Trinitytesten

Koordinatar : 33°40′36″N 106°28′32″W  /  33.67667°N 106.47556°W  / 33.67667; -106.47556
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

33°40′36″N 106°28′32″W  /  33.67667°N 106.47556°W  / 33.67667; -106.47556

Detonasjonen av Trinity.
Eldkula fra Trinity.

Trinity ≫ var namnet pa verdas første prøvesprenging av atomvapen . Trinitytesten fann stad den 16. juli 1945 ved Alamogordo i New Mexico som del av det amerikanske Manhattanprosjektet . Atombomba var pa 19 kilotonn (80 terajoule ) laga med plutonium , same type som blei sloppen over Nagasaki den 9. august same aret.

Etter planen skulle Trinity-bomba blitt detonert den 13. juli, prøvesprenginga blei utsett pa grunn av darleg ver. 16. juli var tilhøva betre, og detonasjonen blei gjennomført om morgonen klokka 05:29:45 lokal tid. Bomba var plassert i eit 20 meter høgt staltarn, og sprengkrafta tilsvarte 19 kilotonn TNT . Sprenginga gav eit krater som var 330 meter breitt og 3 meter djupt. Soppskya steig 16 000 meter opp i lufta, og ein kunne kjenna trykkbølga 160 kilometer vekke. I krateret smelta ørkensanden og blei til eit tynt lag med grønt glas, som blei kalla trinititt .

Krateret blei seinare fylt igjen, og i dag er omradet freda. Pa detonasjonsstaden star eit monument pa 3,65 meter. Det finst framleis litt radioaktivitet etter bomba pa staden.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Trinitytesten
Spire Denne militærartikkelen som har med fysikk og USA a gjere, er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .