Idriss Carlos Kameni

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Idriss Carlos Kameni
Personleg informasjon
Fullt namn Idriss Carlos Kameni
Fødd 18. februar 1984
Fødestad Douala
Høgd 186 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Espanyol
Nummer 1
Ungdomsklubbar
Kamerun Kadji Sports
Seniorkarriere*
Ar Lag Kampar ( Mal )
2000 - 04
2002 - 03
2004 -
Frankrike Le Havre
Frankrike Saint-Etienne (lan)
Spania Espanyol
3 (0)
0 (0)
179 (0)
Landslag
2001 - Kamerun Kamerun 54 (1)
* Seniorklubbkampar og mal berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. mars 2010
‡ Landslagsmal oppdatert 3. august 2008

Idriss Carlos Kameni ( fødd  18. februar   1984  i Douala ) er ein kamerunsk fotballspelar som spelar som keeper for Espanyol i den spanske fotballigaen, og for det kamerunske landslaget.

Klubbkarriere [ endre | endre wikiteksten ]

Kameni fekk gjennombrotet sitt da han som 16-aring vart den yngste fotballspelaren nokonsinne som vann gullmedalje i OL for Kamerun i 2000. [1] Etter dette vart han kjøpt av den franske klubben Le Havre . Han klarde ikkje a oppna ein fast plass pa laget i Le Havre, og heller ikkje i Saint-Etienne da han var pa utlan der. I 2003 gjekk han nesten pa lan til den engelske Premier League -klubben Wolverhampton Wanderers for ein sesong, men avtalen fall gjennom, da Kameni ikkje fekk arbeidsløyve i Storbritannia . [2]

20 ar gammal gjekk Kameni til den spanske klubben Espanyol i Barcelona i juli 2004, for 600 000 dollar. [3] I 2005/06-sesongen spelte han Espanyol sine kampar i den spanske cupen, som Espanyol vann. I 2006/07-sesongen vart han Espanyol sin førstekeeper i serien. I 2008/09-sesongen, da Espanyol lenge stod i fare for nedrykk, var Kameni utsett for to episodar: Først var han nær ved a komma i handgemeng med ein tilhengjar som hadde fornærma han etter ei trening. [4] Deretter hamna han i slagsmal med lagkameraten Gregory Beranger etter trening i mai. [5] Han spelte 37 av dei 38 ligakampane i sesongen, som enda med at Espanyol redda plassen i 1. divisjon.

Landslagskarriere [ endre | endre wikiteksten ]

Kameni fekk landslagsdebuten sin allereie som 17-aring. Han var med i Kamerun sin tropp til Afrikameisterskapen i 2002, 2004, 2006 og 2008, og spelte i alle utanom den første. I 2002 var Kameni med i Kamerun sin tropp til fotball-VM , som 18-aring, men utan a spela nokon kampar.

I 2006/07-sesongen vart han kara til beste afrikanske keeper, etter a ha kome pa andreplass i denne karinga aret før., [6]

Anna [ endre | endre wikiteksten ]

Kameni sin storebror, Mathurin , er ogsa fotballkeeper og landslagsspelar for Kamerun.

Fotnotar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Squad profiles, Cameroon: Idriss Kameni≫ . BBC Sport. 20. mai 2002.  
  2. ≪Wolves wait on Kameni verdict≫ . BBC Sport. 21. august 2003.  
  3. ≪Espanyol sign Kameni≫ . BBC Sport. 28. juli 2004.  
  4. Kameni se encara con un aficionado despues del entrenamiento (Kameni confronts fan after training) ; Diario Marca , 5. januar 2009 pa spansk
  5. Incidente entre Beranger y Kameni (Incident between Beranger and Kameni) Arkivert 2009-05-18 ved Wayback Machine .; El Espanyol, 16. mai 2009 pa spansk
  6. ≪Who is Who in the Lions Den≫ . The Post Online. 7. januar 2008.  

-