William Shakespeare
|
Chandos-portrettet
, opphav og autentisitet ukjend
|
Statsborgarskap
|
Kongeriket England
|
Fødd
|
april 1564
Stratford-upon-Avon
,
Stratford-on-Avon
|
Død
|
23. april 1616 (52 ar)
Stratford-upon-Avon
|
Yrke
|
skodespelforfattar
,
lyrikar
,
teaterskodespelar
,
skribent
,
skodespelar
,
dramaturg
|
Sprak
|
tidlig moderne engelsk
,
britisk-engelsk
|
Sjanger
|
skodespel
,
dikt
|
Far
|
John Shakespeare
|
Mor
|
Mary Shakespeare
|
Ektefelle
|
Anne Hathaway
|
Born
|
Susanna Hall
,
Hamnet Shakespeare
,
Judith Quiney
|
|
William Shakespeare pa Commons
|
William Shakespeare
(
23. april
1564
–
23. april
1616
)
[1]
var ein
engelsk
diktar
og
skodespelforfattar
, og har det største ryet av alle
engelskspraklege
forfattarar.
Shakespeare er ikkje berre stor nar det gjeld poetisk og dramatisk form, evna hans til a fange og formidle dei djupaste sidene av den menneskelege naturen blir av mange sedd som einestaande. Som ein ovstor figur i verdslitteraturen har han framleis innverknad i alle verdsdelar. Han er omsett til alle viktige mal, og skodespela hans blir spela heile tida, verda rundt. Han er mellom dei fa som har skrive bade tragediar og komediar godt.
Shakespeare skreiv verka sine mellom 1588 og 1616. Han fekk gjort svært mykje nar ein tenkjer pa at han berre vart 52 ar gammal. Innverknaden hans i den engelskspraklege verda visest mellom anna i den vide bruken av sitat fra skodespela hans og i talet pa andsverk basert pa Shakespeare-uttrykk.
≪Det er med underlege kjenslur eg no til slutt freistar gje' eit rit av
William Shakespeare
, av livet hans, av mannen sjølv. I manad etter manad hev eg levt i diktverdi hans, og eg tykte han meg so kjend. Og no veit eg mest ingenting a fortelje um han. Soga hev so lite a melde um han, og det som er, er jamnast lite ansande, og altfor ofte lite sætande og.≫
Henrik Rytter
≪William Shakespeare og verki hans≫ i fyrste bandet av Rytter si omsetjing av Shakespear-skodespel;
William Shakespeare: Skodespel
fra 1932, s. 11
|
|
Shakespeare vart fødd i
Stratford-upon-Avon
i april 1564 som son av handelsmannen John Shakespeare og Mary Arden. Som son av ein framstaande byborgar med offentlege verv, fekk William Shakespeare truleg ga pa Stratford Grammar School, som kan ha gjeve god utdanning i
latinsk
grammatikk
og
litteratur
. Ein er ikkje sikker pa dette, for kvaliteten pa desse skulane var ujamn pa den tida.
Shakespeare gifta seg med Anne Hathaway, som var atte ar eldre enn han, i 1582. Anne skal ha vore gravid da. Dei fekk tre barn, Susanna, Hamnet og Judith. Hamnet døydde berre elleve ar gammal.
Lite er kjent om Shakespeare før han sa dukkar opp i det litterære miljøet i
London
. Han vart etter kvart skodespelar, forfattar og til slutt del-eigar av eit
teaterkompani
kalla
Lord Chamberlain's Men
etter sponsoren. Etter James 1. vart konge i 1603, vart kompaniet adoptert av han som
King's Men
. Kompaniet heldt til i
Globe Theatre
i London.
Ymse dokument viser at Shakespeare vart rik nok medan han oppheldt seg i London til at han kunne kjøpe bade ein eigedom i London og det neststørste huset i Stratford.
I 1609 vart
sonettane
hans gjevne ut. Kjærleiksdikta var adresserte til to personar, dei første og fleste til ein lys mannleg ungdom av høg byrd, resten til ei mørk dame av lagare byrd.
Shakespeare trekte seg tilbake i 1611. Han døydde i 1616. Han var gift med Anne Hathaway til han døydde, og er gravlagd i Holy Trinity Church i Stratford-upon-Avon.
William Shakespeare er kjent bade for dei 37
skodespela
og for dei 154
sonettane
sine. I si eiga tid var han kanskje aller best kjent for sonettane, sjølv om det er skodespela som i ettertida har gjort han verdskjent.
Dei dramatiske verka til Shakespeare kan delast inn i fire periodar. Fra 1589 til om lag 1594 skreiv han
historiske skodespel
med stoff fra
engelsk historie
. I denne perioden skreiv Shakespeare bade komiske og tragiske stykke som var prega av den meistarlege stilen og komposisjonen hans.
