Leonid Pasternak

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Leonid Pasternak

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 22. mars 1862
Odesa
Død

31. mai 1945 (83 ar)
Oxford

Yrke kunstmalar , grafikar , biletkunstnar
Sjanger portrett
Ektefelle Rosa Kaufman
Born Alexander Pasternak , Boris Pasternak , Josephine Pasternak , Lydia Pasternak Slater
Leonid Pasternak pa Commons

Leonid Osipovitsj Pasternak (døypt Yitzhok-Leib, eller Isaak Iosifovich, Pasternak; russisk: Леонид Осипович Пастернак, ( 4. april   1862 31. mai   1945 ) var ein russisk kunstmalar, som i hovudsak mala i ein impresjonistisk stil. Han var far til romanforfattaren Boris Pasternak .

Yngre ar [ endre | endre wikiteksten ]

Leonid Pasternak vart fødd i Odessa . Faren var jødisk og dreiv eit vertshus. Leonid var det yngste av seks born i familien. Han tok tidleg til a teikne, noko familien hans fraradde han i frykt for at det skulle forstyrre studiane hans. Hans fyrste sponsor var ein gatefeiar som byrja kjøpe Pasternaks kunst da guten var sju ar gammal.

Fra 1881 til -85 studerte Pasternak ved Moskva universitet, fyrst ved det medisinske instituttet og sa ved det juridiske instituttet. Til sist bestemte han seg for a vigje livet sitt til kunsten. Han reiste til Tyskland og tok til ved Akademie der Bildenden Kunste Munchen . Eksamen ved akademiet avla han i 1887. Deretter reiste han tilbake til Russland og tenestegjorde dei to pliktara i armeen (i eit artilleri-regiment). Fra 1889 dreiv han som malar pa heiltid.

Vinter i Moskva , 1912

Malar [ endre | endre wikiteksten ]

Pasternak opplevde suksess allereie fra starten av. Hans fyrste utstilte maleri vart kjøpt av Pavel Tretjakov , den viktigaste kunstkjøparen i samtidas Russland. Pasternak vart snøgt ein populær malar, og kom med i den sa kalla Polenov-sirkelen. Mellom dei andre malarane i denne var Valentin Serov , Isaak Levitan , Mikhail Nesterov og Konstantin Korovin .

Pasternak var ein av dei fyrste russiske malarane som kalla seg impresjonist. I 1880-ara og 1890-ara var det i Russland meir enn nok for ein kunstnar til a verte lagd merke til. Han var ogsa medlem av malarrørslene Peredvizjnikij og Mir iskusstva . Til Leo Tolstoj utvikla han eit nært vennskap, i opptil manadsvis kunne han bu pa Jasnaja Poljana. Over ar mala han mange portrett av den verdskjende forfattaren. Dessutan illustrerte han romanane Krig og fred og Oppstode . Ved verdsutstillinga i Paris 1900 fekk han tildelt ein medalje for sine illustrasjonar til Tolstojs romanar.

Pasternak vart vald inn i St. Petersburg kunstkademi i 1905, og underviste elles ved Moskvas skule i maling, bilethogging og arkitektur.

Flyktning ? Ekteskap [ endre | endre wikiteksten ]

I 1921 trong Pasternak ein augeoperasjon, operasjonen vart utført i Berlin . Han reiste dit med kona si og to døtrer. Etter operasjonen bestemte han seg for ikkje a reise tilbake til Russland, og budde i Berlin til 1938. Han flykta da fra nazistyret til Storbritannia . Pasternak døydde i Oxford i 1945 .

I 1889 gifta Pasternak seg med pianisten Rosa Kaufman. Dei nygifte busette seg i Moskva, der det fyrstefødde barnet Boris kom til verda aret etter giftarmalet. Attat den seinare verdskjende forfattaren fekk kunstnarparet tre born.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Leonid Pasternak