Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Adolf Hitler
|
|
Statsborgarskap
|
Cisleithania, Austerrike, ingen verdi, Weimarrepublikken, Det tyske riket
|
Fødd
|
20. april
1889
Salzburger Vorstadt 15
,
Braunau am Inn
|
Død
|
30. april
1945
(56 ar)
Førerbunkeren
,
Berlin
|
Yrke
|
soldat
,
kunstmalar
,
politisk skribent
,
politikar
,
militær befalingshavende
,
skribent
|
Sprak
|
østerriksk tysk, tysk
|
Høgd
|
175 centimeter
|
Politisk parti
|
Det tyske Arbeiderparti, NSDAP
|
Medlem av
|
NSDAP
|
Religion
|
ukjend verdi
|
Far
|
Alois Hitler
|
Mor
|
Klara Hitler
|
Ektefelle
|
Eva Braun
|
Partnar
|
Maria Reiter, Eva Braun, Geli Raubal
|
Adolf Hitler pa Commons
|
Adolf Hitler
(fødd
20. april
1889
i
Braunau am Inn
, død
30. april
1945
i
Berlin
) var ein
tysk
diktator
. Hitler var statsoverhovud i
Tyskland
fra
1934
til 1945, og var hovudmannen bak
Holocaust
og
den andre verdskrigen
.
[1]
Hitler var fødd i
Braunau am Inn
i
Austerrike-Ungarn
. Han var soldat under den fyrste verdenskrigen.
[2]
Hitler var partileiar for partiet
NSDAP
fra 1921. Det fulle namnet pa partiet var
Nasjonalsosialistisk tysk arbeidarparti
.
[3]
Rørsla til Hitler vart av dette kalla
nasjonalsosialistar
. Av dette igjen kjem ordet
nazisme
.
I
1933
tok han over som
rikskanslar
innan
Weimar-republikken
etter general
Kurt von Schleicher
. Fra 1934 fekk han tittel som Førar og Rikskanslar (
"Fuhrer und Reichskanzler"
) og uinnskrenka makt som statsoverhovud for
det tredje riket
(
"Drittes Reich"
). Ein tenkte seg at Hitler si styringstid skulle vera ei tredje stordomstid til Tyskland, som naturleg skulle kunna samanlikna seg med dei to tidlegare tyske
keisarrika
.
Hitler vart sett pa som ein sterk og karismatisk leiar av di han leia
Tyskland
ut av problema etter
den fyrste verdskrigen
. Regimet han leia slo hardt ned pa all opposisjon, alt fra
kommunistar
til
konservative
,
jødar
,
kristne
,
sigøynarar
,
homofile
,
funksjonshemma
mfl.
Hitler sitt mal var a utvida Tyskland sine grenser, og ta att tapte landomrade. Dette førte til samanslainga med
Austerrike
og invasjonen av
Tsjekkoslovakia
og
Polen
. Allereie i boka
Mein Kampf
('Kampen min') fra 1924 la Hitler vekt pa at tyskarane var eit herrefolk som trengde livsrom (
Lebensraum
). Livsrommet kunne gjerne ga pa kostnad av andre folkeslag. Hitler førte ein politikk med vekt pa sterk militær opprusting og etter kvart krigføring. Malet vart etter kvart at store delar av
Europa
skulle ga inn i eit stortysk rike.
I
Andre verdskrigen
kjempa Tyskland til slutt ein krig pa frontar bade i aust og vest. Etter kvart vart det klart at Tyskland ville verta den tapande part, men Hitler kravde at kampen skulle førast til siste slutt.
Etter at den sovjetiske hæren hadde omringa Berlin, skal Hitler ha teke sitt eige liv saman med kona
Eva Braun
.
[4]
- ↑
≪Adolf Hitler - Dictator, 1933?39 | Britannica≫
,
www.britannica.com
(pa engelsk)
, henta 21. oktober 2022
- ↑
Editors, History com,
≪Adolf Hitler≫
,
HISTORY
(pa engelsk)
, henta 21. oktober 2022
- ↑
Dypvik, Astrid Sverresdotter (25. november 2021).
≪Adolf Hitler≫
.
Store norske leksikon
(pa norsk bokmal).
- ↑
≪Adolf Hitler | lex.dk≫
,
Den Store Danske
(pa dansk)
, henta 21. oktober 2022