Christian Brodtkorb Christie

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Christian Brodtkorb Christie

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. desember 1832
Bergen
Død

13. september 1906 (73 ar)
Trondheim

Yrke arkitekt
Christian Brodtkorb Christie pa Commons
Christies plan for restaurering av Nidarosdomen.

Eilert Christian Brodtkorb Christie (fødd  24. desember   1832  i Bergen , død  13. september   1906  i Trondheim ) var ein norsk arkitekt, utdanna i Hannover og Karlsruhe. Han stod mellom anna bak oppføringa av Stiftsarkivet i Trondheim (1860-ara), Borgund kyrkje (1865-1868) og Haraldsstøtta ved Haugesund (1872). Christie laga ogsa restaureringsplanar for fleire mellomalderbyggverk, mellom andre Hakonshallen , Domkyrkja og Mariakirken i Bergen.

Hovudverket hans skulle likevel verte restaureringa av Nidarosdomen , som han leidde i ara 1872 til 1906 . Christie stod som hovudansvarleg for restaureringa av koret, oktogonen, tverrskipa og dei nedre delane av vestskipet. I tillegg til a gjere innleiande studium av engelsk gotikk, sette Christie seg grundig inn i det tilgjengelege arkeologiske materialet, og meinte a kunne rekonstruere desse delane av kyrkja pa ganske sikkert grunnlag. Hovudmalet hans var a setje kyrkja attende til den opphavlege gotiske og romanske forma, og han syrgde difor for a systematisk fjerne alt av nyare tilføyingar, mellom anna barokkhjelmen over oktogonen. Det gjennomført omhyggjelege arbeidet hans har hausta mange lovord, sjølv om maten han gjekk fram pa verkar hardhend i var tid.

Attoppbygginga hans av dei delane av kyrkja som var gatt heilt tapt og ikkje kunne rekonstruerast fra sikre kjelder fall ikkje like godt ut. Gjenoppbygginga av hovudtarnet fekk kritikk heilt fra kort tid etter at tarnet stod ferdig i 1903. Særleg er tarnfoten for lag ut fra arkitektoniske omsyn og arkeologiske prov. Christie utarbeidde ogsa planar for gjenoppføringa av vestfronten, men dei vart ikkje fylgde.

Christie leia restaureringsarbeida i Nidarosdomen til han døydde i 1906. Ei minnetavle over Christie er reist i det søre tverrskipet i Nidarosdomen. Christies gate i Trondheim ligg nær Nidarosdomen og er oppkalla etter Chr. Christie.

Utmerkelsar [ endre | endre wikiteksten ]

Christie vart ridder av St. Olavs Orden i 1880, kommandør i 1895 og kommandør av 1. klasse i 1897. Han var ogsa ridder av Dannebrogordenen .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]