Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Det britiske arbeidarpartiet
,
Labour Party
, er eit sentrum-venstre-parti i
Storbritannia
. Den noverande leiaren er
Jeremy Corbyn
.
Etter Blair tok over leiarskapen i partiet, var det første han gjorde a fjerne den
sosialistiske
formalsparagrafen til partiet, paragraf 4 i partilovene om felleseige av produksjonsmidla. Denne og andre endringar i politikken til partiet i
marknadsliberalistisk
retning gjorde at nemninga
New Labour
blei mykje bruka om partiet, ogsa av Blair og hans tilhengarar sjølve. Den nye retninga blei ogsa kalla ≪
den tredje vegen
≫, annleis enn bade
høgrepolitikk
og
reformistisk
sosialisme som Labour hadde statt for før. I utanrikspolitikken la Blair partiet enda tettare opp til
USA
, og støtta blant anna aktivt angrepskrigen mot
Irak
.
Sjølv om Labour vann valet i
2005
, var det med minkande oppslutning (godt under 40 prosent) og minska fleirtal i
parlamentet
, og dei indre motsetningane i partiet er store
[
treng kjelde
]
. Men den britiske valordninga med einsmannskretsar gjer at det er vanskeleg for misnøgde arbeidarpartimedlemmer a bryte ut og danne eit konkurrerande
demokratisk-sosialistisk
parti. Ein tidlegare Labour-representant,
George Galloway
, greidde likevel a bli vald inn i parlamentet i 2005, for venstrealliansen
Respect
.
Det britiske arbeidarpartiet har ei lang og mangfaldig historie, der fargerike personlegdommar som blant andre
Aneurin Bevan
har spelt ei viktig rolle. Oppbygginga av
velferdsstaten
og
nasjonaliseringa
av samfunnsmessig viktige verksemder i Storbritannia etter
andre verdskrigen
var Labour sitt verk, og noko mange
labourites
er stolte over den dag i dag.