imot landsetjingane... Me har ingenting som kan sta imot det tunge skytset hans.≫

Under den spansk-amerikanske krigen utvikla marinen i USA nye taktikkar for landsetjingar. Dei mest kjende trefningane er da 650 marineinfanteristar tok Guantanamo Bay og 16 000 soldatar vart landsette ved Santiago pa Cuba , sjølv om den sistnemnde styrken stort sett mislukkast i krigsmala sine [ treng kjelde ] .

Første verdskrigen og mellomkrigstida [ endre | endre wikiteksten ]

Britiske soldatar i mai 1915 gjer seg klare til a ga i land ved Gallipoli

Under første verdskrigen var moderne amfibisk krigføring enno eit ungt felt. Bade taktikk og utstyr var enkelt og ofte improvisert.

Under denne perioden var britiske Royal Marine Light Infantry (RMLI) stort sett i bruk som militærpoliti og kanonmannskap ombord pa krigsskip. Dei vart i 1914 slegne saman med divisjonen Royal Naval Division , som var sett opp av Royal Navy . Meininga var at dei skulle kjempa pa land. Trass i dette matte hærstyrkar utgjera hovudtyngda av kampstyrkane i landgangsoperasjonar gjennom krigen. RMLI vart pa 1920-talet slege saman med Royal Marine Artillery til Royal Marines .

Den første landgangen i første verdskrigen var i 1914 og enda i katastrofe. Ein større styrke fra den den britisk-indiske hæren vart sende for a ga i land ved byen Tanga i det som da heitte Tysk Austafrika . Tyskarane der oppdaga dei britiske førebuingane og rakk a førebu seg pa invasjonen. Resultatet var at dei britisk-indiske styrkane matte trekkja seg ut med store tap og utan det tyngre utstyret sitt [ treng kjelde ] .

Den allierte invasjonen mot Det osmanske riket i slaget om Gallipoli i 1915 var ein enno større katastrofe enn Tanga. Soldatar rodde i land i opne kvalbatar eller vart frakta inn med slepebatar . Dei uerfarne allierte soldatane vart praktisk talt slakta ned av dei osmanske forsvararane. Mange kom seg ikkje eingong ut av batane. Ved den andre landgangen ved Suvla i august var dei utstyrte med føregangaren til moderne landgangsfartøy, den pansra ≪Beetle≫ (engelsk: Billa ). 489 000 soldatar vart sette inn pa alliert sida, og av desse vart 252 000 drepne, skadde eller sjuke. Tala for dei tyrkiske forsvararane var rundt ein halv million mann i forsvar, og rundt halvparten av desse drepne, skadde eller sjuke [ treng kjelde ] .

I mellomkrigstida utvikla USA spesialisert utstyr for landgangar. Nye landgangsfartøy og amfibiske køyretøy vart prøvde ut. Skipa vart lasta slik at ein kunne lossa dei pa ein føremalstenleg mate; ikkje slik som tidlegare, da ein berre la vekt pa a fa med seg mest mogleg. I 1910 hadde marinekorpset etablert skulen for amfibiekrigføring som dei hadde i New London i Connecticut . Under general John Lejeune utvikla dei ein ny doktrine , publisert i 1934 som Tentative Landing Operations Manual , ein manual som til ein viss grad er aktuell den dag i dag.

Andre verdskrigen [ endre | endre wikiteksten ]

Den japanske ekspansjonen fram til 1942 gav dei eit enormt omrade a forsvara, mykje av det var spreidde øyar.

I løpet av stillehavskrigen vart det gjennomført eit utal landgangsoperasjonar, først under den japanske ekspansjonen, deretter under den allierte ≪øyhoppinga≫ for a driva japanarane attende. Japanarane let dei amfibiske styrkane sine svinna vekk etter framgangen dei hadde hatt fram til 1942 , og førebudde seg heller pa statisk forsvar av omrada dei hadde vunne [ treng kjelde ] . I mellomtida perfeksjonerte marinekorpset og hæren til USA landgangsoperasjonar. Pa grunn av den avgrensa storleiken til marinekorpset hadde hæren bade fleire landgangsoperasjonar og fleire skip enn marinekorpset. Pa denne tida tok ein og i bruk luftborne atak bak strandlinja i samspel med landgangen.

