Hjelp : Kategoriar

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Kategoriar samlar artiklar som har likt tema. Det finst kategoriar som dekker vide emne pa toppen og deretter stadig snevrare underkategoriar. Kva kategoriar ein artikkel høyrer til i kan du som regel sja nedst i artikkelen.

Korleis leggja ein artikkel inn i ein kategori [ endre | endre wikiteksten ]

Du kan leggja inn kategoriar medan du endrer ei side . Pa nynorsk Wikipedia legg ein vanlegvis kategoriane nedst, mellom slutten av teksten (etter evt. malar) og interwikilenkjene .

Legg dei inn slik:
[[kategori:blomar]]
[[kategori:rosefamilien]]

Ved lagring vil denne artikkelen leggjast inn i kategoriane blomar og rosefamilien .

Sortering i kategoriane [ endre | endre wikiteksten ]

Artiklar blir sorterte automatisk i kvar kategori under første bokstaven (eller teiknet) i tittelen. Dersom ein ønskjer ei anna sortering, kan ein leggja inn denne saman med kategorien:

[[kategori:blomar|Rose]]

Hovudartiklar i ein kategori blir vanlegvis lagde først i lista ved at ein sorterer dei under spesialteikn, vanlegvis mellomrom (ikkje noko teikn) eller asterisk:

[[kategori:rosefamilien| ]]

Artiklar om moderne vestlege personar blir sortert etter etternamnet og artiklar som byrjer med "Det" som regel alfabetisk etter neste ordet.

Korleis laga og vedlikehalda ein kategori [ endre | endre wikiteksten ]

Kategorisidene kan endrast pa same mate som ein vanleg artikkel, men lista over artiklane dei inneheld blir laga automatisk. Ein kan leggja inn litt innhald i kategoriane, til dømes interwikilenkjene , ei kort innleiing, eit lite bilde eller peikarar til hovudartiklar.

Det viktigaste er likevel a plassera kategorien i kategorihierarkiet. Er du usikker pa kvar kategorien høyrer heime kan du leita deg fram i kategori:kategoriar og nedover. Her vil du og finna mønster for korleis det er vanleg a namngje artiklar. Pass pa at du ikkje lager ein kategori som allereie finst under eit anna namn (til dømes kategori:norske fjell nar me allereie har kategori:fjell i Noreg ).

Kategori:Petroleum er eit døme pa korleis ein god kategori kan sja ut.

Retningsliner for kategorisering og namngjeving [ endre | endre wikiteksten ]

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Hovudsakleg nytter me forma "[Stad] i [Land]", til dømes kategori:fossar i Noreg , ofte utvida til a gjelda verdsdelar, til dømes kategori:byar i Asia .

Personar [ endre | endre wikiteksten ]

Personar blir som regel sorterte ut fra nasjonalitet, eventuelt folkegruppe, og yrke. Det vil seie at ein finsk samisk malar og arkeolog vil ligga i desse kategoriane:

[[kategori:finske kunstmalarar]]
[[kategori:finske arkeologar]]
[[kategori:samiske kunstmalarar]]
[[kategori:samiske arkeologar]]

Personar fra svært sma folkegrupper kan ligga direkte i kategorien til folkegruppa utan a bli sortert etter yrke, til dømes kategori:finlandssvenskar .