Mathias Rust

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Mathias Rust

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 1. juni 1968 (55 ar)
Wedel
Yrke flygar , pokerspiller , fredsaktivist
Sprak tysk
Religion Hinduismen
Mathias Rust pa Commons
Kartskisse som viser flyruta til Rust - fra Tyskland til Island, Norge, Finland og sa Sovjetunionen
Rusts Cessna 172

Mathias Rust (fødd i 1968 i Wedel nær Hamburg i Tyskland ) var ein tysk privatflygar som vart verdskjent den 28. mai 1987 da han som 19-aring landa pa Den raude plassen i Moskva med eit privatfly.

Flyet var ein Cessna 172 som han hadde leigd i Hamburg. Rust flaug via Helsingfors . Han gjorde tre landingsforsøk pa sjølve plassen før han til slutt landa pa ei nærliggande bru og taxa fram til Den raude plassen der han parkerte. Han rakk a gje autografar til nokre forundra moskovittar før han vart arrestert av KGB. Han slapp ut av fengsel etter 432 dagar.

Mikhail Gorbatsjov nytta denn saka til a reinska ut og finna syndebukkar. Bade forsvars- og luftforsvarsministrane vart avsett og bytt ut med ministrar som hadde eit meir positive tilhøvet til glasnost og perestrojka .

Rust sat 18 manader i sovjetisk fengsel for sitt flyeventyr. Han fekk ingen karriere som yrkesflyger og arbeidde seinare pa eit sjukehus i Rissen i Tyskland, der han vart forelska i ein sjukepleier, og stakk ho med kniv da han vart avvist. For dette fekk han to og eit halvt ars fengsel, fra 1991 til 1993. Deretter arbeidde han som skoselgjar i Moskva.

Han opplyste i eit avisintervju i 1997 at han hadde konvertert til hinduismen og skulle gifta seg med ei indisk kvinne.

I 2003 etablerte Rust ei tankesmie for innverknadsrike personar. Firmaet kalla han Orion & Isis som var innretta pa a løysa konfliktar og finna fredelege løysingar mellom statar, etniske og religiøse grupperingar. Det er ikkje kjent om Rust fekk nokon oppdrag som konfliktløsyea.

Han har sidan 2004 budd i Tyskland med si andre kone Athena og livnærte seg i 2008 som profesjonell pokerspelar. [1]

I populærkultur [ endre | endre wikiteksten ]

I den norske romanen og spelefilmen Mannen som elska Yngve (2008) dannar hovedrolleinnhaverne eit band som kallar seg Mathias Rust Band. Bandet bestar eigenleg av manusforfattar Tore Renberg og gitarist Geir Zahl fra Kaizers Orchestra . [2]

Flyturen til Mathias Rust er og utgangspunktet for songen ≪Det umulige e mulig≫ som vart gjeven ut av D.D.E. i 1993. Teksta vart opphavleg skrive av Idar Lind til UKErevyen i Trondheim i 1987 .

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Bild
  2. arkivkopi , arkivert fra originalen 20. februar 2012 , henta 1. november 2017  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]