Arne Jacobsen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Arne Jacobsen

Nasjonalitet Dansk
Statsborgarskap Kongeriket Danmark, Tyskland
Fødd 11. februar 1902
København
Død

24. mars 1971 (69 ar)
København

Utdanning Teknisk Skole (1920-24)
Kunstakademiet i København (1924-27)
Yrke arkitekt , designar , møbeldesigner
Kjende verk Som arkitekt :
Bellavista , Bellevue Teatret , Arhus radhus , Rødovre radhus, Glostrup radhus, Munkegardsskolen, Radisson Blu Royal Hotel, Toms Chokoladefabrik, Danmarks Nationalbank og St Catherine’s College i Oxford [1]

Som formgjevar :
≪Myren≫, ≪7’eren≫, ≪Ægget≫ og ≪Svanen≫ [1]

Periode Funksjonalismen
Medlem av Serbias vitenskaps- og kunstakademi
Ektefelle Jonna Jacobsen
Arne Jacobsen pa Commons

Arne Jacobsen (fødd  11. februar   1902  i København , død  24. mars   1971  i København) var ein dansk arkitekt og formgjevar som var med a innføre modernismen i Danmark . [2] Han sette eit avgjerande preg pa funksjonalismen og dansk arkitektur pa 1900-talet , og hatt innverknad pa dansk arkitekturtradisjon heilt inn i vare dagar.

Av dei arkitektoniske hovudverka kan nemnast Bellavista bustadomrade i Klampenborg ved København, Arhus radhus , Radisson Blu Royal Hotel i København og Danmarks Nationalbank . Han skapte og store verk som formgjevar, mellom anna stolen ≪Myren≫ (≪Mauren≫) og lenestolen ≪Ægget≫.

Bakgrunn og utdanning [ endre | endre wikiteksten ]

Bellavista funksjonalistiske bustadomrade i Klampenborg ved København vart bygd i 1931?1934 og inneheld 68 husvære. Bellavista blei premiert av Gentofte kommune i 1934.
Foto: Hans Andersen
Texacostasjonen fra 1937 pa Kystvejen i Skovshoved i Gentofte. Bygningen er kvit, støypt i jarnbetong og dekt av flise fra Meissen. Den maler 9 x 15 meter.
Foto: Christian Lylloff
Arhus radhus var eit samarbeid mellom Erik Møller og Arne Jacobsen og eit resultat av ein arkitektkonkurranse. Det blei opna 2. juli 1941. Radhuset er eit av dei fa danske radhusa som er freda pa grunn av si usedvanlege arkitektur.
Foto: Nils Jepsen
Radisson Blu Royal Hotel ligg i Hammerichsgade pa Vesterbro i København rett ved Tivoli og Københavns hovedbanegard .
Foto: seier+seier
Nationalbanken
Foto: Thue

Jacobsen var fødd i København som son av handelsmannen Johan Jacobsen og kona Pouline Salmonsen. [2] Han utdanna seg fyrst til murar ved Teknisk Skole i København, men las vidare til arkitekt pa Kunstakademiet der han var student i ara 1924-1927. Mellom lærarane var Kay Fisker , Ivar Bentsen og Kaj Gottlob . [2]

I 1925, medan han framleis var student, deltok Jacobsen pa Verdsutstillinga i Paris der han vann sølvmedalje for formgjevinga av ein stol. Pa same utstillinga deltok Le Corbusier med ein paviljong, og Jacobsen blei slatt av den banebrytande estetikken.

Innan han slutta pa akademiet var han og i Tyskland der han blei kjend med arkitekturen til Ludwig Mies van der Rohe og Walter Gropius .

Etter eksamen vart han tilsett ved kontoret til statsarkitekt Poul Holsøe i København.

I 1929 teikna han ≪Fremtidens Hus≫ i samarbeid med Flemming Lassen . Dette var eit hus til ≪Akademisk Arkitektforenings Bygge- og Boligudstilling≫ sin utstilling i Forum København og blei rive etter utstillinga. Huset fekk 1. premie.

