한국   대만   중국   일본 
Vendsyssel-Thy ? Wikipedia Hopp til innhald

Vendsyssel-Thy

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Vendsyssel-Thy
Lokalt namn Nørrejyske Ø
Geografi
Stad Nordlege delen av Jylland.
Koordinatar 57°17′N 10°02′E

Areal 4 686 km²

Administrasjon
Land Danmark
Region Region Nordjylland

Demografi
Folketal 306 373 (2003)
Folketettleik 65 /km²

Vendsyssel-Thy eller Nørrejyske Ø er den nest største øya i Danmark , og er den delen av Jylland som ligg nord for Limfjorden . Ho bestar av Vendsyssel , Hanherrederne og Thy . Omradet var delt mellom Nordjyllands Amt (Vendsyssel, det meste av Hanherrederne), Viborg Amt (vestlegaste del av Vester Hanherred, Thy) og Ringkjøbing Amt ( Thyholm ), men fra 2007 vart ho ein del av Region Nordjylland .

Ho har eit areal pa 4 686 km². Og i 2003 budde det 306 373 innbyggjarar her. Pa øya ligg mellom anna Hanstholm , Hirtshals og Frederikshavn , som danskebatane fra Noreg gar til. Nørresundby er den nordlege delen av Aalborg , som stort sett ligg sør for Limfjorden.

Etter a ha vore landfast med resten av Jylland sidan om lag 1100 vart omradet ei øy igjen den 3. februar 1825 , da ei stormflo braudt gjennom Agger Tange og skapte Aggerkanal . Sand la seg derimot i Aggerkanal, og han vart heilt lukka igjen i 1877 , men før den tid hadde Thyborøn Kanal vorte danna lenger sør i samband med ei stormflo i 1862.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]