Are Frode

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Are Frode
Statsborgarskap Island
Fødd 1067
Island
Død

9. november 1148, 1148 (81 ar)

Yrke skribent , historikar , lyrikar , krønikeskrivar
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Þorgils Gellirsson

Are Torgilsson Frode ( 1067 9. november   1148 ) eller Are Frode var ein islandsk prest, forfattar og historikar. [1] Han vert rekna som den viktigaste forfattaren til Islendingabok og kanskje Landnamabok , dei to viktigaste kjeldene til busetjing og stridsoppgjer pa Island.

Liv og gjerning [ endre | endre wikiteksten ]

Are var fødd inn i ei stormannsætt pa Helgafell. Han var son til Torgils Gjellesson, farfaren var Gjelle Thorkelsson, hovding pa Helgafell. Farsslekta kom direkte fra Thorstein Raude, son til Aud den djuptenkte. Faren Torgils drukna i Breiðafjorður da Are var barn, medan bestefaren Gjelle døydde i Roskilde i 1073, pa heimveg fra ei reise til Roma. Da Are var sju ar gamal kom han i fostring hos skalden Hall Thorarinsson den spake ved Geysir, og budde hos Hall dei neste 14 ara. Hall var sa gammal at han matte ha vorte døypt av Thangbrand da han var tre ar gamal, same aret som kristendommen vart innført pa Island.

Ein annan som vart fostra opp ved Geysir, var Teitur Isleifsson. Han var nokre ar eldre enn Are, sannsynlegvis var han vaksen da Are kom til Geysir. Teitur etablerte ein skule ved Geysir, der lærte han unge menn opp til prestegjerning. Are var eleven hans, og fekk der ei klassisk presteutdanning, mellom anna studerte han latin.

Etter eksamen vart Are ordinert av biskop Gissur Isleifsson. Han gjorde sa presteteneste i Staður, dagens Staðarstaður, pa sørsida av halvøya Snæfellsnes , ei ca. 60 km sør for Helgafell. Lite er kjent om livet hans etter den tid. Are hadde ein son og ei dotter, og var truleg gift.

Det seiest at Are skreiv Islendingabok pa oppdrag fra biskopane Torlak Runolfsson (1118-33) og Ketil Torsteinsson pa Holar (1122-45). Ho vart skriven ein gong i perioden 1122-32. Boka vart omskriven etter at biskopane og Sæmund Frode hadde lese ho, truleg 1134-38. Den fyrste versjonen har gatt tapt, den andre er bevart og finst utstilt i Reykjavik . Are skal ogsa ha skrive eller medverka til den opphavlege Landnamabok.

Tilnamnet den vise fekk Are da han var vidkjend for sitt gode minne. I Heimskringla seier Snorre Sturlason at Are var kunnskapsrik, med eit godt minne.

Historisk rolle [ endre | endre wikiteksten ]

Are var den første som var seg bevisst det historiske ved den islandske kulturen. Gjennom bruken av morsmalet bidrog han sterkt til a utvikle ein etnisk identitet, og ein for si tid svært progressiv prosa pa det islandske spraket. Mykje av det ein i dag veit om den tidlege historia til Island er grunna pa den forskinga Are gjorde. Han spelar same rolla for islandsk historie som Herodotos gjer for gresk historie. Snorre Sturlason, Odd Snorrason og Gunnlaug Leifsson var forfattarar som arbeidde etter den historieforstainga Are hadde.

Verk [ endre | endre wikiteksten ]

Fleire bokverk kan sporast tilbake til Are Frode:

  • Islendingabok fra rundt 1120 er den eldste skriftlege kjelda pa forteljande prosa i heile Skandinavia;
  • den opphavlege versjonen av Landnamabok , der Are, saman med Kolskegg Asbjarnarson den Frode, skal ha vore medforfattar;
  • tre mindre tekstar: ei ættesoge om si eiga slekt, ei livsskildring av Snorre Gode , helten i Eyrbyggjasaga , og ei liste fra aret 1143 over edle prestar.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Are Frode≫ . Store norske leksikon (pa norsk bokmal). 30. januar 2020.  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]