Presis nærstønad bade fra skipsartilleri og fly fra hangarskip hjelpte angriparane i a overvelda forsvararane. Samvirket mellom dei amerikanske vapengreinene sette standarden ogsa for ettertida.

I Europa innsag dei allierte etter det mislukka Diepperaidet i 1942 at vidareutvikling av amfibisk krigføring var heilt naudsynt før ein kunne setja i verk ein invasjon av det europeiske fastlandet. Ein av dei direkte følgjene av dette var at det vart utvikla mange spesialkøyretøy, særleg for amfibiske operasjonar. Først av desse var Amtrac (kort for Amphibious Tractor ), eit amfibisk pansra køyretøy. Marineinfanteriet hadde no eit visst vern i den sarbare perioden fram til dei kom opp pa stranda. Amfibielastebilen GMC DUKW , kalla Duck (' and ') til vanleg, vart og teken fram og mykje brukt. Stridsvogner vart ogsa tilpassa symjing eller spesielle oppdrag pa stranda. Dette inkluderte ≪teppelegging≫ for a betra underlaget for andre køyretøy, fylling av grøfter med røyrbuntar ( fascine ), minerydding og berging av andre køyretøy.

Dei nye køyretøya spelte ei viktig rolla da invasjonen av det europeiske kontinentet endeleg vart sett i verk gjennom den største landgangsoperasjonen i historia, den allierte landgangen i Normandie . To armear , ein britisk og ein amerikansk, vart sette i land. Fra 6. juni til slutten av manaden hadde dei allierte fatt i land 850 000 mann og 150 000 køyretøy pa det europeiske fastlandet [ treng kjelde ] . Andre kjende landgangar under andre verdskrigen var operasjon Torch i Nordafrika i 1942 , landgangen pa Sicilia i 1943 og landgangen ved Anzio i 1944 .

Nyare tid [ endre | endre wikiteksten ]

Russiske BTR-80 amfibiske pansra personellkøyretøy pa øving i 1994 . Dei same vognene var truleg i sovjetisk teneste nokre ar før.

Etter andre verdskrigen vart amfibiske operasjonar mindre viktige, men ikkje uaktuelle. Framleis var det nyttig a halda fienden pa ta hev gjennom a kunna trua kystlinene hans. Berre USA opprettheldt amfibiske styrkar i same skala som under andre verdskrigen, men fekk berre brukt dei til ein stor operasjon i etterkrigstida, nemleg ved Inchon i 1950 under Koreakrigen . Der vart 70 000 mann sette i land bak nordkoreanske liner, noko som letta trykket pa SN-styrkane i Pusan og var eit vendepunkt i krigen [ treng kjelde ] . Etter dette hadde US-amerikanske flatar marineinfanteri klare med utstyret sitt pa skip i Stillehavet og Middelhavet . Det vart brukt ein eller fleire forsterka bataljonar pa rundt 1 800 mann per flate .

Amfibiske styrkar leia operasjonar i Den dominikanske republikken i 1965 [ treng kjelde ] , i Suez-krisa i 1956 [ treng kjelde ] og under Falklandskrigen i 1982 [ treng kjelde ] .

Under Golfkrigen deltok ein landsetjingsstyrke pa 43 skip med 18 000 marineinfanteristar fra USA [ treng kjelde ] . Denne styrken batt opp mellom sju og elleve irakiske divisjonar som førebudde seg pa ei landsetjing som aldri kom.

Under heile den kalde krigen hadde Warszawapakta staande amfibiske styrkar for a truga Noreg og landa rundt Austersjøen , Svartehavet og Middelhavet . NATO hadde sine styrkar staande klare for mottrekk i de same omrada. Amfibiestyrkane vart spadd ei kort framtid under heile etterkrigstida, men finst enno.

Amfibiske operasjonar [ endre | endre wikiteksten ]

Filippinske marineinfanteristar pa amfibisk angrepsøving.

Amfibiske operasjonar vert delte inn i fleire typar, oftast desse fire: Amfibisk landsetjing , amfibisk tilbaketrekking , amfibisk demonstrasjon og amfibisk raid .

Amfibiske styrkar vert og brukte til andre oppgaver, til dømes evakuering av sivile fra krigssoner og elveoperasjonar . Dette siste har vorte mykje brukt dei siste 20 ara, fordi amfibiske styrkar ofte er dei som eignar seg best til denne typen operasjonar. Eit døme fra nyare tid er da USA, Frankrike og Storbritannia henta ut om lag 4 000 sivile fra Elfenbeinskysten i november 2004 [ treng kjelde ] . Eit anna døme er Operation Assured Response , der USA henta ut 2 440 sivile fra Monrovia i Liberia mellom april og juni 1996 [ treng kjelde ] .

Under planlegging av amfibieoperasjonen skal ein koordinere sjøstyrkar, landstyrkar og luftstyrkar. Dette er eit av dei vanskelegaste punkta, og det finst fleire historiske døme pa at det kan ga gale. Ulike metodar vert praktiserte, men ein utnemner vanlegvis ein maritim styrkesjef og ein landstyrkesjef. Før styrkane er sette i land er det ofte den maritime styrkesjefen som har kommandoen over landstyrkane.

I planleggingsfasen tek ein høgd for ein del ulike faktorar i tillegg til vanlege militære operasjonar. Nokre av desse er:

  • Posisjonar der amfibiefartøya skal lasta ut mindre fartøy og helikopter ma setjast ned pa førehand.
  • Ein ma finna ut korleis grunnen er ved strendene ein skal landsetja pa, bade over og under vatn. Ein ma og vita om det er mogleg a rykkja vidare inn i landet fra stranda.
  • Minefelt og hindringar, bade pa land og i vatnet.
  • Landingssoner for helikopter.
  • Tidspunkt for landsetjinga ( D-dag og H-time ). Her ma ein vurdera mellom anna tidevatn , ver, føre, lystilhøve og fienden sine disposisjonar.

Amfibisk landsetjing [ endre | endre wikiteksten ]

Ein amerikansk flate med ulike klassar skip for amfibisk krigføring undervegs pa ei øving.

Amfibisk landsetjing vert rekna for a vera den vanlegaste forma for amfibieoperasjon. Det er ein operasjon gjort fra sjøen mot eit fiendtleg omrade.

I samband med landsetjingsoperasjonar vert det ofte landsett styrkar fra lufta, bak fienden sine linjer. Dette er for a sikra eigne styrkar for motatak og for generelt a skapa kaos for fienden. Operasjonen vert nesten alltid understøtta av fly i taktiske og strategiske operasjonar, for a oppretta eit luftherredøme over landgangsomradet.

Konseptet har vore i bruk sidan før Kristi fødsel, og romarane gjorde til dømes bruk av det i eit atak pa Storbritannia i 1. hundrearet f. Kr. [ treng kjelde ]

I moderne tid vert troppar som skal føreta sjølve landgangen transporterte til kysten av større skip (til dømes eit amfibisk ataksskip ), for deretter a ga om bord i mindre batar eller amfibiske køyretøy, som kan ga heilt inntil landingsstaden. I dei tilfella der helikopter vert brukte, er dette for a gje sikring til sjølve landgangen eller som ein mindre, avgrensa redningsoperasjon. Det finst og spesialbygde skip som kan transportera utstyret og soldatane direkte til landingsstaden. USA , Storbritannia og Russland brukar i stor grad luftputefartøy i slike operasjonar, av di dei har høg fart og kan brukast ogsa pa land (og slik landsetja styrkane eit godt stykke inn pa stranda), i tillegg til ≪konvensjonelle≫ skip.

Døme pa landsetjing av US Marine Corps [ endre | endre wikiteksten ]

USS ≪Fort McHenry≫ i bakgrunnen, med luftputefartøy og helikopter i gang med landgangsoperasjonen
Luftputefartøy av typen LCAC vert dirigert inn pa stranda.
Luftputefartøya lastar av HMMWV feltvogner og LAV-25 pansra personellkøyretøy pa stranda.

United States Marine Corps er den dominerande amfibiestyrken i verda i dag. Mange andre nasjonar brukar metodar dei har utvikla, men da i mindre skala enn i dette dømet. Dømet skildrar ein Marine Expedionary Force ( MEF ) i eit tenkt atak pa en forsvart kyst i moderne tid. Ein MEF er pa storleik med ein divisjon , og vert frakta pa over 60 skip, med over eit dusin krigsskip som eskorte.

