Barack Obama

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Barack Obama

President i USA
Periode 20. januar 2009 ? 20. januar 2017
Parti Det demokratiske partiet i USA
Fødd 4. august 1961 (62 ar) i Honolulu pa Hawaii
Fødestad Kapiolani Medical Center for Women and Children , Honolulu
Mor Ann Dunham
Far Barack Obama, Sr.
Ektefelle Michelle Obama
Barn Malia og Sasha Obama
Medlem American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society
109th United States Congress
110. kongressperiode i USA
Congressional Black Caucus
Føregangar George W. Bush
Etterfølgjar Donald Trump
Barack Obama

Barack Hussein Obama II ( fødd  4. august   1961  i Honolulu pa Hawaii i USA ) var den 44. presidenten i USA og vart innsett den 20. januar 2009. Han er den første afro-amerikanaren som har fatt embetet, og var tidlegare den femte i senatet i USA . [1] Barack Obama var presidentkandidat for det demokratiske partiet ved valet i 2008 i konkurranse med republikanaren John McCain .

Barack Obama vart 6. november 2012 attvald for ein andre periode som president i USA.

Politisk reknar ein Obama for a vere ein ≪moderat demokrat≫ som kan samarbeide med politikarar fra det republikanske partiet . Moderat i denne samanhengen star i motsetnad til liberal . I tida som senator markerte han ikkje nokon sterk profil, men var heile tida imot krigen i Irak , i motsetnad til mange andre mogelege presidentkandidatar.

Obama er gift med advokaten Michelle Obama, som han har to døtrer med.

Oppvekst [ endre | endre wikiteksten ]

Barack Obama er fødd i Honolulu pa Hawaii . Faren, Barack Hussein Obama sr., var kenyanar , mens mora Ann Dunham var fra Kansas . Dei to møttest ved University of Hawaii, der Obama sr. var utvekslingsstudent. Dei vart gift i 1960 og Obama vart fødd ikkje lenge etter. Da Obama var to ar, forlet faren familien og deltok nokre semester i eit doktorgradsprogram pa Harvard før han flytta tilbake til Kenya.

Da Obama var seks ar, gifta mora seg med ein indonesisk mann, Lolo Soetolo, som jobba i oljeindustrien, og familien flytta til Jakarta i Indonesia . Der gjekk han først to ar pa den katolske skulen Strada Asisia og deretter to ar pa ein offentleg skule som var open for alle trusretningar. I januar 2007 vart det misvisande hevda at han hadde gatt pa ein islamistisk madrasa som barn. Sidan Indonesia er eit muslimsk land, er det for det meste muslimske elevar pa skulane, medrekna i det minste den siste skulen Obama gjekk pa. [2]

Etter fire ar gjekk vart mora skild for andre gong, og Obama vart send til besteforeldra pa Hawaii medan mora heldt fram med studia i Indonesia. Bestefaren tente til livsopphaldet med a selje forsikringar, men Obama var flink pa skulen og fekk stipend pa ein dyr high school (vidaregaande) i Waikiki. I sjølvbiografien sin fortel Obama at det var ein periode med mykje festing, da han ogsa prøvde marihuana og kokain .

Far til Obama døydde i ei trafikkulykke i Kenya da sonen var 21 ar, og mora døydde av kreft i 1995, fa manader etter at han gav ut sjølvvbiografien Dreams from My Father .

Utdanning [ endre | endre wikiteksten ]

Etter vidaregaande skule ( high school ) fekk Obama nytt stipend og byrja a studere ved Occidental College , som er ein privat høgskule ( college ) i Los Angeles . Etter to ar heldt han fram ved Columbia i New York , der han fullførte lagaregradsstudia med fordjuping i statsvitskap . Han vart uteksaminert i 1983 og arbeidde sa eit ar i New York før han flytta til Chicago .

I Chicago arbeidde han tre ar for ein kyrkjeleg hjelpeorganisasjon som hjelpte arbeidslause i fattige nabolag. I 1988 forlet han Chicago for a studere jus pa Harvard-universitetet . Her vart han den første afro-amerikanske presidenten for Harvard Law Review og tok juridisk doktorgrad i 1991 med toppkarakterar.

Tilbake i Chicago deltok Obama i arbeidet med a fa veljarar til a registrere seg, før han vart tilsett i eit advokatfirma som arbeider med borgarrettar. Han underviste ogsa i jus pa University of Chicago , og gjer det stundom enno.

Politikar [ endre | endre wikiteksten ]

Obama vart innvald i Illinois delstatssenat i 1996. I 2000 stilte han opp i demokratane sitt primærval til Representanthuset , men tapte. Han bestemte seg for a satse pa Illinois, der han vart attvald som senator i 2008

I 2004 gjorde Obama eit nytt forsøk pa a kome inn i den føderale politikken, og ved senatsvalet i november vann han overlegent over den republikanske kandidaten med 70 % av stemmene. Obamas gjennombrot pa nasjonalt plan skjedde etter hovudtalen han heldt pa landsmøtet til demokratane i juli same aret. Han var den tredje afroamerikanaren som nokon gong hadde halde denne nøkkeltalen, og dei fleste rekna han som ein nykomar. Etter dette vart han svært ofte presentert og intervjua i massemedia. Han vart snart omtykt av mange. I februar 2006 vart folks tiltru til senatorane lodda i ei meiningsmaling; Obama fekk støtte av 71 % av dei spurde, og var dermed den nest best likte av dei 100 senatorane. [3]

Presidentvalskandidatur og valkamp [ endre | endre wikiteksten ]

Valkamp i Sør-Carolina i august 2007.

Den 16. januar 2007 tok Obama det første formelle steget mot presidentkandidaturet ved a opprette ein undersøkingskomite, og ved ein tale i Springfield i Illinois den 10. februar 2008 følgde den formelle lanseringa av kandidaturet. Talen vart halden pa trappa til den tidlegare capitol-bygningen i delstaten, der Abraham Lincoln heldt ein epokegjerande tale i 1858. Obama tok opp fleire tradar fra denne talen og beskreiv til presidentkandidat a vere uvanleg detaljert kva han ville gjere om han vart vald. Pa dei fleste omrade der dei to skil lag politisk, markerte han seg til venstre for Hillary Clinton , som vart hovudmotstandaren i nominasjonsprosessen.

Pa valdagen 4. november 2008 vart det klart at Obama vert den 44. presidenten i Sambandsstatane.

Til liks med familien Clinton har Obama vore involvert i ein mindre eigedomsskandale. [4]

Nobels Fredspris [ endre | endre wikiteksten ]

9. oktober 2009 offentleggjorde Nobelkomiteens leiar, Thorbjørn Jagland , at President Barack Obama hadde blitt tildelt Nobels Fredspris for 2009 [5]

Forfattar [ endre | endre wikiteksten ]

  • Dreams from My Father - (1995) sjølvbiografi
  • The Audacity of Hope - (2006) politisk grunnlag

Sjølvbiografien vart ein suksess, og Obama gjorde ein avtale verd 1,9 millionar dollar for a skrive tre bøker til. The Audacity of Hope kom ut 17. oktober 2006 og handlar om Obamas politiske grunnlag og overtyding. Den andre er ei barnebok han skal skrive saman med familien, medan innhaldet i den tredje enno ikkje er annonsert.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Fotnotar
  1. Breaking New Ground -- African American Senators . www.Senate.gov . Sist vitja 31. oktober 2008.
  2. For detaljar om dei første barneskuleara i i Indonesia, sja Obama (1995), s. 154, og Obama (2006), s. 274.
  3. Survey USA: APPROVAL RATINGS FOR ALL 100 U.S. SENATORS AS OF 02/21/06 Sist vitja 6. mai 2008.
  4. Barackwater . www.Slate.com . Sist vitja 5. november 2008.
  5. NRK Nyheitene 9. oktober 2009

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Barack Obama