Richard III
og
Henry VI
er døme pa skodespel fra denne perioden. I tida fra 1594 til om lag 1599 fortsette han a skriva historiske stykke, som til dømes
Richard II
og
Henry IV
. Dei fleste av dei komiske skodespela, som
Ein midtsommarnattsdraum
,
Kjøpmannen i Venezia
og
Som du vil
, stammar ogsa fra denne perioden. Her viser han meir mogne og følsomme sider.
I den tredje perioden, fra 1599 til om lag 1608, skreiv han sine store tragiske stykke, som
Hamlet
,
Othello
,
Kong Lear
og
Macbeth
. Han skreiv ogsa nokre mørke og bitre komediar som
Nar enden er god, er allting godt
i denne perioden. I den siste perioden, fra 1608 til 1613, skreiv Shakespeare eventyrspela sine, slik som
Stormen
. Bade det siste skodespelet hans,
Henry VIII
og
The Two Noble Kinsmen
, meiner ein no er heilt eller delvis skrive saman med
John Fletcher
i 1613.
[2]
[3]
I alle skodespela kan ein finna Shakespeares forskjellige livssyn og moralske verdiar som ærlegdom, truskap, mot, tillit og miskunn. Shakespeare brukt mange eldre kjelder som
Saxo Grammaticus
'
Gesta Danorum
, engelske og italienske noveller samt andre skodespel i sine skodespel.
Ryet til Shakespeare har berre vakse sidan han levde. Ikkje før fra førstninga pa
1700-talet
har Shakepeare hatt ei klar leiing som skodespelforfattar pa den engelske scena, men i litteraturkritikken har han hatt førsteplassen heilt fra starten. I førstninga pa
1800-talet
auka
romantiske
kritikarar som
Samuel Taylor Coleridge
ryet til Shakespeare enda meir, mesta til den reine dyrkinga av han som profet og geni. Men andre har hevda at Shakespeare ikkje kunne ha skrive alt som er gjeve ut i hans namn.
Skodespela til Shakespeare kom først ut pa prent som ein serie av ≪folios≫ og ≪quartos≫, og dei blir framleis mykje studerte og framførte. Det utgjer ein etablert del av den vestlege litterære ≪kanon≫.
Skodespela er tradisjonelt inndelte i tragediar, komediar og historier, men somme meiner i dag at nokre av dei heller burde nemnast ≪problemstykke≫ fordi dei - kanskje med vilje - bryt med dei konvensjonelle kategoriane. I tillegg blir dei seinare komediane vanlegvis og kalla ≪romansar≫. I lista nedanfor tyder ei stjerne ≪romanse≫, to stjerner ≪problemstykke≫.
- The Tempest
*
- The Two Gentlemen of Verona
- The Merry Wives of Windsor
- Measure for Measure
**
- The Comedy of Errors
- Much Ado About Nothing
- Love's Labour's Lost
- A Midsummer Night's Dream
- The Merchant of Venice
**
- As You Like It
- Taming of the Shrew
- All's Well That Ends Well
- Twelfth Night or What You Will
- The Winter's Tale
*
- Pericles, Prince of Tyre
* (ikkje inkludert i den første ≪folio≫)
- The Two Noble Kinsmen
* (likeins)
- King John
- Richard II
- Henry IV, part 1
- Henry IV, part 2
- Henry V
- Henry VI, part 1
- Henry VI, part 2 v
- Henry VI, part 3
- Richard III
- Henry VIII
- Troilus and Cressida
**
- Coriolanus
- Titus Andronicus
- Romeo and Juliet
- Timon of Athens
- Julius Caesar
- Macbeth
- Hamlet
- King Lear
- Othello
- Antony and Cleopatra
- Cymbeline
* (normalt klassifisert som komedie i dag)
Shakespeare er først og fremst kjend for ei rekke
kjærleiks
sonettar
. Han
skreiv og nokre lengre dikt:
Venus and Adonis
,
The Rape of Lucrece
,
The Passionate Pilgrim
,
The Phoenix and the Turtle
og
A Lover's Complaint
.
- ↑
Shakespeare blei
døypt
den 26. april. Ettersom ein vanlegvis døypte ungar kort tid etter fødselen, er han tradisjonelt blitt gjeven fødselsdagen 23. april, som og var dagen han døydde pa. I
den gregorianske kalenderen
var datoen han døydde pa den
3. mai
.
- ↑
Spedding, James. "Who Wrote
Henry VIII
?"
Gentleman's Magazine,
178 / new series 34, August 1850, pp. 115-23.
- ↑
Erdman, David V., and Ephraim G. Fogel, eds.
Evidence for Authorship: Essays on Problems of Attribution.
Ithaca, N.Y., Cornell University Press, 1966; p. 457. For ei oppsummering av forsking inntil datida sja: ss. 457-78.