Kjemi
er tradisjonelt definert som læra om stoffa og forholdet mellom stoffa, det vil seia om korleis stoffa reagerer med kvarandre og ordnar seg i forhold til kvarandre. Med grunnlag i nyare teoriar kan ogsa kjemi uttrykkast som læra om
elektron
og overføring av elektron.
Kjemi vert ofte inndelt i to hovudkategoriar:
Organisk
og
uorganisk kjemi
, der førstnemnde er læra om karbonsambindingar, medan sistnemnde tek for seg resten av kjemifaget. Ein kan og dela faget inn i andre kategoriar som
fysikalsk kjemi
,
teoretisk kjemi
,
miljøkjemi
og
analytisk kjemi
Kjemi utvikla seg fra
alkymi
. Pa
1700-talet
utvikla kjemien seg til ein
vitskap
. Pa denne tida vart
oksygen
oppdaga. Seinare voks det fram ulike retningar, til dømes organisk og uorganisk kjemi.
Grunnstoffa
er sentrale i kjemifaget; det er uavhengige stoff som ikkje kan omformast i seg sjølve. Desse vert samanfatta i
det periodiske systemet
.
Eit grunnstoff er ei samling av like
atom
, med eit bestemt protontal i kjernen og eit like stort elektrontal rundt kjernen. Dette talet kallar me
atomnummer
til grunnstoffet. I
det periodiske systemet
finn me ei oversikt over alle grunnstoffa, organisert etter atomnummer.
Nøytrontalet i kjernen kan variera; isotopar er stoff av same grunnstoff som har ulike nøytontal.
Som eit døme kan me ta hydrogen, det enklaste grunnstoffet. Det har
kjemisk symbol
H og atomummer 1, men nøytrontalet kan vera 0 (vanleg hydrogen), 1 (deuterium) eller 2 (tritium).
Eit grunnstoff vert sjeldan funne aleine i naturen; dei er som oftast i sambindingar med andre grunnstoff. Motdøme er til dømes
oksygen
, som kan finnast i to
allotrope former
: oksygengass og ozongass, men ogsa desse er kjemiske sambindingar, da dei inneheld respektive to og tre oksygenatom, og ikkje eit enkelt eit.
Kjemiske sambindingar er gruppert i tre kategoriar ?
molekyl
,
salt
og
metall
? som kvar for seg er karakterisert ved ein bindingstype:
Elektronparbinding
,
ionebinding
og
metallbinding
. Desse bindingane kallast med eit samleord
intramolekylære bindingar
, det vil seie bindingar mellom atoma i sambindinga.
Døme pa kjemiske sambindingar er molekyl som
metan
(CH
4
),
karbondioksid
(CO
2
) og
vatn
(H
2
O), salt som
natriumklorid
(NaCl),
kaliumsulfat
(K
2
SO
4
) og
magnesiumoksid
(MgO) og metall som
platina
(Pt),
wolfram
(W) og
tinn
(Sn).
Organiske sambindingar
er det store fleirtalet av karbonsambindingar, berre med unntak av karbondioksid (CO
2
), hydrogencyanid (HCN), og liknande stoff.
Uorganiske sambindingar
er pa si side alle sambindingar som ikkje er organiske.
Me kjenner til fleire millionar organiske sambindingar, medan talet pa uorganiske sambindingar er beskjedent i forhold.
Intermolekylære bindingar
er bindingar mellom ulike kjemiske sambindingar. Blant desse har me mellom anna
hydrogenbindinga
og
dipol-dipol-bindinga
.
Kjemiske stoff reagerer med kvarandre, og me far danna nye kjemiske stoff. Døme er at hydrogengass og oksygengass reagerer, og me far vatn, eller at organiske sambindingar i veden vert forbrent i vedomnen under nærvær av oksygengass. Dette er
kjemiske reaksjonar
Av vanlege reaksjonstypar har me
redoksreaksjonar
og
syre-base-reaksjonar
.
Oppløysingsreaksjonar
vert ogsa nemnde, men dette er ikkje eigentlege reaksjonar, men endringar av intermolekylære bindingar (forholdet mellom ulike sambindingar endrar seg).
I kvardagslivet gjer ein seg stadig nytte av kjemiske reaksjonar, til dømes i
forbrenning
,
matlaging
, endring av utsjanad (
sminking
,
harfarging
og
-fjerning
) og
vaskemiddel
.