H.C. Andersen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
H.C. Andersen

Statsborgarskap Kongeriket Danmark, Danmark-Noreg
Fødd 2. april 1805
Odense
Død

4. august 1875 (70 ar)
København , Rolighed

Yrke skribent , lyrikar , romanforfattar , barnebokforfattar , sjølvbiograf , skodespelforfattar , journalist , reisande , papirklipper
Sprak dansk
Sjanger eventyr , roman
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Hans Andersen
Mor Anne Marie Andersdatter
Signatur
H.C. Andersen pa Commons

Hans Christian Andersen (fødd  2. april   1805  i Odense , død  4. august   1875  i København ) var ein dansk diktar og forfattar som særleg er kjend for eventyra sine. Nest etter Bibelen er eventyra dei mest omsette tekstane i verda. [1]

Liv [ endre | endre wikiteksten ]

Barndomsheimen til Andersen i Odense .
H.C. Andersen mala av C.A. Jensen i 1836

Andersen blei fødd i Odense den 2. april 1805 til vaskekona Anne Marie Andersdatter og skomakarsvennen Hans Andersen . Faren døydde da sonen var elleve ar gammal. I 1819, som fjortenaring, drog H.C. Andersen til København for a prøva lykka ved Det Kongelige Teater . I tre ar prøvde han utan hell a vinna innpass ved teateret som songar , dansar og skodespelar .

Ungguten levde eit hardt og fattig liv, men fekk hjelp fra innflytelsesrike vennar til a ta utdanning . I 1822 tok H.C. Andersen fatt pa latinskolen , først i Slagelse og fra 1826 i Helsingør . Her opplevde han a bli mobba av bade elevar og lærarar. Mens han var elev skreiv Andersen diktet ≪Det døende Barn≫, i 1827. Aret etter tok han studenteksamen og i 1829 igjen Anden Eksamen . Den første eigentlege diktsamlinga hans kom ut i 1831. Same aret drog han for første gong til utlandet, til Tyskland , der han mellom anna møtte diktaren Chamisso .

Den amerikanske globetrottaren J. Ross Browne vitja pa eige initiativ H.C. Andersen i 1862 og skildrar møtet slik [2] :

≪ Foran meg sto en høy, skinnmager mann, litt over sin beste alder, men ennu ikke gammel, med et par spillende gra øyne i et smalt ansikt, kryende fullt av furer og rynker og muskler. Et lang ansikt med en sterkt fremspringende, stor og litt skjev nese flankert av et par veldige kinnben med store fordypninger under. Utallige furer og rynker strakte seg halvsirkelformig nedover rundt vikene pa en diger munn, en bred revne tvers over ansiktet, som man feilaktig kunne ha tatt for gapet pa et barneslukende troll, om det ikke hadde vært for de solstreif av hjertens godhet som la pa lur rundt lebene, og den milde menneskelighet som som glimtet frem fra alle krinker og kroker.≫

J. Ross Browne
Med hest og karjol. Gjennom Norge og Island for 100 ar siden (Cappelens forlag 1969).
J. Ross Browne vitja pa eige initiativ H.C. Andersen i 1862.

Dikting [ endre | endre wikiteksten ]

Eventyrfiguren Tommelise , teikna av Vilhelm Pedersen .

I 1835 gav Andersen ut sin første roman, Improvisatoren , og dei første to eventyrsamlingane sine. I ara som følgde skreiv han ei rekke skodespel og to romanar, O. T. og Kun en Spillemand . Ei reise i 1840-41) til mellom anna Italia , Malta , Hellas og Tyrkia førte til reiseskildringa En Digters Bazar i 1842. H.C. Andersen vitja den engelske forfatteren Charles Dickens under ei englandsreise det same aret, og i 1862-63 drog han til mellom anna Spania og Marokko , noko han skildra i I Spanien .

Det var med eventyra sine at H.C. Andersen blei mest kjend og lesen. Dei er omsette til over hundre sprak. Desse forteljingane kan vera vakre, sørgmodige og avslørande. Nokre av dei er inspirerte av danske folkeeventyr , andre av forfattaren sitt eige liv . Blant dei mest kjende er ≪Den lille Pige med Svovlstikkerne≫, ≪ Keiserens nye klær ≫, ≪ Prinsessen pa erten ≫, ≪ Den stygge andungen ≫ og ≪ Den lille havfrue ≫.

Kulturkanonen [ endre | endre wikiteksten ]

Den lille havfrue er teken opp i den danske kulturkanonen . [3] [4]

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Dag og Tid 21.januar 2013 s.31
  2. Browne, J. Ross (1969): Med hest og karjol. Gjennom Norge og Island for 100 ar siden. Cappelens forlag, Oslo (utgitt første gong 1867 i New York), s.87.
  3. Om Den lille havfrue hos Kulturkanonen
  4. Begrunnelse - Kulturkanonen , arkivert fra originalen 20. november 2011 , henta 25. mai 2012  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: H.C. Andersen