Tafjord-ulukka

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Tafjord-ulukka var ein naturkatastrofe som fann stad natt til 7. april 1934 . Ulukka skjedde da eit fjellparti fall i fjorden og skapte ei flodbølgje som tok 40 liv. Dette er ei av de største skredulykkene i Noreg. [1]

Det lyse feltet i fjellsida viser kvar Langhammaren raste ut, sett fra Tafjord

Tafjord ligg i Norddal kommune pa Sunnmøre . Omradet er særmerkt av høge fjell ved fjordarmar.

Minne om dei omkomne, Tafjord sentrum.

Ein sprekk utvida seg stadig i fjellet pa nordsida av fjorden, sprekken skal ha vore kjent av folk fra Fjøra og Selboskarbygda som setra i fjellet allereie i 1870. [2] Litt over klokka tre om natta 7. april 1934 rasa Langhammaren ut fra 730 meters høgd og tok med seg Heggura. 3 millionar kubikkmeter masse rasa ned i Storfjorden og laga flodbølgjer opp til 64 m i høgd. Tre gonger slo barene mot strendene, og 23 personar i Tafjord og 17 i Fjøra omkom. Mest alle hus, vegar, bruer, batar og kaier i Fjøra og Tafjord vart vaska vekk. Pa Sylte i Valldal vart naust og sjøbuer rasert, og store batar vart ført langt pa land. Flodbølgjene slo meir enn 200 meter innover land somme stader og var merkbare 100 km unna.

Ved kaia i Tafjord og ved Haugsteinen er det reist minnetavle. Ogsa pa kyrkjegarden ved Norddal kyrkje er dei reist eit minnesmerke over alle dei omkomne. [3]

Kunstnaren Marianne Heske har laga fleire kunstverk knytt til ulukka, mellom anna installasjonen ras laga i 1993. Kunstverket er eit videomaleri pa sandblaste aluminiumsplater og 1001 krystalldokkehovud.

Tafjord-ulukka var ≪Norges første medie-katastrofe≫ i følgje VG, fordi Aftenpostens journalist og fotograf vart sendt inn med sjøfly berre fa timar etter ulukka, og kunne dermed lage ei fyldig ekstrautgave pa kort tid. Aftenposten sette ogsa i gang ein innsamlingsaksjon. [4]

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]