Styrken som nærmar seg den fiendtlege kysten har planlagt operasjonen minst ei veka pa førehand. Før dei forlet det amerikanske fastlandet har dei ein travel periode. Skipa som skal brukast kjem dit i tilfeldig rekkjefølgje, men alt utstyret ma pakkast pa best mogleg mate for landgangsoperasjonen. Viss det er tid gjer divisjonen ein øvingslandgang saman. Det er sjeldan øvingar pa divisjonsniva, sa om styrken kan øva saman før den skarpe operasjonen kan ein kanskje unnga dyre og fatale feil. I mellomtida jobbar etterretningsstyrkane hardt for a kartleggja fienden sine posisjonar og moglege mottrekk.

Pa veg mot kysten gjer flaten forsøk pa a anten unnga a verta oppdaga eller a skjula føremalet sitt for fienden. Den samla flaten ynskjer a bruka berre ein dag eller to pa a na den fiendtlege kysten, eit tidsrom som gjev tid for avleiingsmanøvrar , men som likevel gjer tida brukt pa sjøen sa kort som mogleg. Nar styrken nærmar seg kysten gar fly fra hangarskipa i gang med ataket pa fienden.

Rundt 40 kilometer fra stranda gar skipa ut i ataksformasjon. I teorien er det da berre nokre fa timar til heile ataksstyrken er pa land. To tredelar av soldatane skal landsetjast over stranda – den siste tredelen med helikopter. Minesveiparar har rydda ein serie leier (tilkomstvegar) mot stranda, kvar av dei ein kilometer brei. Sjølve bruhovudet pa stranda er rundt fire kilometer breitt. Pa kvar sida av desse leiene ligg eit kontrollskip. Det eine inneheld den primære kontrolloffiseren og staben hans. Dei ligg fire kilometer ut; utanfor rekkjevidda til maskingeværa , men ikkje utanfor artilleriet si rekkjevidda.

Dei to regimenta som skal setjast i land over stranda lastar opp to av dei tre bataljonane sine, klare til a ga inn i den første angrepsbølgja. Desse to bataljonane sender inn to kompani kvar. Av ein styrke pa 54 000 mann er det om lag to dusin LVTP7 landgangskøyretøy med rundt 700 passasjerar som er den første angrepsbølgja. Den første bølgja brukar rundt 25 minutt pa a koma i land. Med intervall pa to minutt kjem dei neste bølgjene inn, følgd av stridsvognene, støtteavdelingar og anna personell. I løpet av atte minutt har 3 000 mann og meir enn 150 pansra køyretøy og artilleri kome i land. I bakre lina ligg seks jagarar og to kryssarar . I lufta er opp til 400 kampfly klare.

Det tredje regimentet har i mellomtida vorte sette i land med helikopter. Dei har landa 10 til 30 km inne i landet, godt hjelpne av jagarbombarar og kamphelikopter. Den første bølgja er samansett av 65 helikopter som ber ein infanteribataljon og eit batteri med artilleri . Somme gonger er det fleire landingsomrade.

Malet no er a rydda stranda og fa kopla saman dei ulike bruhovuda. Kamphandlingar føregar til ein har teke eit stort nok bruhovud. Det ma kunna romma ein flyplass og eit drivstofflager utanfor rekkjevidda til fiendtleg artilleri. Ein flyplass er pa plass i løpet av eit par-tre dagar, og da trekk hangarskipet seg attende. Flyplassen er viktig fordi transporten av forsterkningar og forsyningar over stranda fører til stor slitasje pa utstyret. Tap pa grunn av mekaniske feil er like store sakn som tap i kamp.

Amfibisk tilbaketrekking [ endre | endre wikiteksten ]

Ved ei amfibisk tilbaketrekking tek ein ut eigne styrkar fra ein fiendtleg kyst eller ein kyst ein reknar med er fiendtleg. Dette gjer ein for a evakuera slagmarka , flytta styrkane raskt til ein annan stad eller rett og slett for a henta ut styrkar som har gjennomført oppdraget sitt.

Ein kompliserande faktor her kan vera at styrkane ein hentar ut ikkje er trena i amfibiestrid, noko som gjer jobben til marinestyrkane vanskelegare.

Den mest kjende operasjonen av denne typen er tilbaketrekkinga fra Dunkerque i 1940 , der britane matte mobilisera sa a seie alt som kunne flyta pa kanalkysten for a henta ut slegne britiske og allierte styrkar fra Dunkerque under atak fra tyske styrkar.