I 1930 opna han sitt eige kontor i Hellerup i Gentofte kommune og her virka han fram til sin død, berre avbrote av nokre ar under andre verdskrig. [3] Fleire kjende danske arkitektar og formgjevarar starta karrieren sin pa Arne Jacobsens arkitektkontor, mellom anna Jørgen Møller , Hans J. Wegner , Peter Karpf og Jørgen Gammelgaard . Etter at Jacobsen døydde i 1971, vert arkitektkontoret ført vidare av Dissing+Weitling .

Virke som arkitekt [ endre | endre wikiteksten ]

Etter at han opna eige arkitektkontor teikna han fleire villaer til familiar i Gentofte. I 1930 fekk han sitt eigentlege gjennombrot med ≪Rothenborgs hus≫ i Klampenborg. Her planla han alt ned til minste detalj, noko som blei meir karakteristisk for mange av dei seinare verka hans. [4] Huset fekk offentleg omtale og Arne Jacobsen vert samanlikna med Le Corbusier. [4]

Det fyrste store prosjektet hans var bustadomrade Bellavista i København. Bellavista funksjonalistiske bustadomrade i Klampenborg ved København vert bygd i 1931?1934 og inneheld 68 husvære. Bellavista blei premiert av Gentofte kommune i 1934. [5] Jacobsen har nytta tomta maksimalt etter krav stilt fra kommunen.

Pa rundt same tid vann han ein konkurranse lyst ut av Gentofte kommune for rehabilitering og modernisering av Bellevue strand ut mot Øresund . Han teikna alle badefasilitetane i 1932, og hagearkitekt C.Th. Sørensen utarbeidde planen for sjølve omradet.

Bellevue Teatret er det tredje og siste verket i det som seinare gjerne vert kalla ≪Den hvide by≫ - ≪Den kvite byen≫; med Bellavista, Bellevue strandbad og teatret. Bellevue Teatret blei fullført i 1936 og opna same ar. Interiøret har dekorasjonar av mosaikk og tak ein kan skyve opp. Veggar, tak og proscenium (den delen av teaterscena som er lengst fram) er kledd i lerret og bambus. Pa sceneteppet er ei badejente teikna av Sikker Hansen . [6]

Klynga av kvite byggverk pa Bellevue inkluderer og Skovshoved bensinstasjon. Jacobsen nytta element ein kan kjenne att i konstruksjonen av stolen Myren som han formgav seinare; fasongen pa stolryggen finn ein att i halvtaket pa bensinstasjonen.

Neste prosjekt var Stellings Hus pa Gammeltorv i København. Dette er ein forretningsgard pa seks etasjar midt i eit strok av gamle eigedomar. Huset er kledd i grøne jarnplater og gra fliser. Da det vert reist vekte det ein storm av reaksjonar. [7]

I 1937 vann Jacobsen og Erik Møller ein arkitektkonkurranse om nytt radhus i Arhus. Det vart opna 2. juli 1941. Som eit av dei fa danske radhus blei Arhus radhus freda i mars 1994 pa grunn av sin særmerkte arkitektur. I det fyrste utkastet var radhuset utan tarn, men etter stort folkeleg press matte ein føye til eit.

Jacobsen sjølv var nok ikkje nøgd med a verte pressa til a plassere eit tarn pa radhuset og sa i eit intervju:

Vi foreslog som kompromis at lave tarnet som en campanile, som stod inde i radhushaven, tæt op ad radhuset selvfølgelig, men det ville man heller ikke have. Det skulle sta pa selve radhuset, og derfor star det pa den lidt fortvivlede made og jokker med sine ben lige ned igennem taget. Det kan jo ikke siges, at være den heldigste arkitektoniske løsning.

I januar 2006 blei Aarhus radhus tatt med under arkitektur i Danmarks kulturkanon . [8] [9]

Under andre verdskrig var det knapt med byggjemateriale, noko som førte med seg at det blei hardt a fa oppdrag. Pa grunn av den jødiske bakgrunnen sin matte han flykte fra Danmark i 1943 for a unnga deportasjon. Han reiste til Sverige der han budde dei neste to ara. I den tida han var i Sverige teikna han berre eit sommarhus og nokre tekstilar og tapet.

