Hans Hyldbakk

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Hans Hyldbakk

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. mai 1898
Surnadal kommune
Død

18. august 2001 (103 ar)

Yrke skribent , lyrikar
Hans Hyldbakk pa Commons

Hans Hyldbakk ( 8. mai   1898 18. august   2001 ) var ein norsk diktar og bygdebokforfattar fra Surnadal pa Nordmøre .

Mange av dikta hans, som oftast er skrivne pa nordmørsdialekt , vart vidkjende da Henning Sommerro sette musikk til dei og gjorde dei til hovuddelen av Musikkgruppa Varsøg sitt repertoar. Særleg kjende er dikta ≪ Varsøg ≫ og ≪ E slattatæja ≫.

Som lokalhistorikar og bygdebokforfattar skreiv han til saman om lag 11 000 sider, mellom anna i bygdebøker for seks ulike kommunar og i fleire jubileumsskrift fra heimtraktene sine. Hyldbakk utførte eit nybrottsarbeid da han skreiv historia om hjembygdas husmenn og husmannsplassar, som utkom i 1942. For dette arbeidet fekk Hyldbakk tilnamnet ≪smakarsfolkets historikar≫.

Han debuterte med diktsamlinga Harpespel i 1929, og det kom i alt ti diktsamlingar, seks prosabøker, elleve bygdebøker og sju jubileumsskrift fra Hyldbakk si hand.

Biografi [ endre | endre wikiteksten ]

Heidring [ endre | endre wikiteksten ]

Bysta utanfor kommunehuset i Surnadal.
Foto: Steinar Hasselø, Surnadal kommune

Hans Hyldbakk vart heidra med fleire prisar, mellom andre fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal i 1973 og Kongens fortenestemedalje i gull i 1994. [1] Utanfor kommunehuset pa Skei i Surnadal star det ein bronsebyste av han som vart laga av Tore Bjørn Skjølsvik i 1979.

Som pensjonist spara Hyldbakk opp ein sum pa nær ein million kroner som han gav vekk til Surnadal kommune saman med heimen sin pa Kleiva, som har vorte midtpunktet for Varsøghelga kvar pinse. [2] Kommunen deler arleg ut Kleivaprisen og tilskot fra Kleivafondet, der pengane skal ga til a ≪fremje kulturelle og lokalhistoriske føremal, unnateke stjerneidrett og fotball≫. [3]

Anna [ endre | endre wikiteksten ]

Hans Hyldbakk vart offer for ≪leksikografisk mord≫ av Norsk Allkunnebok , der det star skrive i det sjette bandet at han døydde i 1947. Utanom Norsk Allkunnebok levde han vidare i beste velgaande i over eit halvt hundrear.

Verk [ endre | endre wikiteksten ]

Diktsamlingar [ endre | endre wikiteksten ]

  • Harpespel , 1929
  • Pa vandringsveg , 1930
  • Pa heimveg , 1937
  • Heimbygdsvers , 1942
  • Etter-rakster , 1946
  • Aspa skjelv i Øyalia , 1974
  • Lauvfall i Litlsalen , 1976
  • Prologar og høvesdikt , 1977
  • Kveldsvers fra Kleiva , 1986
  • Varsøg (dikt i samling), 1990
  • Lauvfall , 1998

Prosa [ endre | endre wikiteksten ]

  • Kleivabrev fra krigstida , 1945
  • Ei haustferd pa Nordmøre 1934 , 1951
  • Streiftog i bygda , 1971
  • Brev fra barndommen , 1984
  • Agent nr. 184 , 1987
  • Brev fra Kleiva , 1989

Lokalhistorie [ endre | endre wikiteksten ]

  • Husmenn og husmannsplassar i Surnadal (2 bd., 1942. Ny utg., Heimar i Surnadal , 1966?68)
  • Gards- og ættesoge for Surnadal (2 bd., 1947?48. Ny utg., 3 bd., 1980?81)
  • Heimar og ætter i Stangvik (2 bd., Stangvik kommune, 1953?54. Ny utg. 1981?82)
  • Folk og heimar i Asskard (Asgard ungdomslag, 1955. Ny utg. 1987)
  • Bygdesoge for Surnadal (2 bd., Surnadal kommune, 1957?59)
  • Gards- og ættesoge for Tingvoll (3 bd., Tingvoll sogelag, 1961?65)
  • Gards- og ættesoge for Rindal (3 bd., Rindal kommune, 1964?67)
  • Gards- og ættesoge for Frei (2 bd., Frei kommune, 1971?72)
  • Gammalt fra Surnadal (Surnadal kommune, 1972)
  • Setrane i Surnadal (1975)

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Hans Hyldbakk blir gravlagd torsdag ≫ hja NRK Møre og Romsdal (20.08.2001).
  2. Hans Hyldbakk ≫ av Svein Sæter pa Allkunne.no .
  3. Norsk biografisk leksikon , bind 4.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]