Ekstremveret Narve

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Figuren viser den synoptiske situasjonen den 20. januar 2006 da ekstremveret Narve var pa sitt sterkaste. Eit høgtrykk ligg over Kolahalvøya, medan eit lagtrykk ligg over Jan Mayen. Legg merke til dei tette isobarane over Midt- og Nord-Noreg, som gav den kraftige vinden. Kjelde: Meteorologisk Institutt

Ekstremveret Narve var eit uver som raka Midt- og Nord-Noreg fra 17. januar til 20. januar 2006 med vind opp mot full til sterk storm i kombinasjon med lage temperaturar . Ekstremveret varte berre til 20. januar, men det blaste storm heilt til 22. januar i Nord-Noreg.

Som oftast nar ein har ekstremver med kraftig vind er det eit uvanleg kraftig lagtrykk eller eit polart lagtrykk som er arsaka, og den sterkaste vinden varer gjerne berre nokre timar. Slik var det derimot ikkje med ≪Narve≫. Eit kraftig høgtrykk lag over Kolahalvøya og Sibir og førte iskald luft fra Russland og innover Nord-Noreg. I Russland var det stader som malte under −50 °C, medan Finnmark hadde temperatur mellom −10 °C og −25 °C. Samtidig kom det eit lagtrykk inn over Jan Mayen , som vart liggande her og ≪stange≫ mot høgtrykket i aust. Verken lagtrykket eller høgtrykket var uvanleg kraftig, men kombinasjonen av desse to førte til ein svært stor trykkgradient (trykkskilnad) over omrada som vart raka. I tillegg bles vinden stort sett fra søraust, ein vindretning som svært sjeldan gjev sa kraftig vind. Dette førte til at omrade som sjeldan vert raka av stormane ein kvart ar har pa kysten fekk svært kraftig vind. Spesielt i Nord-Noreg gjorde og kombinasjonen lage temperaturar og kraftig vind til at den effektive temperaturen vart svært lag. Ein temperatur pa -20 °C vil i full storm kjennast ut som -40 °C, og pa 5-10 minutt kan ein fa fryseskadar pa berr hud. Dei lage temperaturane førte til kraftig ising i fjordane i Finnmark. I tillegg til alt dette hadde ein ikkje kraftig vind i berre nokre timar, men i fleire dagar.

Omrade som vart raka [ endre | endre wikiteksten ]

Narve raka Namdalen , Nordland , Troms og kyst- og fjordstrøka i Vest-Finnmark . Kraftigast vind vart det fra Namdalen til Ofoten og i fjordstrøka av Finnmark.

I Nordland og Troms byrja det blase opp i søraust liten storm fleire stader 18. januar, bl.a. i Bodø . Dagen etter auka vinden til søraust full storm i Nordland, bl.a. i Saltdal og Fiplingvatn , medan vinden heldt seg pa liten storm i Troms. I tillegg hadde ein svært sterke vindkast, opp til 37 m/s i Sandnessjøen og 36 m/s i Brønnøysund . Sørkjosen i Troms hadde vindkast pa heile 38,5 m/s.

Finnmark fekk kraftig vind allereie 17. januar med søraust full storm pa Fruholmen fyr og i Batsfjord , og liten storm fleire stader i Vest-Finnmark. Pa Fruholmen vart vindmalaren øydelagd av den kraftige vinden, sa her har ein ikkje vindmalingar fra stormen etter 17. januar. Melkøya utanfor Hammerfest var ein av dei stadene som vart aller hardast raka. Her malte ein vind opp i sterk storm før vindmalaren vart øydelagd. Arbeidarane pa Snøhvit LNG vart evakuerte fra Melkøya 19. januar , og frakta med bat til Alta og Lakselv .

Arsaka til uveret [ endre | endre wikiteksten ]

