Adolf Hitler

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Adolf Hitler

Statsborgarskap Cisleithania, Austerrike, ingen verdi, Weimarrepublikken, Det tyske riket
Fødd 20. april 1889
Salzburger Vorstadt 15 , Braunau am Inn
Død

30. april 1945 (56 ar)
Førerbunkeren , Berlin

Yrke soldat , kunstmalar , politisk skribent , politikar , militær befalingshavende , skribent
Sprak østerriksk tysk, tysk
Høgd 175 centimeter
Politisk parti Det tyske Arbeiderparti, NSDAP
Medlem av NSDAP
Religion ukjend verdi
Far Alois Hitler
Mor Klara Hitler
Ektefelle Eva Braun
Partnar Maria Reiter, Eva Braun, Geli Raubal
Adolf Hitler pa Commons

Adolf Hitler (fødd  20. april   1889  i Braunau am Inn , død  30. april   1945  i Berlin ) var ein tysk diktator . Hitler var statsoverhovud i Tyskland fra 1934 til 1945, og var hovudmannen bak Holocaust og den andre verdskrigen . [1]

Bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

Hitler var fødd i Braunau am Inn i Austerrike-Ungarn . Han var soldat under den fyrste verdenskrigen. [2]

Hitler var partileiar for partiet NSDAP fra 1921. Det fulle namnet pa partiet var Nasjonalsosialistisk tysk arbeidarparti . [3] Rørsla til Hitler vart av dette kalla nasjonalsosialistar . Av dette igjen kjem ordet nazisme .

I 1933 tok han over som rikskanslar innan Weimar-republikken etter general Kurt von Schleicher . Fra 1934 fekk han tittel som Førar og Rikskanslar ( "Fuhrer und Reichskanzler" ) og uinnskrenka makt som statsoverhovud for det tredje riket ( "Drittes Reich" ). Ein tenkte seg at Hitler si styringstid skulle vera ei tredje stordomstid til Tyskland, som naturleg skulle kunna samanlikna seg med dei to tidlegare tyske keisarrika .

Hitler vart sett pa som ein sterk og karismatisk leiar av di han leia Tyskland ut av problema etter den fyrste verdskrigen . Regimet han leia slo hardt ned pa all opposisjon, alt fra kommunistar til konservative , jødar , kristne , sigøynarar , homofile , funksjonshemma mfl.

Hitler sitt mal var a utvida Tyskland sine grenser, og ta att tapte landomrade. Dette førte til samanslainga med Austerrike og invasjonen av Tsjekkoslovakia og Polen . Allereie i boka Mein Kampf ('Kampen min') fra 1924 la Hitler vekt pa at tyskarane var eit herrefolk som trengde livsrom ( Lebensraum ). Livsrommet kunne gjerne ga pa kostnad av andre folkeslag. Hitler førte ein politikk med vekt pa sterk militær opprusting og etter kvart krigføring. Malet vart etter kvart at store delar av Europa skulle ga inn i eit stortysk rike.

I Andre verdskrigen kjempa Tyskland til slutt ein krig pa frontar bade i aust og vest. Etter kvart vart det klart at Tyskland ville verta den tapande part, men Hitler kravde at kampen skulle førast til siste slutt.

Etter at den sovjetiske hæren hadde omringa Berlin, skal Hitler ha teke sitt eige liv saman med kona Eva Braun . [4]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Adolf Hitler - Dictator, 1933?39 | Britannica≫ , www.britannica.com (pa engelsk) , henta 21. oktober 2022  
  2. Editors, History com, ≪Adolf Hitler≫ , HISTORY (pa engelsk) , henta 21. oktober 2022  
  3. Dypvik, Astrid Sverresdotter (25. november 2021). ≪Adolf Hitler≫ . Store norske leksikon (pa norsk bokmal).  
  4. ≪Adolf Hitler | lex.dk≫ , Den Store Danske (pa dansk) , henta 21. oktober 2022  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Adolf Hitler