Kart over elveløpet.
Weser
er ei stor elv nordvest i
Tyskland
. Ho har sitt utspring i
Hann. Munden
der elvane
Fulda
og
Werra
renn saman, og renn gjennom den historiske
hansabyen
Bremen
og 50 km seinare munnar ho ut i
Nordsjøen
ved hamnebyen
Bremerhaven
. Pa motsett side (i vest) ligg byen
Nordenham
ved utgangspunktet til halvøya
Butjadingen
, som plasserer elvemunningen i
Niedersachsen
. Elva har ei total lengd pa 452 km, og i lag med kjeldeelva
Werra
, som har utspring i
Thuringen
, er lengda 744 km.
Sprakleg sett har namnet pa elvane Weser og Werra same opphav, og skilnaden kjem av den gamle spraklege grensa mellom
høgtysk
og
nedertysk
, som lag i omradet rundt Hannoversch Munden.
Weser er den einaste elva som munnar direkte ut i havet og som berre renn innanfor Tyskland.
Dei øvre delane av elva renn gjennom eit aslendt landskap kalla
Weserbergland
. Det strekkjer seg fra omradet der Fulda og Werra renn saman til
Porta Westfalica
, der ho renn gjennom eit gjel mellom dei to fjellkjedene
Wiehengebirge
i vest og
Weserbergland
i aust.
Mellom
Minden
og Nordsjøen er elva stort sett kanalisert og skip opp til 1 200 tonn kan segle her. Det er bygd atte demningar for
vasskraftproduksjon
langs elva. Lenger nede er ho forbunde til
Dortmund-Ems-kanalen
via Kustenkanal og ein annan kanal knyter ho til
Elbe
ved
Bremerhaven
. Eit stort reservoar pa elva
Eder
, den største sideelva til Fulda, vert nytta til a regulere vassnivaet i Weser, slik at ho er djup nok for skipstrafikk aret rundt. Demninga, som vart bygd i 1914, vart bomba og øydelagd av britiske fly i februar 1943, noko som førte til tap av liv og store øydeleggingar lenger nede i elva. Demninga vart bygd opp att etter fire manadar. I dag er reservoaret
Edersee
ein feriestad om sommaren og ein stor produksjon av vasskraft.
Fyret Alte Weser
Weser munnar ut i Nordsjøen i den sørlegaste delen av
Tyskebukta
. Her delar ho seg i to greiner. Desse sjøarmane vert kalla
Alte Weser
(Gamle Weser) og
Neue Weser
(Nye Weser). Dei er store vassvegar for skip som skal til hamnene i
Bremerhaven
,
Nordenham
og
Bremen
. Det nordlegaste punktet til Weser er markert med fyret Alte Weser. Dette fyret erstatta det historiske og kjende fyret
Roter Sand
i 1964.
Byar som ligg langs elva, fra kjelda til munning, er:
Hannoversch Munden
,
Beverungen
,
Hoxter
,
Holzminden
,
Bodenwerder
,
Hameln
,
Hessisch Oldendorf
,
Rinteln
,
Vlotho
,
Bad Oeynhausen
,
Porta Westfalica
,
Minden
,
Petershagen
,
Nienburg
,
Achim
,
Bremen
,
Brake
,
Nordenham
og
Bremerhaven
.
Den største sideelva til Weser er
Aller
, som ho mottar i Bremen.
Sideelvar til Weser og Werra (fra kjelda til munning):
Namnet
Weser
finn ein igjen i andre elvar som
Wear
i
England
og
Vistula
i
Polen
, som alle har opphav i den gamle
frisiske
rota
w?se
eller
norrønt
veisa
, som tyder ≪slam, gjørme, stillestaande dam≫.