Josef Vissarionovitsj Stalin
(fødd
18. desember
1878
i
Gori
, død
5. mars
1953
i
Moskva
) var den fyrste generalsekretæren i
det sovjetiske kommunistpartiet
. Etter
Vladimir Lenin
døydde, fekk Stalin gradvis meir og meir makt i
Sovjetunionen
, og var reelt sett øvste leiar i landet fra midten av
1920-ara
fram til han døydde. Stalin er kjend som ein av dei mest omsynslause kommunistiske diktatorane i historia.
Pseudonymet
Stalin
(russisk skrift Сталин) tyder ‘stalmannen’.
Josef Vissarionovitsj Dzjugasjvili vart fødd i
Gori
i
Det russiske imperiet
(no
Georgia
),
[1]
der han voks opp i fattige kar. Han fekk utdanninga si pa eit presteseminar i
Tbilisi
, pa mange matar tilsvarande katedralskular i vest. Berre eit fatal gjekk der, han ville verta prest. Medan han studerte, var han med i ulovleg politisk arbeid. Han blei utvist fra skulen i 1899 sidan han ikkje møtte fram ved eksamen i eit teologisk emne.
Med ei dekkstilling pa det astronomiske/fysiske observatoriet i Tbilisi byrja han aktiv revolusjonær verksemd, med studiesirklar i marxisme, med utgjeving av illegale aviser, organisering av demonstrasjonar og streikar, organisering av paramilitære og pengesamling gjennom bankran, kidnappingar og utpressing. Saman med
Kliment Vorosjilov
gjennomførte han ein vellukka streik blant oljearbeidarane i
Baku
i 1908, som førte til den første kollektivavtalen i russisk arbeidarhistorie.
Sommaren 1906 gifta Stalin seg med
Ekaterina Svanidze
, som seinare fødde det første barnet hans,
Jakov
. Stalin forlet partiet for ei stund fordi det la ned forbod mot bankran. Han stod bak eit stort pengetransportran som førte til at 40 menneske omkom.
[2]
Fra mars 1901 til mars 1917 levde Stalin "under jorda" med det tsaristiske løyndepolitiet i hælane. Han vart arrestert og fengsla og sa send i forvising til
Sibir
fleire gonger, men klarte som oftast a rømma heilt til han etter arrestasjon i
St. Petersburg
i 1913 vart deportert til
Turukhansk
. Stalin matte opphalda seg tre ar i ein liten sibirsk landsby, Kurejka, under svært harde klimatiske og materielle vilkar. Under eit av fengselsopphalda døydde den første kona hans i Baku av
tuberkulose
, men sonen overlevde. Sonen hans igjen star i dag i brodden for ein organisasjon til reinvasking av Stalins minne.
Stalin var medlem av det sosialdemokratiske partiet fra 1899, og etter splittinga i partiet blei han med
bolsjevikane
. Trass i politiforfylging lukkast han a delta pa partikongressen i Tammerfors/Tampere (1905), Stockholm (1906) og London (1907). Han blei vald inn i sentralkomiteen i 1912 og stod for partiorganet
Pravda
. Saman med Molotov leidde han eksekutivkomiteen i Bolsjevikpartiet i Petrograd fra mars 1917 til Lenin og andre framstaande emigrantleiarar var pa plass i hovudstaden. Etter revolusjonen blei Stalin kommissær (minister) for nasjonalitetsspørsmal i regjeringa, under borgarkrigen vart han stendig send ut for a rydda opp og leia krigføringa i akutte situasjonar. Særskilt prekær var stoda i Volgabyen Tsaritsin. Kornforsyningane kom ikkje fram til Moskva og Petrograd, det var fraternisering og korrupsjon mellom ulike grupperingar fra kvite til raude. Stalin som kom til Tsaritsin, 6. juni 1918, gjekk hardt til verks, dei kvite vart tukta, og kornforsyningane kom fram. Byen fekk seinare namnet Stalingrad.
