CSKA Moskva

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Lagoppstillingane i UEFA-cupfinalen i 2005, med CSKA i raudt

CSKA Moskva ( russisk : Профессиональный футбольный клуб ЦСКА Москва) er eit idrettslag i Moskva i Russland . Laget, som vart stifta i 1911 , har i alle ar vore knytt til det sovjetiske og russiske militærvesenet.

Fotballklubben CSKA har spelt i den sovjetiske og sidan i den russiske toppserien i fotball, sidan den fyrstnemnde kom i gang i 1923. Fra 1946 til 1991 vart klubben sju gongar seriemeistrar i Sovjetunionen . CSKA har sidan 2003 vunne fem russiske seriemeisterskap, det siste i 2014.

Høgdepunktet for fotballklubben CSKA Moskva er sigeren i UEFA-cupen i 2005, da det vart 3-1 over Sporting Lisboa . Finalen vart spelt pa heimebana til Sporting, Estadio Jose Alvalade, og Sporting tok leiinga. Utover i andre omgang skara CSKA tre gongar og snudde kampen. Det var fyrste gongen eit russisk lag vann ein av europacupane i fotball. Spelarar som Aleksej Berezutskij , Jurij Zjirkov , Ivica Oli? , Sergej Ignasjevitsj og Chidi Odiah hadde sentrale roller i meisterlaget.

Heimebana til fotballklubben er Torpedo Eduard Streltsov som tek 13 200 tilskodarar. CSKA spelar i raude trøyer og mørkebla bukser.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]