한국   대만   중국   일본 
Pave Urban II ? Wikipedia Hopp til innhald

Pave Urban II

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
(Omdirigert fra Urban II )
Den salige Urban II

Urban II
Dapsnamn Otho de Lagery
Fødd ca. 1035
Chatillon-sur-Marne
Død 29. juli 1099
Roma
Vald 12. mars 1088
Innsett 1088
Saligkara : 1881
Heilagkara : Ikkje heilagkara
Festdag: 29. juli
Føregangar: Viktor III
Etterfylgjar: Paschalis II

Urban II (fødd ca. 1035 , død 29. juli 1099 ) var pave fra mars 1088 til 1099. Han heitte opphavleg Odo av Lagery (og stava Otho eller Otto), og var fra ein adelsfamilie fra Chatillon-sur-Marne i Frankrike .

Tidleg liv [ endre | endre wikiteksten ]

Han vart utdanna innan den katolske kyrkja , og virka ei tid som erkediakon i Reims . Ein av lærarane han var St Bruno , som paverka han til a ga i kloster i Cluny i 1068. Der vart han med tida vald til prior . I 1078 vart han kalla til Roma av pave Gregor VII , som i 1080 utnemnde han til kardinalbiskop av Ostia .

Som kardinal var han ein av dei mest aktive støttespelarane for den gregorianske reforma. Mellom anna var han paveleg legat til Det tysk-romerske riket i 1084-85. Den var pa den tida vanleg at ein pave nominerte kandidatar til neste paveval, og han var av dei fa Gregor VII nemnte. I 1086 vart i staden Desiderius, som var abbed i Monte Cassino , vald til pave og tok namnet Viktor III .

Pontifikatet [ endre | endre wikiteksten ]

Viktor III sin pontifikat vart kortvarig. Han døydde i Monte Cassino 16. september 1087. Først den 12. mars 1088 vart Odo vald under ei samling av kardinalar i Terracina . Han tok opp att Gregor VII sine reformer, og brukte sine diplomatiske evner til a vinne gehør for dei.

Sidan 1084 hadde motpave Klemens III sete i Roma , og dette vart ein utfordring for Urban II. Klemens hadde allereie vore arsak til at det tok eit halvt ar a velje ny pave. Urban hadde sjølv leia synoden som bannlyste motpaven, som var alliert med den tysk-romerske keisaren Henrik IV . Gjennom a halde ei rekkje synoder , eit av dei i Roma, klarte Urban a fa støtte fra mange biskopar for reformarbeidet sitt, og kunne derfor halde fram striden mot keisaren og motpaven.

Urban kom til Roma i 1088, men matte da busette seg pa Tiberøya . Først aret etter klarte han a fa kontroll over byen. Da keisaren 1090-92 invaderte Italia , matte han forlate byen igjen, og levde ei tid i Sør-Italia. Henrik IV si krigslykke snudde, og i 1093 kunne Urban vende tilbake til Roma, denne gong for godt. Han fekk kontroll over Lateranpalasset i 1094, ved hjelp av muting. I 1098 fekk han og kontroll over Castel Sant'Angelo , og kontrollerte dermed ei viktig innfartsare til byen.

Sicilia [ endre | endre wikiteksten ]

Urban II hadde lenge hatt eit godt forhold til normannarane i Sør-Italia og pa Sicilia . Særleg fekk han viktig støtte fra greve Roger I Guiscard av Sicilia . Urban gav gode gjenytingar; Guiscard-familien fekk maktposisjon sin pa Sicilia stadfesta, og det sicilianske monarki varte heilt til pave Pius IX trekte det tilbake i 1867. I avtalen inngjekk det at Sicilia og Sør-Italia skulle vere pavelege len, slik at Roger Guiscard og etterkommarane hans styrte pa paven sin vegne.

Spania [ endre | endre wikiteksten ]

I Spania oppmuntra Urban til framleis gjenerobring fra maurarane, den sakalla Reconquista . Som del av dette tok han Aragon-Navarra og Katalonia som pavelege len og reorganiserte landet kyrkjeleg. I 1088 gjenoppretta han erkebispesetet i Toledo , og gjorde erkebiskopen der til primas for heile Spania.

Det første krosstoget [ endre | endre wikiteksten ]

I mars 1095 mottok Urban utsendingar fra den austromerske keisaren, Alexius I Comnenus , som bad om hjelp mot muslimane . Paven, som no var anerkjent som den verkelege paven av dei fleste i vest, samla konsilet i Clermont for a diskutere spørsmalet. Synoden vart halde i november 1095 med 13 erkebiskopar , 225 biskopar og 90 abbedar til stades. Der heldt paven det som av mange historikarar har vorte kalla den mest effektive talen i Europa sinhistorie. Han oppfordra franskmennene til a reise fra det han kalla ≪det overfylte heimlandet≫ deira for a ta ≪Kanaan, Det heilage landet , som flaut av mjølk og honning≫.

Krosstoget ville og gje vesten auka paverknad i eit omrade som lag under ortodokse patriarken av Konstantinopel . Urban ønska a gjere dette pa ein mate som kunne fremme ei forsoning etter aust-vest skismaet fra 1054. Mellom anna løyste han patriark Alexios av Konstantinopel fra bannlysing .

Responsen pa Urban sin tale var overveldande, og det første krosstoget var eit faktum. Krossfararane reiste i 1096, og nesten fire ar seinare, i juli 1099 erobra dei Jerusalem . Urban fekk ikkje sjølv oppleve dette; han døydde to veker etter erobringa av byen, men nyhenda hadde ikkje nadd Italia enno.

Filip I av Frankrike [ endre | endre wikiteksten ]

Kong Filip I av Frankrike (1060-1108) utløyste i 1092 ei krise. Han skilde seg da fra kona Bertha og gifta seg med Berthrade. Den nye kona hans var og tidlegare gift, med greven av Anjou . Kongen var alt i konflikt med paven, fordi han hadde seld kyrkjelege embete; simoni var ein praksis som Urban sterkt fordømde. Paven bannlyste Filip. I 1104 matte Filip og Berthrade møte berrbeint for ei forsamling av biskopar i Paris , og love a halde seg borte fra kvarandre; Urban sin etterfølgjar Paschalis II oppheva bannlysinga.

Urban sin død, og etterspel [ endre | endre wikiteksten ]

Urban II døydde den 29. juli 1099 i Roma .

Motpave Klemens III døydde i januar 1100, men sidan 1095 hadde paverknaden hans vore sterkt avgrensa. Keisar Henrik IV hadde lidd nederlag, og keisaren sitt krav om a vere overhovud for kyrkja hadde stilna. Paschalis II tok derfor over under langt lettare forhold enn Urban hadde gjort.

Urban vart tidleg rekna som helgen, men vart ikkje formelt heilagkara . Først i 1881 vart han saligkara av pave Leo XIII . Minnedagen hans er dødsdagen, 29. juli.