Da krigen slutta i 1945 drog Jacobsen tilbake til Danmark og tok opp att gjerninga si. Landet var i akutt behov for bade husvære og nye offentlege bygg.

I starten av 1950-talet teikna han fleire husvære, mellom anna Allehusesekomplekset og Søholmhusene. Han flytta sjølv inn i eit av husa i Søholm og budde her til sin død. Pa denne tida fekk han ogsa oppdrag som til dømes Rødovre radhus og Munkegaard skole.

Jacobsen fekk i oppdrag a teikne SAS-hotellet i København, verdas fyrste designerhotell. Han teikna alt; sjølve bygget og alt inventar. Desse store oppgavene førte til at han trekte til seg merksemd fra utlandet, og han fekk utføre mellom anna St. Catherine's College i Oxford som stod ferdig i 1964.

Jacobsen døydde bratt og uventa i 1971, og hadde da fleire uferdige prosjekt gaande, mellom anna Danmarks Nationalbank og den danske ambassaden i London. Desse prosjekta blei stilt ferdig av Dissing+Weitling, som bestod av nøkkelpersonane Hans Dissing og Otto Weitling fra Jacobsens arkitektkontor.

Formgjeving [ endre | endre wikiteksten ]

≪Svanen≫ til høgre og ≪Ægget≫ til venstre
Foto: Lars Plougmann

Jacobsen meinte at utforminga av ein bygning med tilhøyrande interiør burde bli bestemt av ein analyse av strukturane og kva dei skulle brukast til, og at utforminga av bygningen og innreiinga skulle komplettere kvarandre.

Pa 1930-talet inngjekk Jacobsen eit samarbeid med møbeltilverkaren Fritz Hansen . Teknikken var ikkje moden for ideane pa denne tida, men dei blei til verkelegheit tidleg pa 1950-talet da han begynte a formgje møblar til bygningane sine.

I 1952 formgav han ≪Myren≫, ein stol med tre bein. Denne er framleis i produksjon. Tre ar etter kom Model 3107, kalla ≪syv'ere≫ eller Serie 7. Dette er ein stol til a stable og med fire bein. Den er framleis i produksjon hja firma Fritz Hansen. ≪AJ-bestik≫ og stolane ≪Ægget≫ og ≪Svanen≫ kom i 1958.

Prisar og utmerkingar [ endre | endre wikiteksten ]

Jacobsen fekk ei rekkje utmerkingar for sitt virke:

  • 1936 Eckersbergmedaljen
  • 1955 C.F. Hansenmedaljen
  • 1956 professorat i arkitektur ved Kunstakademiet i København, og her underviste han i ara 1956-1965.
  • 1960 Le grand prix international d'architecture
  • 1961 Arkitekturprisen til l'Architecture d'Aujourd'hui
  • 1962 Prins Eugenmedaljen
  • 1962 æresmedlem av Akademisk Arkitekt Forening
  • 1963 den tyske Fritz Schumacherprisen
  • 1966 æresdoktor ved University of Oxford
  • 1968 æresdoktor ved University of Strath Clyde
  • 1970 den danske Træprisen [2]

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 Arne Jacobsen biografi Arkivert 2012-03-18 ved Wayback Machine . fra Arne Jacobsen.com
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Arne Jacobsen pa Kunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  3. Arne Jacobsen i Gentofte Arkivert 2011-11-15 ved Wayback Machine . - 24 udvalgte bygninger
  4. 4,0 4,1 Rothenborg - www.arnejacobsen.gentofte.dk , arkivert fra originalen 21. mars 2011 , henta 12. mai 2012  
  5. Bellavista - www.arnejacobsen.gentofte.dk , arkivert fra originalen 19. mars 2011 , henta 12. mai 2012  
  6. Bellevue Teatret - Den Store Danske
  7. Stellings Hus Arkivert 2012-05-02 ved Wayback Machine . fra Indenfor voldene
  8. Om Arhus radhus hos Kulturkanonen , arkivert fra originalen 25. mai 2012 , henta 12. mai 2012  
  9. Begrunnelse ? Kulturkanonen , arkivert fra originalen 28. november 2011 , henta 12. mai 2012