Amfibisk demonstrasjon [ endre | endre wikiteksten ]

Dette er ein villeiande operasjon for a forvirra fienden. Han kan gjennomførast for a maskera føremalet sitt eller storleiken pa sine eigne styrkar. Gjennomføringa kan vera ved a segla styrken mot ein annan stad enn der landsetjinga skal finna stad, eller a setja i land mindre styrkar. I Golfkrigen i 1991 praktiserte USA denne taktikken i stor skala, og batt opp nesten ein firedel av styrkane Irak hadde i omradet [ treng kjelde ] .

Amfibisk raid [ endre | endre wikiteksten ]

Et amfibisk raid eller strandhogg er ein operasjon som utnyttar skjul og snøggleik for a overraska motstandaren. Malomradet vert berre okkupert mellombels, og operasjonen vert følgd av ei rask planlagd tilbaketrekking.

Denne taktikken vart praktisert av norske vikingar fra seint i jarnalderen . I nyare tid vart det utført ein del raid pa norskekysten av britiske og norske kommandosoldatar under andre verdskrigen. Det mest kjende er kanhende Maløyraidet . [ treng kjelde ]

Teknologi [ endre | endre wikiteksten ]

Fartøy [ endre | endre wikiteksten ]

To amerikanske LSTar pa stranda i 1944 . Legg merke til kor høgt propellane og rora sit.
Amerikansk Landing Craft, Vehicle, Personnel (LCVP) ogsa kjend som Higgins-bat, brukt under andre verdskrigen
Den innvendige dokken pa USS ≪Fort McHenry≫, ein moderne LSD.

Det har alltid vore trong for spesialfartøy ved amfibieoperasjonar. Eit tidleg døme pa dette er langskipa til vikingane. Kombinasjonen av god framdrift bade med segl og arer og flat botn gjorde dei godt eigna til landsetjing.

I nyare tid var andre verdskrigen perioden der fartøy for amfibiekrigføring hadde størst utvikling. Det er mange ulike typar og kategoriar. Ein kan dela dei grovt inn i større fartøy som er eigna for oversjøisk fart og mindre farkostar som vert brukte til a føra i land folk og materiell fra dei større fartøya.

Større amfibiske fartøy kan delast inn i atte kategoriar:

  • LHA – ( Amphibious Assault Ship General Purpose ) er mellom dei største skipa og har bade dokk , helikopterdekk og hangar . Eit døme er den amerikanske Tarawa-klassen pa om lag 40 000 tonn.
  • LHD – ( Amphibious Assault Ship Multipurpose ) liknar LHA, men kan og brukast for kampfly av STOVL -typen ( Short Take-Off Vertical Landing ) som Harrier . Eit døme er den US-amerikanske Wasp-klassen pa rundt 40 500 tonn.
  • LPD – ( Landing Platform Dock ) har dokk for landgangsfarkostar, plass for køyretøy og eit lite helikopterdekk med hangar. Eit døme er den nederlandske Rotterdam-klassen pa omtrent 13 000 tonn.
  • LPH – ( Landing Platform Helicopter ) er ein type med god plass for helikopter men utan intern dokk. Eit døme er den britiske Ocean-klassen pa rundt 22 000 tonn.
  • LCC – ( Amphibious Command Ship ) er kommando- og kontrollskip for ein sams styrkesjef. Det ber i tillegg noko materiell og troppar. Dei einaste som har slike skip er den US-amerikanske marinen, og dei har to. Dei er av Blue Ridge-klassen og er pa om lag 17 000 tonn.
  • LSD – ( Landing Ship Dock ) er ofte lik LPD, men har ikkje utstyr for helikopteroperasjonar. Eit døme er den US-amerikanske Whidbey-klassen pa rundt 16 000 tonn.
  • LSL – ( Landing Ship Logistic ) er eit forsyningsfartøy som kjem med i den andre bølgja av eit amfibieatak. Eit døme er den britiske Lyme Bay-klassen pa rundt 16 000 tonn.
  • LST – ( Landing Ship Tank ) er ein større landgangsfarkost, faktisk sa stor at han er havgaande. Trass i dette kan han ga heilt opp pa stranda og setja i land køyretøy og soldatar gjennom ei rampa i baugen. Eit døme er den US-amerikanske Newport-klassen .

Moderne landgangsfarkostar kan delast inn i tre hovudgrupper; LCU, LCAC og LCVP.

  • LCU – ( Landing Craft Utility ) er den farkosten som vanlegvis tek mest last. Avhengig av typen kan dette vera fra ein til fire stridsvogner eller enno fleire lastebilar eller lettare køyretøy. Eit døme er den US-amerikanske LCU 2000-klassen pa 584 tonn.
  • LCAC – ( Landing Craft Air Cushion ) er luftputefarkostar som er like store som ein LCU. Dei kan ta mindre last, men gar til gjengjeld to til fire gongar sa fort. Eit døme er den russiske Lebed-klassen .
  • LCVP – ( Landing Craft Vehicle and Personell ) er den minste klassen og har kapasitet til a ta 20 til 60 soldatar eller eitt til to mindre køyretøy. Desse er sa sma at dei kan hengja pa sida av eit fartøy i davitar .

Køyretøy [ endre | endre wikiteksten ]

Ein Sherman DD , ein spesiell versjon som vart teken fram for symjing i samband med landgangar.

LVT-/AAVP-serien [ endre | endre wikiteksten ]

USA har utvikla ein serie av amfibiske køyretøy for a ta infanteriet relativt verna opp pa stranda. Den siste inkarnasjonen er AAVP7A1 . Den første forgjengaren var Roebling Alligator , utvikla mellom 1932 og 1937. Farten i vatnet var først om lag 4 km/t, noko som var lite praktisk. Med større maskinar gjekk det litt fortare, og etterfølgjaren Crocodile kom i 1940 og kunne na om lag 15 km/t i vatn og 40 km/t pa land.

LVT-1 var ein kopi av Crocodile, bortsett fra at han var laga i stal i staden for aluminium . Han var difor tyngre, og hadde litt darlegare yteevne. Dei var ikkje væpna, og vart i byrjinga berre brukte til a føra fram forsyningar. Ved slaget om Tarawa vart panserplater bolta pa og ein del .30 kaliber mitraljøser hengde pa. LVT-1 var i produksjon fra 1941 til 1943 .

Neste generasjon var LVT-2, i produksjon fra 1942 til 1945 . Dei vart produserte i ei rekkje variantar og vart seinare oppdaterte og var i teneste til midt pa 1950-talet .

Seinare kom LVT-3, LVT-4 og LVT-5, og midt pa 1950-talet kom den nye LVTP5-serien. Etter den kom LVTP7, som skifta namn til AAVP7, som er den versjonen som er i teneste i dag.

Andre køyretøy [ endre | endre wikiteksten ]

Detalj av propellen pa eit fransk Renault VAB pansra personellkøyretøy

Sovjetiske pansra personellkøyretøy var i etterkrigstida tradisjonelt amfibiske. Dette vart hovudsakleg gjort for a letta elvekryssingar, men da Sovjetunionen oppretta marineinfanteriet sitt att i 1961 utnytta dei og eigenskapane til desse køyretøya. BTR-60 var i teneste fra 1961, og den nye og betre varianten BTR-60PB vart standardkøyretøy for marineinfanteriet. Dette køyretøyet og seinare variantar ( BTR-70 og BTR-80 ) har atte hjul, med styring pa dei to fremre akslane, bade pa land og i vatn. Ein vassjet sørgjer for framdrifta i vatnet. BTR-ane opererte saman med den amfibiske lette stridsvogna PT-76 i landsetjingsfasen, men vart forsterka med konvensjonelle stridsvogner og andre kampkøyretøy sa snart som mogleg.

Ei rekkje andre lettare pansra køyretøy, bade i Vesten og austblokka, er og amfibiske, men dette har som regel vore for at dei skal kunna ta seg over elvar og vatn. Amfibiske upansra køyretøy eksisterer og, til dømes Hagglunds Bv206 som er i bruk mellom anna av det norske forsvaret .

Kjende amfibieavdelingar [ endre | endre wikiteksten ]

Kjende amfibiske operasjonar [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Amfibieoperasjoner≫ . Store norske leksikon . 27. august 2014 . Henta 26. september 2018 .  

Denne artikkelen byggjer pa Amfibisk krigføring pa Wikipedia pa bokmal, slik artikkelen var 26. september 2006 . Opphavspersonen til artikkelen er Harald Hansen

Nytt fra KOF er tidsskriftet til Kystartilleriets offisersforening .

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amfibisk krigføring