한국   대만   중국   일본 
Zhang Wenxiu ? Wikipedia Hopp til innhald

Zhang Wenxiu

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Zhang Wenxiu


Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 22. mars 1986 (38 ar)
Dalian
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012 , Sommar-OL 2008 , Sommar-OL 2004 , Asialeikene 2006 , Asialekene 2014 , Asialekene 2010 , Friidrett under Sommar-OL 2016

Zhang Wenxiu ( fødd  22. mars   1986 ) er ein kinesisk sleggjekastar fra Dalian i Liaoning -provinsen. Ho har vore mellom dei beste sleggjekastarane i verda sidan 2004. Perioden 2007-17 vann Zhang ein sølvmedalje i bade VM og Sommar-OL, tre bronsemedalje i VM og ein OL-bronse. Ho sigra i øvinga i asialeikane tre gongar i rad og er to gongar asiameister.

Aktiv [ endre | endre wikiteksten ]

Berre 15 ar gammal vart Zhang nummer 11 i Edmonton -VM 2001. Etter ein sjuandeplass ved Sommar-OL 2004 har ho alltid vore mellom dei fem beste i sleggjetevlinga under friidretts-VM og sommar-OL. Saleis vann ho bronsen ved VM 2007, Sommar-OL 2008, VM 2011 og VM 2013. Zhang vart asiameister i 2005 og 2009, og ho gjekk til topps i sleggjekasting under asialeikane tre gongar i rad; 2006, 2010 og 2014. Under 2014-leikane i Incheon den 28. september fekk ho opp sitt livs lengste kast pa 77,33 meter. Da VM i friidrett 2015 fann stad pa kinesisk grunn sikra Zhang seg sølvmedaljen, ein ny sølvmedalje tok ho under dei olympiske sommarleikane i Rio de Janeiro aret etter. I begge tevlingane var ho ikkje i nærleiken av a tukte verdseinaren Anita Włodarczyk fra Polen .

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]