<
1800-talet
>
viser til
hundrearet
fra 1800 til 1899 i
den julianske
og
den gregorianske kalenderen
.
Byrjinga av hundretalet sag eit Europa endra av
Napoleonskrigane
.
Noreg
fekk ein
grunnlov
og blei overført fra
unionen med Danmark
til
svensk herredøme
som følgje av krigane.
Fleire store rike tok til a ga i oppløysing, som dei
spanske
og
portugisiske
imperia i Amerika,
Kina
,
Det osmanske riket
.
Mogulriket
blei heilt utrydda etter
det indiske opprøret i 1857
.
Det britiske imperiet
styrkte og utvida derimot stillingane sine i
India
,
Afrika
,
Aust-Asia
og
Australasia
.
Det tysk-romerske riket
blei oppløyst ved byrjinga av hundrearet og
Det tyske keisardømet
oppretta i 1871.
USA opplevde
borgarkrig
mellom
Nord-
og
Sørstatane
pa 1860-talet.
1800-talet sag ei rekke teknologiske nyvinningar og utbetringar. Det blei lettare a reisa langt gjennom
jernbaneutbygging
,
makadamisering
av vegar og ei rekke nye fargreier, som
sykkel
,
bil
og
dampskip
.
Suezkanalen
opna i 1869, og letta skipsfarten mellom Europa og Asia. Betra transport og nye maskinar førte til store endringar i handel, industri, bu- og reisemønster, og vidareførte
den industrielle revolusjonen
. Noreg opplevde endringar som er blitt kalla
Det store hamskiftet
.
Romantikken
, medrekna
nasjonalromantikken
, var viktige tanke- og kunstretningar, men 1800-talet sag ogsa utviklinga av
realismen
, medrekna
naturalismen
, og
impresjonismen
.