Harald Berg

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Harald Berg


Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. november 1941 (82 ar)
Bodø
Idrett fotball
Utmerkingar

Nordland fylkes kulturpris

Harald Johan Berg ( fødd  9. november   1941 ) er ein norsk tidlegare fotballspelar fra Bodø . Angreps- og seinare midtbanespelar Berg spelte for Bodø/Glimt , Lyn og nederlandske ADO Den Haag. Han vart noregsmeister med Lyn i 1967 og 1968 og med Bodø/Glimt i 1975,samt seriemeister med Lyn i 1968. Perioden 1964-74 spelte han 43 landskampar.

Klubbspel [ endre | endre wikiteksten ]

Berg, med kallenamnet Dutte, debuterte for Bodø/Glimt i 1958 som midtspiss. Han var sentral da Glimt vart nord-norske meistrar i 1963 og i 1964.

Fra 1965-sesongen spelte Berg i osloklubben Lyn der han meir enn nokon annan bidrog til at Lyn fekk ein glanstid. I 1967 vann klubben cupfinalen og aret etter sikra Lyn seg like sa godt bade seriegullet og cupgullet. Seinhaustes 1969 var Berg med pa a føre Lyn til kvartfinalane i Europacupen , der det vart tap mot FC Barcelona 2-3 og 2-2. Begge kampane vart spelt i Barcelona da norske fotballbaner ved den tid var nedfrosne.

Sommaren 1970 fekk Berg kontrakt med ADO Den Haag i Nederland . Her spelte han 11. mai 1972 den nasjonale cupfinalen, ein kamp storlaget Ajax Amsterdam , med malskararane Johan Cruijff , Gerrie Muhren og Piet Keizer i lagoppstillinga, vann 3-2.

Berg gjorde comeback for moderklubben Bodø/Glimt i 1974. Allereie i Nederland hadde han vorte plassert i offensiv midtbanerolle. Hans framifra evner som playmaker gjorde at Glimt dei neste sesongane vart ein toppklubb i norsk fotball. Berg la opp da han runda 40 ar, hausten 1981.

Landslagsspel [ endre | endre wikiteksten ]

Berg debuterte pa det norske landslaget 1. juli 1964 da Sveits vart slatt 3-2 i Bergen . Gjennom 1960-talet var han jamt ein malfarleg indreløpar, etterkvart fekk han ein sentral midtbaneposisjon. Han skara det andre malet da Noreg sensasjonelt vann 3-0 over Jugoslavia i ein VM-kvalifiseringskamp pa Ullevaal stadion 16. juni 1965. Pa 1970-talet fekk Berg færre sjansar pa landslaget, men opptredde i landslagsdrakta sa seint som i 1974. Han spelte i alt 43 landskampar og skara 12 mal.

Ymse [ endre | endre wikiteksten ]

Berg vart tildelt Nordland fylkes kulturpris i 1978.

Han er far til fotballspelarane Ørjan og Runar og Arild Berg.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]