Det var ikkje berre vindretninga (fralandsvind) som var det spesielle med dette ekstremveret, for det var ikkje slik at det blaste jamt og trutt heile tida. Den kraftigaste vinden kom og gjekk med rolegare periodar innimellom. Det var heller ikkje spesielt kraftig vind over Sverige , Finland og pa Finnmarksvidda . Den kraftigaste vinden var pa lesida av fjella, i fjordane og uti havet. Temperaturforholda i atmosfæren spela ei viktig rolle. Temperaturen auka med høgda og ein hadde stabile atmosfæriske forhold over Midt- og Nord-Noreg. Temperaturinversjonen strekte seg 3000 m opp i høgda, som er langt over dei høgaste fjella i Nord-Skandinavia. Nar den kalde og stabile lufta strøymde over fjella førte dette til lebølgjer eller fjellbølgjer pa lesida av fjella. Energien fra desse bølgjene vart reflektert tilbake fra høgda, og ein fekk ein kraftig vindauke pa lesida. Fleire stader vart denne straumen svært turbulent fordi bølgjene truleg braut i høgda, og dette skapte sterke vindkast i ein del dalar, fjordar og kyststrøk. Desse ≪vindkasta≫ kunne gjerne vare nokre timar før vinden roa seg ned igjen, for sa a auka pa igjen nokre timar seinare. Nar fjella er brattare pa lesida enn pa losida, slik som i Nord-Noreg, vert effekten av fjellbølgjene større.

I tillegg var det relativt mild luft i havomrada i vest, og den bra overgangen fra mild luft over havet i vest og iskald luft over land var med pa a auke den kraftige vinden.

Ekstremveret Narve og global oppvarming [ endre | endre wikiteksten ]

Det er ingen grunn til a tru at Narve hadde noko som helst med global oppvarming og auka sjans for ekstremver og gjere. Tvert imot var det den svært kalde lufta som var med pa a gjere situasjonen ekstrem.

Vindobservasjonar [ endre | endre wikiteksten ]

Lista under viser dei kraftigaste vindane som vart malt i perioden uveret varte. Temperaturane som er gjevne er den lagaste temperaturen som vart malt innanfor tolvtimarsperioden da den høgaste vindstyrken vart registrert. Sa minimumstemperature og vindmaksima oppstod ikkje nødvendigvis samstundes.

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Tidspunkt Min. temp. under
maks. vind (°C)
Sklinna fyr 30 36 17. januar 19-22 +1,2
Krakenes fyr 27 38 19. desember 06-07 +1,7
Buholmrasa fyr 27 36 17. & 20. januar +0,2
Nordøyan fyr 27 31 20. januar kl. 04-05 -4,5
Saltdal 27 -- 20. januar kl. 07 -16,1
Verdal 27 -- 20. januar kl. 07 -6,6
Namdalseid 27 -- 20. januar kl. 19 -7,0
Halten fyr 26 32 17. januar kl. 13-16 +2,6
Fruholmen fyr 25 31 17. januar kl. 13-16 --
Hekkingen fyr 25 29 19. januar kl. 23-00 --
Helligvær 24 32 18. januar kl. 01-04 -1,4
Myken 24 35 17., 19. & 20. januar +2,4
Vega 24 -- 20. januar kl. 07 -5,5
Bodø 23 32 17.-18. januar kl. 18-04 -2,2
Torsvag fyr 23 28 18. januar kl. 01-04 +0,9
Tingvoll 23 -- 20. januar kl. 13 -0,1
Sletnes fyr 22 29 19. desember kl. 07-10 -14,2
Ørland 22 28 17. & 20. januar +1,1
Banak 21 27 17. januar kl. 18-19 -13,6
Tromsø 21 26 18. januar kl. 01-04 -3,5
Andøya 21 26 18. januar kl. 01-04 +0,1
Røst 21 27 19. januar kl. 07-10 --
Makkaur fyr 21 25 19. januar kl. 13-16 -15,9
Solvær 19 27 17. januar +0,8
Vardø 19 23 18. januar 00-01 -11,0
Bardufoss 16 27 17. januar kl. 13-16 -4,2
Skibotn 14 27 17. januar kl. 13-16 -5,6

Temperatur [ endre | endre wikiteksten ]

Dei lagaste temperaturane som vart malt denne perioden (17.-20. januar). Temperaturperioden gjeld dei siste 12 timane før maletidspunktet. Den kalde lufta pa Finnmarksvidda var med pa forsterke vinden ut fjordane i fylket, men det vart ikkje malt særleg sterke vindar pa vidda.

Stasjon Temperatur
(°C)
Malt
Kirkenes -28,6 20. januar kl. 19
Karasjok -28,0 18. januar kl. 19
Kautokeino -27,7 20. januar kl. 19
Cuovddatmohkki -27,6 20. januar kl. 19
Tana -27,6 20. januar kl. 19
Sihcajavri -27,2 20. januar kl. 19
Suolovuopmilulit -25,8 20. januar kl. 19
Banak -22,7 20. januar kl. 19
Alta -19,5 20. januar kl. 19
Makkaur fyr -16,3 19. januar kl. 07

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]