Stalin var loyal mot Lenin som han hadde stor beundring for. Etter at polakkane (Pilsudski) hadde byrja atakskrig mot Sovjetstaten i 1920 og sovjetarane hadde slatt dei tilbake, ville Lenin halda fram mot Warszawa for a ha ei bru til radsrepublikkane som hadde dukka opp i Tyskland etter det tyske nederlaget. Stalin radde fra dette av di som han sa, det er skilnad pa a slast mot polakkar i Russland og mot polakkar pa deira eiga jord. Stalin bøygde seg for Lenins vilje og røysta for, men det gjekk som han trudde, dei makta ikkje ta Warszawa. I 1922 vart Stalin vald til generalsekretær i kommunistpartiet. Denne posisjonen bygde han ut til ei sentral maktstilling og knytte til seg folk av den yngre garde som ikkje hadde hatt samband med emigrantmiljøet. Etter at Lenin vart arbeidsudugande (han var bl.a. svekka etter eit attentat, 30.8. 1918) fekk Stalin meir og meir kontroll over parti og land. I førstninga manøvrerte han varleg mellom høgre- og venstregrupperingar og synte stor evne til a spela dei ut mot kvarandre. Samstundes hadde han klare planar for oppbygginga av Sovjetstaten; anten matte ein innhenta Vesten pa ti ar eller sa ville Sovjetunionen ga under. Ei omfattande industrialisering vart sett i gang, ressursane matte i stor mon hentast i jordbruket slik at kollektiviseringa der gjekk føre seg den første tida utan mange materielle incitament og med sterk motstand fra mange sjølveigande bønder (kulakkar), men etter kvart med utbygginga av sovkhos og ikkje berre kolkhos, vart malet om a gjera bonden til industriarbeidarens likemann i stor mon nadd. Pa den 15. partikongressen i desember 1927 var retningslinene for den første femarsplanen trekte opp. Femarsplanar kom til a verta kjenneteiknet for oppbygginga av Sovjetunionen.
1. desember
1934
vart
Sergej Kirov
som var blitt send til
Leningrad
for a rydda opp i tilhøve i partiet der, myrda av eit partimedlem. Stalin innleidde ei rad rettssaker med etterfylgjande dødsdomar mot dei som kunne mistenkast for a sabotera, konspirera, samarbeida med utanlandske agentar, sta i samband med den landsforviste Trotskij osb. Eit angivarsystem breidde seg over landet, og politiet sag det som si oppgave a ga grundig gjennom alle sakene. I fleire tilfelle var det dissens mellom tre domarar, men det var nok at to av dei var for dødsdom til at denne kunne eksekverast.
Nordahl Grieg
sin roman
Ung ma verden ennu være
gjev eit levande bilete av Sovjetunionen og stemninga pa den tida.
Stalin hadde sa langt det var rad freista a halda landet utanfor krig med Tyskland, men var klar over at nazistane hadde pa programmet a ga mot aust og bolsjevismen. Landet vart førebudd pa eit oppgjer, men det tyske ataket kom tidlegare enn Stalin hadde rekna med, og krigen førte til store lidingar for sovjetfolket.
Under
andre verdskrigen
viste det seg at trass i utreinskingar i offiserskorpset hadde Sovjetunionen likevel blitt styrkt som militærmakt, og landet stod sentralt i sigeren over
Hitler
-
Tyskland
pa det europeiske kontinentet. Sovjetarane var alt rykt inn i Polen da britar og USA-styrkar invaderte Normandie. Men tapa var store bade i menneskeliv og materielt. Ein reknar med at minst 25 millionar sovjetiske statsborgarar mista livet under andre verdskrigen. Særleg viktig var forsvaret av Leningrad, som fra 21.8.41 var isolert i 18 manader pga av tysk kringsetting, og kampane om Stalingrad fra august 1942 til 2.2. 1943. Stalin hadde enorm prestisje etter sigeren i 1945, og kommunistpartia hadde stor framgang ogsa i Vest-Europa. Sovjetarane hadde militær kontroll over Aust-Europa, men sjølv var Sovjetsamveldet eit blodtappa land som for ein stor del var ein ruin vest for Ural
[
treng kjelde
]
. Etter krigen heldt Stalin seg strengt til avtalane med Churchill og Roosevelt, som i praksis tydde ei oppdeling i interessesfærer, sovjetstyrkane vart trekte ut av Noreg, Finland, Iran og Austerrike, og sovjetarane intervenerte ikkje til støtte for dei greske partisanane i Hellas som slost mot britar og amerikanarar, men i Aust-Europa fekk sovjet-tru kommunistparti makta og freista a byggja kommunistiske samfunn med Sovjetunionen som modell. I førstninga gjekk dette lett av di andre grupperingar hadde blamert seg kraftig ved a vera tyskvenlege i minsto under første delen av krigen. Fasciststrøymingane hadde vore sterke i Ungarn, Romania, Bulgaria, Kroatia osb. Men etter kvart kom Sovjetblokka i bakleksa nar det galdt velstandsutvikling for mellomklassesjiktet og produksjon av forbruksgode av god kvalitet.
- ↑
Egge, Asmund (1. mai 2023).
≪Josef Stalin≫
.
Store norske leksikon
(pa norsk).
- ↑
Simon Sebag Montefiore
.
Young Stalin.
Knopf
, 2007.
ISBN 1400044650
Prologue: The Bank Robbery, pp. 1-11
Arkivert
2011-07-16 ved
Wayback Machine
.
- Isaac Deutscher,
Stalin -En politisk biografi
(norsk utg. Cappelen, 1950)
- Stalinbiografi gitt ut av forlaget for framand litteratur i Moskva, 1947.
- Ensyklopedi over den store fedrelandskrigen, Olma-press, Moskva, 2005.